– Det er skikkeleg gildt, seier Reidar Skretting i arrangementskomiteen.
– Bedriftene i Hå var ikkje vanskelege å be, og me har allereie fått tilbakemeldingar frå bedrifter som har sagt at her skulle dei ha vore.
Ifølge Skretting har målet vore å visa fram breidda i det arbeidslivet i Hå har å tilby.
– Det har me fått til. Så her har me verkeleg noko godt å byggja på til åra som kjem.
Slaktarbutikkeigaren frå Varhaug er eit stort smil når me snakkar med han i Varhaug Idrettspark litt før lunsj onsdag, den første dagen av Hå Level UP.
Om berre nokre minutt skal butikken metta rundt 1000 magar så godt som samstundes – i ei nøye planlagt utdeling av den jærske spesialiteten farsa i brød.
Etter lunsjen skal dei rundt 1000 elevane frå ungdomsskular og vidaregåande skular i regionen få høyra eit foredrag av Risa-sjefen Bjørn Risa.
Onsdag ettermiddag og tidleg kveld er messa open for alle interesserte. Og torsdag er utstillarane klare til å ta imot ytterlegare 500 skuleelevar, før Hå Level Up blir avslutta med bankett og mingling for næringslivet på kvelden.
– Imponerande å sjå
Dei fire næringsforeiningane i Hå (Søre Hå, Vigrestad, Varhaug og Nærbø) har gått saman med Hå kommune og Varhaug IL om det store løftet, som altså er blitt godt motteke.
– Det er verkeleg imponerande å vera her og sjå kor mange spennande arbeidsplassar som finst i Hå, og kor varierte dei er, seier Hå-ordførar Andreas Bjorland.
– Eg håpar verkeleg at elevane finn mykje god inspirasjon. Eg trur også det er kjekt for dei å få tilbod om eit slikt opplegg som dette, og koma seg ut frå skulen litt. Så dette er noko me absolutt må få til fleire gonger.
Hå kommune er for øvrig godt synleg sjølv på messa, som den store arbeidsgjevaren dei er.
Utføre har Hå brannvesen rigga seg til med aktivitetar som dei besøkjande skal hugsa, og inne i hallen er ulike faggrupper i kommunen representerte.
Ein av dei som er kommunen sitt ansikt utad, er Ida Amalie Skårland (snart 18), som er helsefagarbeidarlærling i Hå.
– Eg er veldig nøgd med valet mitt, og det er gildt å kunna fortelja om yrket til andre, slår ho fast.
Det er flest jenter som er interesserte, men også ein del gutar har vore innom hennar del av standen, der elevane blant anna kan få målt blodtrykket sitt.
– Viktig å rekruttera nye
To av dei mest synlege standane er å finna på parkeringsplassen rett utføre hallen.
Hå brannvesen har rigga seg til slik at dei besøkjande kan få prøva seg på brannsløkking – og på ein light-versjon av den fysiske prøven som brannfolka må bestå for å få lov til å jobba som røykdykkarar.
Med ein 20 kilo tung vest på overkroppen må dei løfta tunge kettlebells, løfta ein tung ball over hovudet og gå opp og ned frå ein kasse.
For show driv brannførebyggjarne Peder Vold og Caroline Friestad og står på hendene oppe på kettelbellsane. Begge jobbar som det som tidlegare blei kalla for feiar, og er i tillegg brannkonstablar i Hå.
– Sjåføryrket er meir enn folk trur
Like ved har Herredsvela Transport frå Varhaug teke oppstilling med to store tankbilar og ein lastebil med kran.
Her får ungdommane prøva seg på litt presisjonskøyring med kran.
– Me hadde litt folk på ferie nett no, så då tenkte me å gjera oss synlege med å ta med fleire bilar. Og så er det kjekt å ha litt aktivitet, me kjem lettare i gang med litt drøs når dei får prøva å køyra med kranen, fortel Trond Helge Qvalbein, som saman med svogeren driv transportselskapet som svigerfar grunnla – og som no har 35 tilsette.
– Det er stor mangel på tungbilsjåførar, så det er viktig for bransjen å rekruttera nye. Her på Jæren er me litt heldigare, med mange som er interesserte i tunge maskinar og som har erfaring frå gardsarbeid, men også me må jobba aktivt for å trekka til oss unge folk, seier Qvalbein.
– Ein viktig bodskap frå oss i dag, er at sjåføryrket kan vera mykje meir enn å sitja bak eit ratt dag ut og dag inn. Dei som køyrer kranbil hos oss, for eksempel, jobbar tett saman med monteringslag, og brukar til dømes ofte mykje av arbeidsdagen sin på å heisa på plass materialar på byggjeplassar, legg han til.
– Kjempegøy
Rett innføre døra treff me på Bryne vgs.-elevane Anastasia Kurylchenko og Elene Okriashvili, som tek imot nye besøkjande, deler ut gjestekort og informerer om bedriftsbingoen – der elevane skal finna ulike standar og få stempel, og dermed vera med i trekninga av fine premiar.
Dei to er elevar på VG2 sal og reiseliv, og jobbar som vertar på storarrangementet som del av opplæringa si.
– Eg likar det. Her er masse folk, og me får god erfaring, slår Anastasia fast.
– Ja, det er kjempegøy å få vera med på dette, støttar Elene.