Etter 15 år i kjellaren under det gamle posthuset i Meierigata, med ein anonym og bortgøymt fasade, tok Einar Krogedal med Jæren Kristne Bokhandel og flytta ned i Storgata.

Han fekk hand om Uelandseigedommen, kalla opp etter den gamle smeden Teodor Ueland, i februar 1991. Eit anna namn på eigedommen var Smiegården, som Krogedal døypte det nye næringsbygget.

I første omgang reiv han berre den vesle smia. Det første byggetrinnet var på éin etasje og hadde form som ein L, ettersom trehuset med urmakarforretning i fekk stå i ytterlegare fem år.

I 1996 fekk Smiegården sin nåverande utsjånad, med næring i kjellaren og bustader i det meste av andre og tredje etasje. Krogedal fekk laga ein skulptur av ein smed, som den dag i dag kikkar ned på handlegata.

Einar Krogdal kjøpte Uelandseigedommen av arvingane til Teodor Ueland. Smeden skal ha gått god for handelen før han døydde i 1990, 93 år gammal.
Einar Krogdal kjøpte Uelandseigedommen av arvingane til Teodor Ueland. Smeden skal ha gått god for handelen før han døydde i 1990, 93 år gammal. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

På topp i 2003

– Gatebildet var ein del annleis enn i dag. Det var der handelen og butikkane var. Det var ikkje noko M44 då, seier Krogedal.

Han hugsar at handelen i Storgata var på stigande kurs då han flytta ned bokhandelen i 1991. Sjølv var han godt hjelpt av å ha læreboksalet til mange av barne- og ungdomsskulane i Hå, Time og Klepp.

I tillegg til bokhandelen på Bryne, dreiv han bokhandel på Nærbø.

– Me var på toppen like til dess eg slutta i 2003. Eg selde til kjeda Bok & Media i 1999, og dreiv vidare i fire år for dei, før eg gav meg.

Frå 1976 heldt Einar Krogedal til under gamle posten, i eit lokale eigt av Aksel Solvik-Olsen. – Eg dreiv der i 15 år, utan å ha ein leigekontrakt, minnest Krogedal.
Frå 1976 heldt Einar Krogedal til under gamle posten, i eit lokale eigt av Aksel Solvik-Olsen. – Eg dreiv der i 15 år, utan å ha ein leigekontrakt, minnest Krogedal. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Fornying for 25 år sidan

– Eg vil sjå det som ein absolutt fordel å koma ned til Storgata. Dessutan trur at eg ei opprusting av Storgata, som nå er på trappene, vil medføra at stadig fleire kjem til Bryne sentrum. Me vil få eit miljø i handlegata.

Det sa Krogedal til Jærbladet i 1991 – som var førre gongen Storgata vart «ny».

Gardeigarane var med og tok rekninga for å utvida fortauet på begge sider, som vart hellelagt og avgrensa mot bilvegen med to rader av smågatestein.

25 år etter sist fornying er det skjedd langt større ting i gata. Kommunen er halvvegs med å oppgradera henne, med nytt granittdekke og ny belysning – siste halvdel skal takast dei neste to åra.

– Korleis trur du det blir framover?

– Det er veldig vanskeleg for meg å seia. Dei som har butikkane, har nok meir oversyn enn meg. Men eg synest jo at gata er blitt fin, og trur på sikt at ho blir eit aktivum i gatebildet.

Bokhandlaren satsa på nytt forretningslokale sist gong Storgata vart «ny». Denne gongen synest han det er blitt endå betre.
Bokhandlaren satsa på nytt forretningslokale sist gong Storgata vart «ny». Denne gongen synest han det er blitt endå betre. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Spent seljar

Næringslokala i Smiegården ligg ute for seks millionar kroner. Einar Krogedal seier han er spent på interessa.

Næringsdrivande har også andre alternativ å velja i. På andre sida av gata ligg Aarresmiå ute for sal, og det same gjer dei største næringsseksjonane i det nye leilegheitskomplekset Jær:bu.

Litt lengre opp i gata er eit stort lokale i Torjå tilgjengeleg. Her er det langsiktige kontraktar med Sparebanken Norge og frisørsalongen Maze.

Kjøparen av Krogedal AS «arvar» leigeavtalen med Bibelbutikken, men det minste av dei to næringslokala blir ledig frå november.

Då erstattar Bryne Solskjerming butikken i Storgata med eit visingsrom i Vardheia, som berre blir ope etter avtale. I samband med ei omlegging av drifta skal dei prioritera heimebesøk og synfaring hjå kundar.

Etter rivinga og bygginga av trinn to, i 1996, fekk Smiegården endå eit næringslokale i første etasje, pluss to nye etasjar.
Etter rivinga og bygginga av trinn to, i 1996, fekk Smiegården endå eit næringslokale i første etasje, pluss to nye etasjar. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Blir i minst to år

Den kristne bokhandelen på Bryne er del av eit selskap som òg driv butikk i Sandnes, Egersund, Haugesund og Tønsberg, og på nett.

Samla omsetting i selskapet var rundt 15 millionar kroner i 2025.

Butikksjef Elisabeth Hauge har ikkje eigne tal for Bryne, men seier det går tolig godt.

– Me har våre faste kundar som kjem uansett om dei må klatra over gjerde for å koma inn. Me har hatt ein lang periode med byggeaktivitet, men folk har kome for det.

Ho må høyra med huseigaren for å svara på spørsmål om kva som skal skje med bokhandelen når bygget skal seljast.

Han fortel at den nåverande leigekontrakten gjeld i to år til, med ein opsjon på å forlenga i fem år. Den moglegheita beheld dei sjølv om Krogedal AS får ny eigar, men det skal forhandlast om ny pris.

– De har førsteprioritet til å leiga vidare, men det skal forhandlast ny pris. Ein ny eigar kan velja å setta prisen veldig opp, seier Einar Krogedal.
– De har førsteprioritet til å leiga vidare, men det skal forhandlast ny pris. Ein ny eigar kan velja å setta prisen veldig opp, seier Einar Krogedal. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim