– Det er gildt å utfordre seg litt og berre sjå om det går, seier kleppsbuen Einar Hovda.
Kajakkturen han har gitt seg ut på saman med kompisen Jørgen Bø er ikkje for pyser.
Fredag ettermiddag nærmar dei seg Farsund.
Sidan tysdag har duoen padla eit tresifra antal kilometer frå startpunkt Fogn – totalt utan erfaring med framkomstmiddelet dei sit i.
– Me kjøpte kajakken ei veke før me begynte turen, og tok då ein testtur på tre kilometer, seier Bø.
Skal klargjere leilegheit søndag
Men kva er motivasjonen bak eit slikt stunt?
Det må kompisane tenke seg litt om for å svare på.
– Me ville gjere noko nytt og spenstig. Det er kjedeleg å gjere det alle andre gjer, seier Bø, som kjem frå Fogn.
– Me stod på brygga ein dag og tenkte på om det var mogeleg, seier Hovda.
Målet er å nå Høvåg utanfor Kristiansand, heimstaden til Bø sin trulova, før søndag.
Måndag skal begge tilbake på jobb på Jæren, og Hovda skal klargjere ein leilegheit til overlevering søndag.
– Tidsfristen er det største problemet. Det er derfor dagane er så travle, seier han.
– Galskap
Med ein uredd Pippi-mentalitet er dei av oppfatninga at ein aldri får til noko om ein ikkje prøvar – sjølv om Hovda vedkjenner at det er lange dagar i kajakken.
Torsdag padla dei 65 kilometer, og fredag er planen å kome seg 68 kilometer lengre. Dei anslår 10 timar effektiv padling desse dagane.
Kompisane synest turen har gått bra til no, men trekk fram den «spennande» første dagen med mykje vind.
– Då padla me mellom Bru og Tungenes fyr. Det var nesten galskap. Det var heilt kvitt på sjøen, seier Hovda.
– Det blei rimeleg høge bølger, men det var ganske kjekt, legg Bø til.
Sjølv om motivasjonen dala etter første ekspedisjonsdag, då kajakken var komen berre 20 kilometer frå startpunktet og dei måtte gi seg etter fem timar, har dei omsider fått trua på at dei skal rekke målet i tide.
– Det er kjedeleg å gjere det alle andre gjer, seier Jørgen Bø.Foto: Privat
Motiverte av folk som ikkje har trua
Overnatting går føre seg i telt ved rasteplassar langs kysten, blant dei Obrestad hamn.
Noko proviant har dei med seg i kajakken, men fleire kjensfolk på ruta har kome med påfyll. Undervegs har kompisane delt oppdateringar frå turen på Snapchat.
– Me er veldig takksame for alle som har stått langs kysten og kome med brus og mat, og vennar og familie som har heia på oss, seier Bø.
Ifølgje Hovda er det mange som har sagt at dei ikkje trur kompisane når lengre enn Obrestad.
– Me kan takke alle som har vore negative, for det har gitt oss motivasjon, ler Bø.
Han vil likevel også legge til:
– Det er ikkje å anbefale om ein ikkje har padla før.