Time kommune manglar eit tilbod til rusavhengige med redusert buevne. Kommunen har kjøpt tomt og bestemt at det skal byggast fem småhus på Re, men naboar protesterer, og framgangen er seig.
For å få fortgang søkte kommunen i august om å få bygga tre småhus i parken mellom brannstasjonen og Time rådhus. Men heller ikkje planane i Bryne sentrum vart møtte med opne armar.
53 naboar signerte på eit brev der dei protesterte mot tiltaket, og det dei meiner var snarvegar i byggesaka frå kommunen.
Rogaland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Rogaland rådde ifrå å nytta grøntområde, som er mangelvare i Bryne sentrum, til å bygga bustader på. Fylkeskommunen oppmoda kommunen til heller å bygga på parkeringsplassen nedanfor.
Ut av parken
I ein ny byggesøknad har kommunen redusert talet på småhus frå tre til éin tomannsbustad. Han skal byggast av prefabrikkerte seksjonar, og er meint å stå i inntil fem år.
I søknaden frå Bettikon er bustadene flytta ut av parkområdet, i tråd med høyringsinnspela.
Området dei er flytta til, er regulert til offentleg eller privat tenesteyting. Det opnar for kulturhus, rådhus, brannstasjon, aktivitetssenter og sjukeheim, for å nemna noko av det som finst i området, men ikkje reine bustader.
«Bygningene som søkes oppført er definert som boliger, og kommer følgelig i konflikt med planens formål», skriv Bettikon i søknaden.
Treng dispensasjon
Bettikon søker om mellombels dispensasjon frå arealføremålet. Grunngjevinga er: «kommunens akutte behov for boligtilbud for personar med spesielle behov, og med kommunens mangel på tilgjengelige tomter til bustadformål som dette».
Dei viser til at kommunen arbeidet med ein reguleringsplan ein annan stad på Bryne – det vil seia på Re – og at arbeidet der har vist seg å bli meir tidkrevjande enn venta.
Saka har vore sendt på høyring. Nabogruppa som protesterte sist, er ikkje imponerte over endringane i prosjektet, som dei meiner er «et tilsvarende identisk prosjekt» med det dei var kritiske til i fjor.
Dei meiner tiltaket vil ha ein negativ innverknad på eit viktig felles uteområde på Bryne, og har ikkje tru på at husa vil bli fjerna om fem år.
Reagerer på dobbelrolle
Nabogruppa mener at dispensasjonen er så omfattande at det blir feil at byggesaksavdelinga i Time kommune skal behandla ei sak der Time kommune er tiltakshavar. Dei vil at fylkeskommunen eller Statsforvaltaren sjekkar om prosessen er lovleg.
Til dette svarer Bettikon:
«Vi har ingen andre kommentar til den påstand enn at vi tar det som gitt at kommunensbyggesaksavdeling behandler saken innenfor regelverk om habilitet.»
Bettikon meiner at søknaden er reelt annleis sidan småhusa er endra til ein tomannsbustad, som òg er flytta ut av parkområdet. Dei avfeiar også at tomannsbustaden skal få støypt grunnmur, slik naboane hevdar i merknaden.
«Det er positivt å registrere at bemerkende nabo ikke har merknader til kommunens innsats for å tilrettelegge boliger for personer med utfordringer. Merknadene er knyttet til arealbruk og kommunes dobbelrolle i saken», avsluttar Bettikon i si vurdering.
Neste steg er behandling av søknaden. Den prinsipielle saka hamnar truleg på sakslista til politikarane i utval for lokal utvikling.
- Saka i rådhusparken:
- Saka på Re: