– Det er ein del uro blant tilsette. Mykje går på at dei føler dei rett og slett ikkje blir høyrde, sa Geir Astrup Pollestad (Frp) i hovudutval for helse og velferd onsdag.
Han sa at han sjølv er i dialog med folk som jobbar i nattenesta i kommunen.
Dei kjenner seg ikkje igjen i at det har vore stor grad av involvering i prosjektet, som kommunen skriv i saksdokumenta, ifølgje Pollestad.
– Dei har vore med på eit par møte, men dei har ikkje blitt tatt på alvor, føler dei. Dei seier at dei har blitt snakka til på ein nedlatande måte, og det synest eg er alvorleg, sa Pollestad.
Sjå svaret frå kommunalsjef Wendy Finnerud seinare i saka.
Høgt sjukefråvær og rekrutteringsvanskar
I dag er tilsette på natt organisert i miljøtenesta, heimetenesta, institusjon og døgntenesta til psykisk helse og rus.
I dei tre sistnemnde er det berre vakne nattevakter.
I miljøtenesta er det både vakne og sovande nattevakter. Dei sovande nattevaktene søv mellom midnatt og klokka 6, og det viser seg at det sjeldan eller aldri er behov for at dei vaknar i løpet av desse timane.
Heimetenesta og døgntenesta til psykisk helse og rus har nyleg begynt å samarbeide på tvers, der dei hjelper kvarandre ved behov.
«Dette har vore positivt for tenestene, og har gjort dei meir robuste ved sjukefråvær og i periodar med store oppdragsmengder og stor pleietyngde. Ein har også kunna nytta kompetanse meir på tvers av verksemdene», skriv administrasjonen i sakspapira.
Det har vore lite tradisjon for samarbeid på tvers av heimesjukepleia og institusjon på natt, men sjukeheimane Kleppheimen og Sirkelen har ei ordning der dei er bakvakt for kvarandre dersom nokon er sjuke.
Grunnane til at kommunen har jobba for å omorganisere tenestene er fleire. Det blir mellom anna trekt fram at det er svært krevjande å rekruttere sjukepleiarar til stillingar på natt. Også høgt sjukefråvær er ei utfordring – på natt i institusjon ligg det mellom 13 og 19 prosent.
«Med bakgrunn i at me ska gje tenester til fleire med færre ressursar, i tillegg til høg turnover, vanskar med å rekruttere kompetanse, og eit høgt sjukefråvær såg kommunen behov for å sjå på organiseringa av nattenesta», forklarer dei i dokumenta.
Kommunedirektør Torild Lende Fjermestad vurderer at organiseringa må endrast for å møte behova framover, kor det vil bli fleire eldre, fleire med samansette og komplekse sjukdommar og færre helsepersonell.
Kan miste hender
Planen er at heimetenesta og døgntenesta for psykisk helse og rus skal bli organisert i ein felles ambulerande nattpatrulje.
Det betyr at team reiser rundt og nyttar kompetansen sin der det behov, til heimebuande, i miljøtenesta og på institusjon. Nattpatruljen vil handtere alarmar og andre hendingar når dei oppstår.
Det vil bli tatt i brukt digitalt tilsyn, som ifølgje Helsedirektoratet kan vere for eksempel sensorar, døralarm eller kameratilsyn.
Det vil framleis vere personalbasar i miljøtenesta som har nattevaktar på staden, både vakne og nokre sovande.
Like mange nattevakter skal vere på institusjon, men samansettinga av kompetansen vil vere behovsstyrt.
Ei slik organisering meiner kommunedirektøren vil bidra til at brukarar får rett kompetanse til rett tid og vil gjere tenestene meir robuste og stabile. Ho meiner også at dei skaper kontinuitet og eit godt fagmiljø blant dei tilsette.
I fleire andre kommunar skal det dessutan vere etablert liknande ordningar, med ambulante sjukepleiarteam som gir tenester til alle sjukeheimar og heimebuande på natt.
I prosessen har det kome fram at ei slik felles natteneste kan bli utfordrande for tilsette som jobbar nattevakter i Klepp. Nokre skal ha uttrykt at dei kan ville slutte dersom dei må arbeide med andre brukargrupper enn dei er vande med, heiter det i saksdokumenta.
– Klarer nok aldri å informere alle godt nok
Representant Pollestad understreka at det ikkje er sånn at dei tilsette nødvendigvis skal få viljen sin, men at dei må bli høyrde.
Wendy Finnerud, kommunalsjef innan helse og velferd, sa at kommunen tar medverknad frå tilsette på alvor.
– Gjennom fleire år har me prøvd å involvere tilsette. Me har gode tilsetterepresentantar som me prøver å ta med tidleg i prosessane. I tillegg har me med tillitsvalde, og enkelte tilsette som jobbar på kvart sitt område i nattenesta.
Dei klarer ikkje å ta med alle tilsette, men har med eit stort utval frå kvar teneste, ifølgje Finnerud.
– Eg høyrer at me nok aldri klarer å informere alle godt nok, og det vil me ta på alvor. Alle kan ikkje få viljen sin, men me vil at alle skal føle at dei har blitt høyrde, sa Finnerud.
Identifisert nær hundre risikoar
Prosjektgruppa som har jobba for å finne ei fungerande organisering sidan 2025, bestod av Finnerud, avdelingsleiarar, rådgivarar, verneombod og tillitsvalt.
I arbeidet har til dømes alle tenesteområda kartlagt ei oversikt over brukarbehov, tal på medarbeidarar, kompetanse og kva arbeidsoppgåver blir utført på natta.
Det er utarbeidd ein kommunikasjonsplan som skal sikre god informasjon til brukarar og pårørande.
Dei har gjennomført prosjektgruppemøte jamleg, og to halvdagssamlingar saman med tilsette, avdelingsleiarar og verneombod. På sistnemnde var risiko- og sårbarheitsanalyse tema.
– Saka er greidd ut over lang tid, og det har blitt identifisert nærare hundre risikoar, sa Finnerud.
– Dette har blitt jobba med og svart ut på med tiltak. Det at tilsette har vore med og sagt noko om kva risikoar som finst, og at det er sett inn tiltak, betyr også at dei blir høyrde.
I omorganiseringa blir det for eksempel gitt kompetansehevande tiltak til tilsette som skal arbeide med nye brukargrupper. Arbeidet er allereie påbyrja.
– Ikkje alltid sånn at endringsforslag blir møtt med applaus
Det var berre Geir Astrup Pollestad (Frp) og Gro Pedersen (Frp) som ikkje stemte for innstillinga, som var å ta saka til orientering.
Førstnemnde ønskte ei utsetjing av saka, men fekk ikkje med seg fleirtalet på det.
Saka skal også opp til behandling i administrasjonsutvalet måndag.
Rolf Helge Bergseth (KrF), som tidlegare har jobba som kommuneoverlege, og Kjetil Myklebust (H) var to blant fleire som uttrykte at dei var heller positive til saka.
– Me har lært ganske mykje om naudsynet av omstilling innanfor kommunale tenester, spesielt innan helse og velferd og skule. Eg har lyst til å rose administrasjonen for at ein tør å ta eit sånt steg. Me veit at endring alltid fører med seg friksjon, det er ikkje sånn at alle endringsforslag blir møtt med applaus, sa Myklebust (H).
Bergseth (KrF) syntest det såg ut som at saka har vore gjennom ein grundig prosess. Også han erkjenner at alle ikkje vil bli fornøgde, og at endringar er vanskeleg.
– Det er klart at me er nøydde til å samle ein del av kompetansen me har, og bruke den meir målretta enn me gjer i dag. Eg trur dette er ein veg å gå. Når det er sagt, har eg tru på nærleik, kontinuitet, og at brukarar har det trygt, særleg dei med psykisk utviklingshemming og brukarar innan rus og psykiatri. Der veit me at det å kjenne nattevakta har stor betydning, sa Bergseth.
– Når ein gjennomfører endringar som dette, har eg sett at ein kan gå litt for langt, at nokon ikkje blir sett godt nok. Då må me stoppe opp og justere undervegs. Eg har tru på at dette skal bli bra, men det eg er mest redd for, er at det kanskje vil fjerne for mykje kompetanse perifert, la Bergseth til.
Han understreka samstundes at han vil støtte saka.