Saka kom til utvalet i Time for andre gong, etter først å ha blitt avvist i sommar. Planlegginga av Statkraft si kraftutbygging på Moifjellet rullar og går i Bjerkreim kommune, men kjem rett i grensa mot Time.
I skriftlege innspel til Bjerkreim har administrasjonen poengtert at verknadene for omgjevnadene er regionale og at konsekvensane blir særleg store for Time. Dessutan er éin av to moglege anleggsvegar til vindkraftanlegget lagt i Time kommune.
Svaret frå administrasjonen var derfor at området i Time og Bjerkreim burde sjåast under eitt – gjennom ein felles områdeplan. Det ville betydd at Time-politikarane, så vel som kollegaane i Bjerkreim, fekk ei hand på rattet i saka som gjeld vindkraftutbygging i kommunegrensa.
Synet til utvalsleiar Rein Harald Salte (H) var representativt for fleirtalet i utvalet, som nå har sagt ja til planoppstart på Time-sida.
– Eg har eit ambivalent forhold til fleire vindmøller i kommunen. Men i dette tilfellet her: Skjer det ting på andre sida av grensa, så er det litt forsmedeleg ikkje å kunna utnytta den ulempa til vår fordel, sa han.
Eigedomsskatt
Eit planprogram for Moifjellet vart vedtatt i kommunestyret i Bjerkreim i mai 2024. Statkraft arbeider for å gjera klart planforslag og konsesjonssøknad tidleg i 2025.
Samstundes, i eit parallelt løp, arbeider Statkraft med det som skal skje på Time-sida. Det nye på torsdag, i forhold til det tidlegare forslaget, er moglegheita for to til fire vindmøller på Mellomstrand.
I budsjettmøtet på tysdag sa kommunestyret i Time klart nei til å greia ut å innføra eigedomsskatt for bustad og næring, men éin del av næringslivet betaler faktisk allereie eigedomsskatt.
I 2021 innførte Time skatt på kraftanlegg, vindkraftverk og kraftnett.
Time budsjetterer med 9 millionar skattekroner til neste år. Kommunen reknar med å få inn cirka 12,5 millionar når heile potensialet er tatt ut i 2027, og det kan henda at det blir endå meir.
«Opprinnelig så vi kun på muligheten for adkomstvei i Time kommune, men fra et teknisk ståsted ligger det også godt til rette for vindkraft i tilknytning til adkomstveien. Etter dialog med Time kommune ønsker vi å se på muligheten for å utvikle vindkraft i området som grenser til planområdet til Moifjellet vindkraftverk», har prosjektutviklar Andreas Stokke forklart i ein e-post til Jærbladet.
Trekker lodd
– Det er Bjerkreim kommune som har handa på rattet. Eg synest det er greitt at me får to til fire vindmøller, slik at me kan få litt inntekter frå vindmølleparken me òg, sa Jone Fosse (Sp) i utvalet.
Endre Vollsund (V) var samd.
– Viss det blir vindmøllepark på Moifjellet, tenker me å ha eit lite lodd som kan gje gevinst med eigedomsskatt på vindkraft. Me landar på at me er villige til å ha «lapp i hatten», som dei sa på Jærradioen før.
Kjell Olav Stangeland (Ap) var éin av to som røysta imot planoppstarten i Time. Han meiner at Time ikkje kan la seg binda av at nabokommunen er i «full gang» på andre sida av kommunegrensa.
Stangeland sa at Bjerkreim har blankt avvist å ha med Time på ei områderegulering, og at Time berre er ein høyringsinstans i planen deira.
Leiar for teknisk forvaltning i Bjerkreim kommune, Siri Nedrebø, skriv i ein e-post til Jærbladet at det er «lite hensiktsmessig» med ein felles reguleringsplan som inneber at også kommunestyret i Time må vedta områdeplanen for vindkraft.
Rett til å fremja motsegn
Kommunalsjef for samfunn i Time, Anne-Kristin Gangenes, opplyste i møtet at Time som nabokommune har moglegheit til å fremja motsegn når planforslaget i Bjerkreim kjem på høyring.
Men på ståande fot kunne ho ikkje koma på eksempel på at det er gjort.
Vindkraftverket på Bjerkreim-sida er planlagt med inntil 40 vindmøller, med ei totalhøgd rundt 180–200 meter.
«Hvis prosjektet blir realisert vil kommunen få eiendomsskatt og produksjonsavgift i tillegg til andel av naturressursskatten», skriv Statkraft om Moifjellet vindkraftverk.
Planområdet er cirka 15,4 kvadratkilometer. Då er ikkje det som er planlagt i Time, rekna med.
Vindkraftverket på Time-sida har fått sitt eige namn: Mellomstrand vindkraftverk, men ikkje eiga prosjektside.
«Potensialet i området som inngår i planinitiativet er 2-4 turbiner. Dette vil bidra med økt produksjon av fornybar energi og også bidra til lokal verdiskaping i form av økte inntekter til kommunen», skriv Stokke til Jærbladet.
Gammal sak
I eit langt og grundig innlegg drog Øystein Nereng (SV) utvalet gjennom gammalt og nytt lovverk for å saksbehandla vindkraftanlegg, så vel som historikken i ei utbyggingssak som går heilt tilbake til 2005.
Seinare, i eit meir spekulativt innlegg som han skal ha basert på opplysningar frå ordføraren i Bjerkreim, sa Nereng at nabokommunen har funne ei genial løysing som plasserer vindkraftanlegget i grensa mot Time, der det ikkje er synleg for innbyggarane deira.
Nereng hevda at 1/3 av kommunestyret i Bjerkreim er for vindkraftanlegget på Moifjellet, 1/3 er imot, og at 1/3 er usikre.
På grunn av usikkerheit om det endelege utfallet, rådde han utvalet til ikkje kasta bort kommunale midlar på å setta i gang arbeidet med ei områderegulering som skal legga til rette for vindkraftverk med tilhøyrande infrastruktur i Mellemstrandområdet.
Seinare vart han korrigert av kommunalsjef Gangenes, som opplyste at kommunestyret i Time på tysdag vedtok å endra gebyrreglementet slik at kommunen kan ta betalt for områdeplanar for vindkraft.
Nereng understreka at det kommunale gebyret ikkje er avgjerande for korleis han vurderer saka. Han føreslo ikkje å tilrå planoppstart, og fekk støtte frå Stangeland.
Fått avslag tidlegare
Stangeland viste til at Statsforvaltaren tidlegare har stoppa éi enkelt vindmølle ved Karlsbu, og nyleg klaga på MUTE-skulpturen til Pøbel ved Karten. Derfor har han lita tru på at vindmølleparken blir noko av.
«Totalt usannsynleg», vurderte han.
– Ikkje minst med tanke på historia dette prosjektet har hatt tidlegare. Eg er redd for at dette planleggingsarbeidet er spilt møye. Samstundes som eg er samd i alle argumenta som seier at her bør det ikkje byggast vindmøller.
I grunngjevinga for forslaget, skreiv Øystein Nereng at tiltaka er i strid med gjeldande kommuneplan – «samt de skader og ulemper utbyggingen kan medføre for naturmangfoldet, særlig av hensyn til rovfugl, landskap og tap av arealer uten inngrep.»
Grunngjevinga klipper og limer frå klagesaka Olje- og energidepartementet avgjorde i 2012. Tre år tidlegare hadde Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) vedtatt å gje konsesjon til Moi-Laksesvelafjellet vindkraftverk.
«Til tross for et betydelig kraftpotensial med gode vindforhold, finner departementet etter en samlet vurdering at fordelene ikke overstiger de skader og ulemper utbyggingen ...», konkluderte departementet.
NVE vurderte i alt sju søknader på Høg-Jæren og i Dalane i 2009. Eitt av tre prosjekt NVE ikkje gav konsesjon til, var Brusali-Karten vindkraftverk, som ligg i kort avstand frå Moifjellet.