– Eg har aldri vore ein stor lesar, men eg vil at boka alltid skal ligga slått opp sånn at ein kan lesa om dei som kom frå mine stadar, frå Bryne og Jæren, uttaler Erling Braut Haaland i ei pressemelding frå Time kommune.
Boka er Heimskringla – Snorre sine kongesoger – som islendingen Snorre Sturlasson skreiv ned på midten av tolvhundretalet.
Historiene om kongar, dronningar, bønder og krigarar i Norge i mellomalderen vart felleseige. Først som munnlege overleveringar, seinare som manuskript, og så bøker, då boktrykkarkunsten gjorde det mogleg.
Dette er informasjon som vanlegvis ikkje står i pressemeldingar om fotballfamilien Haaland, men må med nå, fordi far og son har betalt over éin million kroner for ei unik utgåve.
Første utgåve på norsk
Det gjeld den første utgåva av Heimskringla, som kom på norskdansk i 1594, før det fanst trykkpresser her til lands.
Boka er starten på Snorres kongesoger slik me kjenner dei i dag, og er basert på omsettinga Mattis Størsson gjorde på 1500-talet.
Manuskriptet vart først gjeve ut som bok i 1594, meir enn tjue år etter at forfattaren sjølv gjekk bort.
Boka vart lesen av mange i samtida og i hundreåra etter, og er rekna som den aller første trykte historia om Norges eldste historie, skriv Time kommune i pressemeldinga.
Drygt 400 år er at dei vart trykte i København, skal dei to binda stillast ut på biblioteket på Bryne.
Startar lesekonkurranse
– Me har røtene våre her i kommunen, og så har me alle djupe røter som ein kan finna i forteljingane i Snorre sine kongesoger. Me håper at både boka og konkurransen kan gje glede og at det kan væra med å laga røtene for nye generasjonar i Time, uttaler Alfie Haaland i pressemeldinga.
Erling Braut Haaland meiner at det er det lettare å få lyst til å lesa, når ein kan kjenna seg igjen i dei som det vart skrive om.
– Eg lever draumen min, men den er desverre for dei få. Eg har sett korleis bøker gjer mange fleire moglegheita til å drøyma, og til å leva ut draumane sine, seier han i pressemeldinga.
Saman med faren og stiftinga EH9 Foundation har han bede Time kommune om å starta ein lesekonkurranse i samband med at dei får boka.
Ordførar i Time, Andreas Vollsund, er begeistra over initiativet. Han seier kommunen er svært takksame.
– Takksame for denne utruleg generøse gåva, takksame for at Erling, som er den mest kjende nordmannen i verda, aldri gløymer kor han kjem frå, men ikkje minst er me takksame for at han, Alfie og EH9 Foundation gjev oss moglegheita til å gjera noko av det aller viktigaste me kan gjera for ungdommane våre, gje dei leseglede.
Lokkar med gjæv premie
I pressemeldinga skriv kommunen:
Denne boka var byrjinga på Snorre slik me kjenner han i dag, den største av alle forteljingar om vikingane i Noreg. Og no har fotballspelaren, toppscoraren og jærbuen Erling Braut Håland, han som vert sett på som ein viking i heile verda, gitt det einaste eksemplaret som finst igjen av denne utgåva til heimstaden sin. Til biblioteket på Bryne, til folk i Time og Noreg, og med den har han gitt ungdommane i Time ei utfordring. Han vil ha dei til å lesa.
At det er skulane i Time som arrangerer lesekonkurransen, er ikkje tilfeldig. Både foreldra til Alfie og ei rekkje andre i familien, har vore lærarar i skulen her, og både Erling og Alfie har gått på skulen i Time.
– Røter er viktige, påpeikar Alfie Haaland i pressemeldinga.
I skuleåret 2026/2027 blir elevane på mellomtrinnet (5. til 7.) og ungdomsskulen i Time oppmoda til å lesa så mykje dei greier.
Klassene som les mest, blir inviterte til Ullevaal stadion, til kamp med Erling Braut Haaland og resten av landslaget.