– Banen hadde ikkje blitt sånn om det ikkje hadde vore for Siv og eg, seier Alf Magne Haver og ler. Han oppmodar henne til å skryta av jobben ho og alle dei frivillige har lagt ned.
– Banen hadde ikkje blitt sånn om det ikkje hadde vore for Siv og eg, seier Alf Magne Haver og ler. Han oppmodar henne til å skryta av jobben ho og alle dei frivillige har lagt ned. Foto: Snorre Standish Norheim

– Nå skryt du litt, seier Alf Magne Haver og dyttar i den innleigde gravemaskinføraren frå Erik Håland Maskin.

– Hæ? Eg gjer jo ikkje det, seier Siv Anette Dahlen.

– Nei, så skryt litt meir, svarer han og ler.

Tre års jobbing

Haver er éin av dei som har lengst fartstid i klubben, og kan hugsa over tjue år bakover i tid, då fasilitetane var nær ikkje-eksisterande.

– Det kan ikkje samanliknast, seier han og peikar på ei lang tavle som heng på veggen i klubbhuset.

Tavla dokumenterer alt som er skjedd i klubben sidan starten i februar 2002. Dei aller største høgdepunkta er konsentrerte i nær fortid.

I 2022 opna klubbhuset etter ein treårig prosess. Same året starta oppgraderingar av banen til ein kostnad på over 18 millionar.

Tre år med gravearbeid vart fredag markert med sponsorturnering og grilling, med rundt hundre inviterte, før publikum rykker inn laurdag og sundag.

Til og med gravemaskinføraren, som slett ikkje er nokon golfar, måtte ut og prøva den nye banen.

Det har Siv Anette Dahlen berre gjort éin gong tidlegare, i fjor, under arbeid med det sjuande hòlet. Den gongen festa ho kølla til stikka på gravemaskinen, og klabba til.

Dette blir ikkje noko vanleg syn, skal me tru Siv Anette Dahlen.
Dette blir ikkje noko vanleg syn, skal me tru Siv Anette Dahlen. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Valde å satsa

Dahlen har hatt golfbanen som arbeidsplass dei siste åra, men blir neppe ein gjengangar dei komande åra.

Likevel kan golfklubben på Ogna visa til imponerande medlemsvekst, til liks med resten av golf-Norge.

Nå pustar Norges Golfforbund handballen i nakken, når det kjem til talet på aktive medlemmar, fortel Roy Inge Haugstad, som sit i styret.

– Før var golfen ein rikmanns- og sossesport, men me vil at golf skal vera for alle. Kom og spel, og kos deg, reklamerer me i Ogna golfklubb med.

Både idrettsrådet og Hå kommune, så vel som sponsorar og samarbeidspartnarar, har behandla klubben som det han er: eit idrettslag.

Det er økonomisk støtte frå desse aktørane, saman med spelemidlar, som har finansiert anlegget som golfarane på Ogna skryt av.

Sjølv har medlemmane i klubben bidrege med tallause dugnadstimar.

Ikkje minst etter det viktige strategivalet for fem-seks år sidan, fortel Haugstad.

– Er det sånn som dette me vil ha det? spurte me. Eller skal me satsa? Då fann me ut at me ville satsa og gjera noko ut av klubben. Målet var å bli ein av dei beste golfklubbane i området. Då trongst eit nytt klubbhus og ein bane av høgare standard.

Anlegget har fått ei stor oppgradering. – Når det har vore blautt, er du blitt gjennomblaut og klissete på føtene etter dei første tre hòla. Når det har vore tørt, har det eigentleg ikkje vore gras på banen, seier styremedlem Roy Inge Haugstad.
Anlegget har fått ei stor oppgradering. – Når det har vore blautt, er du blitt gjennomblaut og klissete på føtene etter dei første tre hòla. Når det har vore tørt, har det eigentleg ikkje vore gras på banen, seier styremedlem Roy Inge Haugstad. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Like speleforhold uansett

Sidan strategivalet har medlemsmassen blitt meir enn dobla, til 820 medlemmar.

– Viss me berre brenn for ein ting, så får me det til. Det er det det går i. Me må visa at me vil satsa, seier Haugstad.

Baneoppgraderingane var for omfattande til å gjerast unna på eitt år, samstundes som det ikkje var ønskeleg å stenga banen heilt.

Løysinga var å fordela jobben på tre år, samstundes som kontingenten vart fryst sidan medlemmane ei stund fekk eit dårlegare tilbod.

Banen som opna fredag, er bygd med drenering for å tole det fuktige jærske vêret, og har også moglegheit for vatning når det trengst.

– Nå vil me kunna spela akkurat likt, uavhengig av om det regnar eller er varmt og tørt. Like speleforhold uansett, seier Haugstad.

Klubben slo tidleg frå seg tankar om ein 18-hòlsbane. Golfforbundet melde frå at det vil krevja nærmare 1500 betalande medlemmar.

I staden for å ta på seg ein slik risiko, har banen på Ogna mange utslagsstader. Heile 36 stykk, som gjev ei variert speleoppleving.

Ved å gå to rundar og slå mot hòlet frå ein ny stad i runde to, får Ogna-golfarane gå 18 hòl, nett som på ein full bane.
Ved å gå to rundar og slå mot hòlet frå ein ny stad i runde to, får Ogna-golfarane gå 18 hòl, nett som på ein full bane. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

– Norgesmeistrar på dugnad

– Hadde me ikkje hatt dugnadsgjengen, så hadde me ikkje hatt råd til dette. Hadde me ikkje hatt dugnad, hadde me ikkje hatt klubb heller, seier Haugstad.

Den nye banen er teikna av Gresspesialisten på Sandnes, Atle Revheim Hansen. Klubben kom til han for nokre gode råd for fem år sidan, men han ville berre vera med dersom samarbeidet var langsiktig.

Då hadde klubben 264 medlemmar, hugsar han. Det talet måtte doblast om draumane skulle bli noko av, varsla han.

– I dag er det 8-900 medlemmar, som er heilt magisk. Dei har gjort ein fantastisk jobb. Eg blir heilt rørt når eg ser kva dei har greidd å utføra, seier banearkitekten.

– For å seia det sånn, viss det er nokon som er norgesmeistrar på dugnad, så må det vera denne gjengen her nede. Dei er også norgesmeistrar på å vera entusiastiske. Derfor har det vore min jobb å koma ned og strukturera den enorme energien deira.

Banearkitekt Atle Revheim Hansen, styremedlem Roy Inge Haugstad og greenkeeper Kim Ueland, som er den einaste tilsette i golfklubben.
Banearkitekt Atle Revheim Hansen, styremedlem Roy Inge Haugstad og greenkeeper Kim Ueland, som er den einaste tilsette i golfklubben. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim