– Me har allereie slåst dette inn. Me skulle i grunnen ikkje trenga å slåst det inn ein gong til, seier stortingsrepresentant Ingrid Fiskaa.
SV-aren frå Bryne sto i spissen då ein sjeldan allianse av SV, Høgre, KrF, Sp, Venstre, Frp og nokre MDG-arar i mars vedtok dette i Stortinget:
«Stortinget ber regjeringen i revidert budsjett komme tilbake med en løsning som sikrer at Ønsketransporten sikres et nødvendig tilskudd for 2026, og videre drift i 2027.»
Men då regjeringa la fram sitt framlegg til revidert budsjett nyleg, var det ikkje sett av pengar til Ønsketransporten, som i ei årrekke har hatt fast plass på statsbudsjettet, men som sidan 2023 har måtta klara seg utan slik støtte: Dei fell mellom alle stolane i eit nytt regelverk om støtteordningane til frivillige og ideelle organisasjonar i helsefeltet.
- Høyrer ikkje på Stortinget
Dette irriterer Ingrid Fiskaa.
– Eg begynner å bli lei av at regjeringa ikkje høyrer på Stortinget. Det har skjedd i fleire saker. Regjeringa har fått frist til å følga opp stortingsvedtak, og så gjer dei det ikkje. Det er alvorleg, meiner ho.
Dei andre aktuelle eksempla Fiskaa legg fram, er stortingsvedtaket om å betra kompensasjonen til kjemikalieskadde oljepionerar, og vedtak om kompensasjonsordning for offer og etterlatne etter Kielland-ulukka. I begge desse sakene ba Stortinget regjeringa komma tilbake med framlegg innan fristar som nå er passert.
- Stortingets oppgåve å setta av pengar
Jærbladet har spurt Helse- og omsorgsdepartementet, der sjefen er helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre, om korfor regjeringa ikkje følger opp stortingsvedtaket om Ønsketransporten i revidert budsjett, og kva dei har tenkt å gjera med saka.
Statssekretær Ellen Rønning-Arnesen (Ap) har svart dette i ein e-post:
«Hovedregelen i økonomiregelverket for staten er at tilskudd skal være tilgjengelig for flere mulige mottakere gjennom åpne søknadsprosesser og kjente tildelingskriterier. Det er Stortinget som vedtar revidert nasjonalbudsjett, og som har muligheten til å eventuelt vedta særskilte tildelinger til enkeltorganisasjoner.»
SV: - Me tar ein for laget
Dermed blir Ønsketransporten ein del av forhandlingane som starta denne veka mellom regjeringa og dei raud-grøne budsjettkameratane SV, Raudt, Sp og MDG.
– Ingenting er sikkert for Ønsketransporten før pengane er vedtatt, seier Ingrid Fiskaa.
Men SV vil ha saka ut av verda.
– Me har mista tolmodet. Nå tar me ein for laget og føreslår pengar inn i revidert, nok til at Ønsketransporten overlever 2026 og ikkje går i minus. Me vil òg gjerne at andre parti bidrar til dette – og i alle fall ikkje set seg imot det, seier Fiskaa.
I stortingsvedtaket forpliktar dei folkevalde seg også i 2027. Men det gjer ikkje SV i sitt framlegg nå.
– Viss andre er med og bidrar, kan det likevel ordnast, trur ho.
- Ganske få millionar
Alle partia kjem med sine krav inn forhandlingane med regjeringa. Alle krav kostar pengar. Ingrid Fiskaa avviser at SV på nokon måte brukar opp sin kvote ved å sikra Ønsketransporten.
– Dette er eit lite beløp som sjølvsagt ikkje står i vegen for andre krav. Dette gjeld nokre ganske få millionar i statsbudsjettet. Derfor synest eg det er for dumt å spela ballen att og fram i det evige, seier ho.
Både Arbeidarpartiet, Raudt og fleirtalet i MDG var imot då Stortinget vedtok å redda Ønsketransporten i vår. Arbeidarpartiet ville i staden ha ein gjennomgang av støtteordningane - 35 i talet til over 400 foreiningar - som skal vera klar til budsjettet i 2028.
Truga kritikar med vald
For Mímir Kristjánsson i Raudt fekk denne saka eit stygt etterspel: Han reagerte med valdstruslar mot ein Bryne-mann som hadde skrive sterkt kritiske kommentarar til han, både direkte til Kristjánsson på messenger og i kommentarfeltet til saka om redninga av Ønsketransporten på Jærbladets Facebook-side.
Stortingsrepresentanten viste etterpå til at han hadde vore full men at han nå var djupt skamfull, og han ba om orsaking til Bryne-mannen, som hadde meldt han til politiet.
Politiet la saka vekk etter at same mann litt seinare trakk meldinga tilbake; han meinte mediedekninga hadde vore straff nok mot politikaren.
I kjølvatnet av alt dette oppretta Kristjánsson ein spleis, "for å betale en slags bot for det jeg har gjort".
Superspleis til Ønsketransporten
Der sette han sjølv inn 10.000 kroner til Ønsketransporten og oppfordra andre til å gi ein skjerv. I teksten til spleisen skreiv han dette om då han "gikk på trynet":
"Det siste innlegget jeg fikk, og som førte til at jeg i beruset tilstand klikket fullstendig i vinkel, handlet om Ønsketransporten. Jeg skal være så ærlig å si at det temaet var mer eller mindre helt tilfeldig, og at jeg knapt registrerte det saklige innholdet i meldingen, bare noen negative karaksteristikker av meg selv.
For poenget er at Ønsketransporten ikke er noe å klikke i vinkel for. Ønsketransporten er tvert imot et ordentlig godt tilbud, som hjelper syke mennesker med å få verdige og gode opplevelser. "
Det var han ikkje aleine om å meina. Før spleisen blei stengd 24. april, hadde 784 personar gitt til saman 150.000 kroner til organisasjonen.
Trur Raudt har snudd
Jærbladet kontakta Raudt-politikaren for å høyra om partiet denne gongen vil bidra til å sikra Ønsketransporten framover. Han har svart i ein sms:
"Nå sitter jeg i forhandlinger, og så lenge jeg gjør det så kommer jeg ikke til å uttale meg til pressen om små og store saker".
Ingrid Fiskaa har tru på at SV vil få støtte frå Kristjánsson.
- Eg trur han har snudd. Dette nettrollet traff eit ømt punkt, seier ho.
Saka oppdatert måndag 25. mai med svar frå Mímir Kristjánsson.