«Ørri, er du heime?»

Det var Stian som ringte ein sundag føremiddag. «Eg kjem innom om tjue minutt. Eg har fått ein av mine verkeleg sprø idear.»

Han la på og eg må ha ledd litt. Sonen min myste på meg over ei mangabok.

«Hugsar du Stian?» spurde eg. «Han som gjekk over New Zealand?»

Sonen min nikka. Han hugsa kva eg hadde fortalt han, at Stian for nokre år sidan skulle gå New Zealand på langs. Om sommaren, sjølvsagt, det er kjekkare det. Det var berre det at Stian gløymte å undersøka om årstidene var dei same der nede som her oppe. Det blei ein lang vinter downunder, og då han kom heim nærma det seg vinter i Noreg òg.

Etter presis tjue minutt kom han, sveitt og glad. Stian dreiv med karate og trente to gonger til dagen. Sundagens første økt hadde vore ein løpetur i Njåskogen. Han sa det så snart han kom inn i stova:

«Eg skal gå Noreg på langs.»

Sonen min kikka opp over boka.

«Noreg?» spurde eg.

Stian nikka.

«På langs?»

Han nikka.

«Kvifor ikkje på tvers?» ropte eg og klappa i hendene. «Det er jo mykje kortare!»

Eg lo altfor høgt. Den same, opplagte standardvitsen skulle han få høyra av nesten alle han snakka med dei neste vekene. Eg var i det minste først ute.

«Eg skal samla inn pengar til kreftsaka», stamma Stian. «Då må eg gå laaangt.»

«Men…»

«… Eg har sagt opp jobben.»

«Har du planlagt dette?»

«Njaaaa.» Han harka litt. «Det var difor eg kom til deg.»

Det viste seg at han hadde fått ideen på torsdag og sagt opp jobben fredag. I dag var det sundag.

«Laurdag då? Kva gjorde du på laurdag?»

«Då angra eg,» kviskra han. «Men berre litt.»

Slik presenterte Stian Haugland sjølv avreisa si på Facebook-sida «Stian går mot kreft og einsemd»
Slik presenterte Stian Haugland sjølv avreisa si på Facebook-sida «Stian går mot kreft og einsemd» Foto: Foto: Privat

Stian hadde alltid vore typen til å finna på prosjekt og aktivitetar, gjerne harde, strabasiøse, kalde aktivitetar. Han likte å hiva seg utfor klipper, gjerne i så kaldt havvatn som mogleg. Meir enn éin gong hadde eg funne meg sjølv ståande bak han og lura på korleis eg hamna der. Eg likte jo ikkje høgdar.

Eg hata jo kaldt vatn. Vanlegvis blei eg ståande og hutra utan å hoppa, medan eg lo av Stian og dei andre som plaga seg sjølve. Men det var jo alltid løye der han var. Eg høyrte splæsjet då han braut vannflata, hylet då han kom opp igjen, latteren då han måtte ha hjelp med å koma i land.

Han var tøff, men han tøffa seg aldri. Ingen var så open om sine eigne tabbar som han. Grunnen til at det finst så mange gode Stian-historier er at han fortalte dei sjølv, med seg sjølv som antihelten. Fekk han nokon til å le, var det verdt det. Han var macho når det gjaldt hobbyar og utsjånad, men ikkje av personlegdom. Han var snill med alle, og det var som om det limt ei snakkeboble med latter over han.

Stian style var kanskje meir dristig enn stilfull, men alltid imponerande. Anten han var einaste guten på ungdomsskulen med permanent, ville ala opp ein hårete tarantell, bada i det kaldaste vatnet, bli Jærens sterkaste mann, gå eitt eller fleire land på langs eller grunnlegga ein karateklubb, så gjekk han all inn.

Stian Haugland sin tur fekk merksemd i heile landet.
Stian Haugland sin tur fekk merksemd i heile landet. Foto: Foto: Carolyn Selliken (Telemarksavisa)

Eg kunne jo ikkje hjelpa han med å planlegga sjølve turen. Eg visste ikkje noko om å gå langt. Det var Stian som såg på Monsen og 71 grader nord. Eg såg på Brødrene Dal, og dei reiste jo mest i tid. Eg hadde også lese «Haikerens guide til galaksen», men Stian skulle ikkje så langt. Derimot kunne eg hjelpa han med å skriva litt. Stian ville nå ut til folk gjennom pressen og sosiale media, og der kunne eg hjelpa.

