Boksemat er tingen i eit beredskapslager. Varehussjef Ole Sirevåg og kollegane i Obs Bryne må stadig fylla på i hyllene for  hermetisk lapskaus, erter, kjøtt og flesk, sodd og spaghetti à la Capri. Salet gjekk opp 241 prosent frå 2023 til utgangen av 2025.
Boksemat er tingen i eit beredskapslager. Varehussjef Ole Sirevåg og kollegane i Obs Bryne må stadig fylla på i hyllene for hermetisk lapskaus, erter, kjøtt og flesk, sodd og spaghetti à la Capri. Salet gjekk opp 241 prosent frå 2023 til utgangen av 2025. Foto: Ingeborg Eliassen

«For dei som ikkje alt har ordna seg, er 2026 året».

Dette var meldinga som fekk Ole Sirevåg, far til fire, til å tre i kraft på heimebane og ikkje berre som sjef i eit varehus med 100 tilsette, 350 millionar i årleg omsetning og over 1.000 kundar dagleg.

– Det var statsforvaltar Bent Høie som sa det i ein tale. Og éin ting er jobben vår med å ta vare på Bryne- og timebuen. Men me treng ikkje springa rundt som hovudlause høns som privatpersonar for det, seier Sirevåg.

Ved Obs Bryne har salet av stormkjøkken auka med 235 prosent siden 2023, ifølge faghandelsjef Silje Sviland Norland. Stormkjøkken kostar 500-800 kroner, og gassboksar 50-100 kroner.
Ved Obs Bryne har salet av stormkjøkken auka med 235 prosent siden 2023, ifølge faghandelsjef Silje Sviland Norland. Stormkjøkken kostar 500-800 kroner, og gassboksar 50-100 kroner. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

«Litt av alt»

I romjula fylte han dermed opp «eit par boksar» med beredskapsmat og -utstyr heime.

– Ein kjem langt med eit par-tre tusen kroner, seier varehussjefen på Bryne.

Beredskapsboksane fylte han med «litt av alt»: Hermetikk, knekkebrød, havregryn, sukker og mjøl. Han lagrar vatn og ved.

– Eg går ikke rundt og fryktar krig. Men det er naivt å tru at me ikkje kan komma til å oppleva nokre dagar utan vatn eller straum i løpet av dei neste 10 åra, meiner Sirevåg.

Eksplosiv auke i salet

I varestatistikkane sine kan Obs Bryne sjå at stadig fleire tenker sånn:

  • I 2023 selde varehuset 10 vassdunkar på 25 liter. I 2025 gjekk det nesten 200, ein auke på over 1.800 prosent.
  • Salet av stormkjøkken gjekk opp med 235 prosent frå 2023 til utgangen av 2025.
  • Middagshermetikk gjekk unna som aldri før, opp 241 prosent i perioden.
  • Av gassbrennarar gjekk det rundt 50 i året. I fjor selde dei 150.

Nokre av desse varene har turfolket alltid kjøpt. Endringa er likevel vanvitig, meiner Ole Sirevåg.

– Me har alltid seld stormkjøkken som turutstyr. Men nå kjøper folk for beredskap. Det er ingen tvil om at folk har tatt dette til seg, meiner han.

«Tunfisk» sto det på tidlege lister frå styresmaktene om kva ein burde ha i beredskapsboksen heime. Det gjer det ikkje lenger. Makrell i tomat eller annen hermetikk er like greitt. - Det er opp til kvar enkelt kva ein likar, seier pressesjef i DSB.
«Tunfisk» sto det på tidlege lister frå styresmaktene om kva ein burde ha i beredskapsboksen heime. Det gjer det ikkje lenger. Makrell i tomat eller annen hermetikk er like greitt. - Det er opp til kvar enkelt kva ein likar, seier pressesjef i DSB. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

- Tenk vinterferie

Sjølv har Sirevåg ungar han ikkje vil uroa, og han ser ein del vaksne som er redde.

– Eg har ikkje lyst til å bidra til frykt. Eg tenker litt som når ein skal på vinterferie: Ha gode vinterdekk. Det kan òg vera lurt å ha kjetting eller slepetau i bilen. Slepetau kan komma godt med viss ein skulle hamna i grøfta. Dette handlar om å ha ei lita forsikring, seier Sirevåg.

Før: Cyberangrep og flaum. Nå: Krig

Sidan 2018 har styresmaktene gitt råd om beredskap til befolkninga.

