Torvald Hadland har seks barn i alle aldre. Her med sonen Mateus på 19 månader.
Torvald Hadland har seks barn i alle aldre. Her med sonen Mateus på 19 månader. Foto: Brit Romsbotn

Saman med si svenske kone Linda og tre barn under skulealder, bur Torvald Hadland i eit sjølvteikna, kvitt jærhus. Utsynet er vidt, og frå stoveglaset ser han både høghuset og havet.

Odelsguten på garden Hadland i Time, var lenge klar på at han verken skulle bli bonde eller lærar. No er han begge deler. - Eg har eit arbeid der eg får bruka både kroppen og hovudet, og eg trykkjer det er godt, fortel jubilanten.

Lærar med økologiske sauer

Mannen som fylte 50 år måndag 27. februar, er einaste økologiske bonde i Time. Heime på Hadland har han høner og 120 vinterfora sauer. Den ferske 50-åringen er også den einaste gardbrukaren i Time som er tilkyta «Inn på tunet», eit prosjekt handlar om å bruka garden på nye og meir utradisjonelle måtar.

For Torvald inneber det at han har klasserom i kjellaren. Elevar frå Time, Hå, Klepp og Gjesdal, som har vanskar som inneber at dei ikkje kan ta del i ordinær undervisning, kjem heim på garden saman med andre lærarar.

Dagane startar med at dei et frukost i lag på Bryne. Deretter reiser dei heim til Hadland. Hønene og sauene som er på garden, er ein viktig del av skuledagane.

- For det meste er me ute, og det går mykje i praktisk arbeid. Det handlar om å finna fram til det gode i elevane, og eg brenn verkeleg for arbeidet mitt, fortel Hadland.

Fekk heimlengsel

Han er ikkje i tvil om at punktum no er sett; - garden på Hadland er parkeringsplassen som han vil bruka resten av tida på å vidareutvikla.

Det kvite jærhuset teikna han medan han budde i Bergen, byen som blei heimstaden hans etter at han flytta frå Time som 20-åring. Etter vidaregåande skule, militærteneste og ein periode som lærar ved Orre skule, reiste Torvald til Stord for å gå på lærarskulen i 1988. Han var inspirert av mormora, som utdanna seg til lærar frå 1918 til 1922.

Då lærarskulen var ferdig, gifta han seg med ei kvinne frå Bergen som han hadde møtt under studiane. Dei busette seg i heimbyen hennar. Torvald og den tidlegare ektefellen har tre barn i lag, som er frå 19 til 24 år gamle.

Til sommaren ventar han sitt første barnebarn.

Tankane om å flytta tilbake til Jæren blei stadig sterkare etter at han blei skilt i 2002.

– Eg merka at det gjekk mykje raskare å reisa frå Bergen til Hadland, enn motsett. Heimlengselen blei stadig sterkare, og eg sat i Bergen og teikna jærhuset der me no bur, fortel Torvald

- Barna er den største gåva

For ti år sidan flytta han tilbake til Jæren. I 2011 møtte han Linda, som han er gift med.

- Ho fann meg på nettet, og me skreiv mykje til kvarandre før me møttest. Me opplevde at me kjende kvarandre, sjølv om me aldri hadde sett kvarandre. Første treffet var i Oslo. Det var som om heile verda stansa. Me møttest i eit kyss som varte resten av helga.

Deretter gjekk det fort. Etter to månadar var Linda gravid, og i juni 2012 flytta Linda til Jæren. Sommaren 2013 gifta dei seg i Varhaug gamle kyrkje.

Den beste femtiårsgåva fekk han på førehand. Det var då han og alle dei seks barna gjekk saman til fotograf.

- Barna er den største gåva eg har fått. Men med så mange som bur på ulike stader, er det ikkje ofte me er samla. Difor var det utruleg gildt å få ei slik gåve, seier 50-åringen.