Motivasjonen for turen blei snart klarare for meg. Noko visste eg frå før, noko var nytt. Stian hadde mista mor si i kreft, det visste eg jo. Etterpå hadde bror hans også hatt kreft, men blitt frisk igjen. Stian tok ein gentest og fekk beskjed om at han var disponert for sjukdommen. Og nå hadde endå eit familiemedlem fortalt at hen kanskje hadde kreft. I same augneblinken som Stian høyrde det bestemte han seg for å gå Noreg på langs.

Han var jo ein eventyrar, og ideen hadde han hatt lenge. Men nå hadde han ein grunn til det. For korleis kunne han hjelpa andre? Jau, han kunne samla inn pengar til kreftsaka. På den måten kunne han hjelpa familien og seg sjølv. Og alle andre som er eller har vore ramma av kreft, anten ved sjølv å bli sjuke eller at dei er i familie med nokon som er det. Og det er jo nesten alle. Kreft rammar oss alle på ein eller annan måte i løpet av livet. Stian hadde fått kjenna meir på det enn gjennomsnittet, men han var likevel ein av mange.

Han hadde andre perspektiv òg: einsemd. Kvar gong ein tragedie inntrefte, kjende han seg åleine.

Han var oftare åleine òg, sa han, det var ikkje berre ein følelse. Han trekte seg unna andre menneske og unngjekk å snakka om det som gjorde vondt. Vennane heldt avstand. Stian hadde mange gode vennar, at nettopp han kunne føla seg einsam var ein tanke eg aldri hadde tenkt. Men det var slik han hadde følt det, ikkje berre i forhold til sjukdom og død, men også under skilsmissa han hadde gått gjennom. Det hadde han ikkje klart å snakka om. Tankane og kjenslene heldt han for seg sjølv, men børa blei berre større og tyngre. Folk trudde han trong tid for seg sjølv, medan det han verkeleg hadde behov for var å vera i lag med andre og snakka om det som gjorde vondt.

Foto: Ole Martin Sjetne
Foto: Ole Martin Sjetne Foto: Foto: Ole Martin Sjetne

Dette var eit opplagt manneproblem, meinte han. Eg tenkte at han hadde rett. Eg hadde jo kjent på liknande ting sjølv. Då eg skilde meg snakka eg nesten ikkje med nokon om det. Endå tydelegare var det då mor mi døydde. Tilbake sat me der, far og tre søner, og me snakka om alle andre ting. Mest fotball, kanskje.

Etter kvart undra eg om dei andre unngjekk temaet med vilje. Eg visste ikkje, me snakka jo ikkje om det; men det var openbert at eg ikkje klarte å ta det opp på ein måte som leidde til ein fornuftig samtale der me fekk til å seia noko viktig, eller som kunne vera til trøyst eller minne på ein god og verdig måte.

Dette gjorde at eg forstod kva Stian meinte. Eg høyrde på språket og den stakkato talestraumen at han ikkje hadde snakka mykje om dette før. Setningane glei ikkje. Han hadde ingen ferdige formuleringar. Han måtte retta på seg sjølv.

Einsemd blei turens andre perspektiv. Det første var å samla inn pengar for å bekjempa sjukdommen; det andre å motverka einsemda sjuke, friskmelde og pårørande kunne gå og kjenna på. Han ville legga ruta ut på sosiale medier og få med seg alle som ville gå og som trong nokon å snakka med. Alle som ville, skulle få gå i lag med han, og det så langt dei ville. Det kunne bli hundre meter eller hundre etappar. Kunne nokon tilby han overnatting, skulle han hjelpa dei med noko til gjengjeld. Stian er ein praktikar, han kunne lett fiksa eit vindauge eller ei dør, mala ein vegg og bera ved. Og dei kunne snakka saman om kreft eller andre problem i livet.

Han snakka med andre vennar, og me laga ein slags komité. Mange der skulle koma til å bidra meir enn meg; men det var ikkje så mykje tid til å planlegga heller, Stian hadde jo allereie sagt opp jobben og oppseiingstida var tre månader. Han måtte planlegga ruta. Han måtte få tak i nødvendig og godt utstyr, som vogn, klede, sko og telt. Han måtte prøva å finna overnatting. Og han måtte få ordet ut, slik at han kunne få folk med seg på å gå. Og så måtte han trena. Stian var sprek, men strabasen som låg føre han, var likevel noko nytt for kroppen hans. Han måtte trena på å gå lange turar, han måtte læra å gå med ei vogn på slep eller dytta den framfor seg. Han måtte læra å bruka kameratelefonen skikkeleg og posta bilde og tekstar på sosiale media.

Det siste var tøft av ein som hadde lese- og skrivevanskar. «Eg har berre lese éi bok», brukte han å seia. «Ei barnebok om Manchester United, og den las eg på do. Det tok om lag ein månad.» Han såg alltid på meg når han sa det, likte å erta meg litt. Han syntest det var merkeleg at ein nesten normal kompis var blitt noko så kjedeleg som ein forfattar.