Men etter Russlands fullskala-invasjon av Ukraina i 2022, er «beredskap» blitt eit omgrep som er blitt fylt med nytt – og til dels skremmande – innhald.

Det toppar seg i år, ettersom 2026 er utpeikt til «totalforsvarsåret», der samfunnet skal preppast for verstefall-situasjonar frå topp til botn.

– I starten var me opptatt av cyberangrep, flaumar og skred, seier Morten Harangen, pressesjef i Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, DSB.

Den store endringa i beredskapsråda kom hausten 2024.

Då endra DSB rådet om å ha vatn, mat og utstyr til å klara seg i tre dagar, til at ein skal kunna klara seg utan hjelp i sju dagar, eventuelt utan straum, vatn, kloakk, internett, mobilnett eller betalingsløysingar.

– Bakgrunnen var den sikkerheitspolitiske situasjonen, pluss at me ser at me blir trufne oftare og hardare av uvêr og av konsekvensar av klimaendringar, seier Harangen.

- Det handlar om å ha ei lita forsikring, seier Ole Sirevåg, varehussjef ved Obs Bryne.
- Det handlar om å ha ei lita forsikring, seier Ole Sirevåg, varehussjef ved Obs Bryne. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Beredskapsvenn og Plan B

På nettsidene sine ramsar DSB opp tenkelege scenario: Ekstremvêr, pandemiar, ulukker, sabotasje, «og i verste fall krigshandlingar».

Råda er dessutan utvida, mellom anna med at alle bør ha ein «beredskapsvenn», ein kjenning som ein avtalar med om gjensidig hjelp viss straumen går eller kriser oppstår. Omgrepet blei kåra til årets ord av Språkrådet i 2024.

For alle har ikkje alt som DSB tilrår som eigenberedskap.

– Mange bur på stader med lite plass, eller har dårleg økonomi. Mange bur i leilegheiter utan anna oppvarming enn straum, seier Harangen.

Grunntanken er å ha ein Plan B, ifølge pressesjefen.

– Viss ein bur i ein ny leilegheit med straum som varmekjelde, kan ein halda varmen ei lita stund med dyner og teppe. Men i neste omgang treng ein Plan B, som kan vera å ta seg til nokon som fyrer med ved.

Salet av vanndunkar på 25 liter ved Obs Bryne er opp 1.800 prosent sidan 2023, ifølge faghandelsjef Silje Sviland Norland. Vatn er det aller viktigaste å ha i beredskap, ifølge styresmaktene.
Salet av vanndunkar på 25 liter ved Obs Bryne er opp 1.800 prosent sidan 2023, ifølge faghandelsjef Silje Sviland Norland. Vatn er det aller viktigaste å ha i beredskap, ifølge styresmaktene. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Viktigast: Vatn

Også DSB følger med på korleis beredskapsråda treff folk. Deira statistikk viser at svært mange har følgt opp.

– Folk begynner å bli flinke, seier Harangen.

– Over ni av 10 seier dei kjenner til råda til styresmaktene. Tre av fire seier dei har styrka eigenberedskapen, eller har tenkt å gjera det. Det aller viktigaste å ha, er vatn. Over halve befolkninga seier at dei har lagra det. Då me begynte, gjaldt det berre 20 prosent.

- Bruk angst til å ta grep

– Korfor skal folk ikkje bli redde av alt dette snakket og alle desse råda?

– Me forstår veldig godt at alt dette kan gjera folk engstelege og i nokre tilfelle utløysa frykt. Samtidig trur me at det ikkje skapar meir redsel enn viss ein følger med på nyheitene kvar dag, seier Harangen.

DSB sine undersøkingar viser dessutan at mange bruker eventuell angst til å ta grep, ifølge pressesjefen.

– Folk viser seg å vera ganske robuste. Dei bruker frykta til å styrka sin eigen beredskap. Det er betryggande i seg sjølv.

Det viktigaste med å driva kampanjar for eigenberedskap, er at det bidrar til å starta tankeprosessar, meiner han.

– Me er tydelege på at årsaka til at me snakkar om å verna befolkninga i krig, ikkje er at me trur krigen er nær. Men me hadde ikkje gjort jobben vår viss me ikkje planla for det verste. Det fine er at då planlegg me samstundes for mindre og meir sannsynlege hendingar, seier Morten Harangen, pressesjef i Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, til Jærbladet.