Dagen kom fort. Det einaste Stian trengte å gjera nå var å gå. Steg for steg, kilometer for kilometer, kommune etter kommune, bakkar, motvind, snø, slaps, tungtrafikk i vegkanten. Mil etter mil, etappe etter etappe. Eit isbad her, eit hopp i snøen der. Det gjorde vondt. Det blei gnagsår. Betennelsar. Legevakt- og sjukehusbesøk. Stian tok bilde av skadane sine og posta på Facebook så alle kunne sjå.

Men han let seg ikkje sinka. Det blei 380 mil til slutt, og han klarte det.

Undervegs fekk han nye vennar i heile Noreg, og for mange var besøket ei stor oppleving. Stian gleda folk overalt med takksemd og humor. Journalistane stod klar når kom inn i området til ei ny lokalavis.

Han heldt foredrag for kreftforeininga. Og folk gav. Stian samla inn hundretusenvis av kroner.

Då han nådde Nordkapp blei han tatt varmt imot, og då han kom heim til Bryne feira me han som ein konge.

Med flagg, applaus og jubel hylla publikum Stian Haugland, som her var heime etter å ha gått Noreg på langs til fots.
Med flagg, applaus og jubel hylla publikum Stian Haugland, som her var heime etter å ha gått Noreg på langs til fots. Foto: Foto: Ragnhild Sofie Selstø

Tilbake stod ein Facebook-feed med daglege postar frå eit stort og viktig eventyr. Me snakka om å skriva bok saman, og det første avsnittet i denne teksten skulle vera første kapittelet. Av ulike grunnar kom ikkje dette prosjektet stort lenger. Og eit år seinare punkterte det fullstendig. Då sende Stian meg ein tekstmelding: «Då var eg innlagt på sjukehuset med kreft. Bomba.» Han avslutta med smilefjes, og sendte sikkert den same meldinga til mange. Han hadde bestemt seg: Han skulle ikkje vera einsam. Og med dette begynte del to av vandringa hans. Kampen mot kreft var nå så handfast som ho kunne bli, men einsemd ville han ikkje ha noko av. Han fann fram Facebook igjen. Nå kringkasta han til alle som hadde følgt han frå Lindesnes til Nordkapp, skilnaden var at nå skulle han reisa til og frå ulike sjukehus, mellom sjukehussenger, operasjonssalar og apotek.

Aldri før hadde eg sett alvorleg sjukdom formidla på denne måten. Der låg han, i blodige skjorter og med slangar over alt; han tok sjølviar på operasjonssalen med overraska sjukepleiarar og alvorlege kirurgar. Sjølv smilte han og heldt tommelen opp. Filma han, hendte det at han ropte i smerte, men lo av seg sjølv samstundes.

Det kunne vera ubehageleg å sjå på. Men det gjorde noko overraskande med meg: Eg blei mindre redd for å bli sjuk. Eg såg ein som tok det med energi og humor.

Stian klarte å halda humøret oppe frå sjukesenga.
Stian klarte å halda humøret oppe frå sjukesenga. Foto: Foto: Privat

Og gjekk det litt tid mellom Facebook-postane sendte eg ei melding og spurde kor han var. Då var han på ein fjelltopp, eller på vandring i Danmark, eller på karatetrening, eller besøkte nokon av dei han var blitt kjent med på vandringa til Nordkapp, og som trong ein venn hos seg. Hadde han fri nokre dagar, blei han ikkje sittande og synast synd på seg sjølv. Han var ute og opplevde livet eller hjelpte andre som også hadde problem.

Sjølv i sin eigen sjukdom såg Stian andre. Han levde ut draumane sine og fekk mange store opplevingar. Dette er essensielt for eit godt liv, men ikkje det viktigaste me skal læra av han. Me skal læra å kombinera sjølvrealiseringa med å gjera noko godt for andre. Det er ikkje alltid nok å følgja sine eigne innfall og sprøe draumar, men kan du i tillegg nytta dei til å gjera noko for andre, då er du sporet av noko viktig.

Stian gjekk opp dette sporet. Pengar og eigedom betydde ikkje noko for han. Han ønska seg opplevingar, og dei ville han dela.

Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim
Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Spora etter han står ennå støtt på Facebook. Der kan alle gå inn og lesa – om turen, om sjukdommen, om Stian. Tre år av ein imponerande manns liv, dessverre dei siste. Men for eit prosjekt og for ein bodskap. Lat stå!

Og når me som var Stian sine vennar blir gamle og sit på kjøpesenteret og mimrar, då er det han me snakkar om.