[Video: Parkeringsirritasjon ved Bryne vgs.]

Tone Lise M. Ohma (17) er elevsrådleiar og trøytt av parkeringstrøbbel om morgonen.

Denne onsdagsmorgonen er ho tidleg ute og kan smetta ATV-en sin inn på skulegarden, ved sida av andre ATV-ar, mopedbilar og mopedar med eigarar som også har kome tidleg.

Personbilar får ikkje stå på skulen sitt område. Sander Bore (18) har fleire gongar opplevd å koma for seint til skulen fordi han ikkje får parkeringsplass.

Han bur på Nærbø og innrømmer at han nok kunne tatt toget. Men det er det ikkje alle som kan, ifølge elevrådsleiaren.

Elevane som kan reisa kollektivt, nyttar seg stort sett av tilbodet, meiner elevrådsleiaren.
Elevane som kan reisa kollektivt, nyttar seg stort sett av tilbodet, meiner elevrådsleiaren. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Blir fort fullt

– Bryne vgs er ein av dei største i landet. Me har ekstremt mange elevar frå veldig mange plassar. Ikkje alle har moglegheit til å ta kollektivt, og det burde ha vore lagt opp til at dei får plass.

Sjølv bur ho på Hognestad og har ikkje moglegheit til å nytta seg av kollektivtransporten som går 07.15 om morgonen, fordi ho skal vidare på jobb etter skulen.

Skulestart er kvart over åtte, men ifølge Ohma bør ein koma opptil ein halv time tidlegare dersom ein skal vera heilt trygg på å finna parkering. Ho kallar parkeringssituasjonen for eit irritasjonsmoment.

Planlagt underdekning

– Det er langt færre parkeringsplassar enn det elevane ønsker at det skal vera. Det er ikkje éin parkeringsplass til kvar elev, men det er jo også derfor skulen er lagt langs hovudferdselsåra for jernbane og buss, seier rektor ved Bryne vgs., Ingunn Folgerø.

Underdekning på parkering er ikkje noko som er unikt for Bryne vgs., påpeikar ho, men i tråd med korleis offentlege bygg blir planlagde i dag. Heller ikkje dei tilsette ved skulen har nok parkeringsplassar.

– Sånn er det. Hadde det berre vore dei som bur der det ikkje går buss, som hadde køyrt til skulen, så ville me hatt nok plassar. Men det er veldig mange fleire som vil køyra, meiner Folgerø.

Sander måtte snu

Elevane som kjem til togstasjonen for å parkera om morgonen, veit at det gjeld å vera tidleg ute.

Når klokka nærmar seg åtte, begynner det å bli vanskeleg å finna ein stad å stå her.

Og idet klokka slår åtte, hamnar bilane i kø. Ei elv av fleire hundre av elevar som reiser kollektivt, strøymer ut av sørgåande og nordgåande tog.

Då Sander Bore svinga inn på parkeringsplassen sist onsdag, klokka tolv minutt over åtte, var det ikkje plass til han.

Han var ute i siste liten, måtte finna ein stad på andre sida av jernbanen og kom for seint til timen.

– Eg parkerte på stadion tidlegare, men nå har dei begynt å ta skikkeleg betaling, seier han.

Sander Bore (18) og Tone Lise M. Ohma (17) meiner parkering er eit irritasjonsmoment.
Sander Bore (18) og Tone Lise M. Ohma (17) meiner parkering er eit irritasjonsmoment. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Parkeringsalternativa

  • Jernbanestasjonen

Dagparkering utanfor jernbanestasjonen kostar 30 kroner, ifølge Bane Nor sine nettsider.

Dagparkeringa er plassert på sentrumssida av jernbanen, der det er 40 plassar.

Dei 101 plassane på skulesida, der mange elevar parkerer, er eit tilbod til pendlarar som tar toget frå Bryne.

Bryne vgs. har ikkje gjesteparkering eller parkering for bilar (gul markering). Dei blir viste til Bryne stadion, parkeringshus eller parkeringsplassen utanfor Timehallen. ATV-ar, mopedar og mopedbilar kan parkera i skulegarden (grøn markering).
Bryne vgs. har ikkje gjesteparkering eller parkering for bilar (gul markering). Dei blir viste til Bryne stadion, parkeringshus eller parkeringsplassen utanfor Timehallen. ATV-ar, mopedar og mopedbilar kan parkera i skulegarden (grøn markering). Foto: Foto: Rogaland fylkeskommune
  • Timehallen og gateparkering

Ifølge kommunen sine betalingssatsar, kostar langtidsparkering utanfor Timehallen 1200 kroner for 30 dagar.

På timebasis betaler elevane 20 kroner første time, 25 kroner andre time og 30 kroner frå tredje time for å parkera utanfor idrettshallen, eller gatelangs i ytre parkeringssone.

  • Bryne stadion

På Bryne stadion kostar første time kostar 15 kroner, andre time 20 kroner og 25 kroner frå tredje time. Maksprisen er 180 kroner per døgn.

Eit månadskort for studentar, inkludert elevane ved vgs., kostar 500 kroner. Det er 300 kroner rimelegare enn andre betaler.

Bryne stadion i Trallfavegen er nabo til Bryne vgs.
Bryne stadion i Trallfavegen er nabo til Bryne vgs. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim
  • Forum Jæren

Forum Jæren opplyser ikkje om timeprisar, på nett eller i parkeringshuset.

Abonnementsløysinga for dei som ønsker fast parkeringsplass, kostar 900 kroner pluss moms per månad, får Jærbladet opplyst.

Elevrådsleiaren kjenner ikkje til nokon elevar som nyttar parkeringshuset, som har 171 plassar.

Parkeringshuset under parken mellom Forum Jæren og Bryne vgs.
Parkeringshuset under parken mellom Forum Jæren og Bryne vgs. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim
  • Saron

Etter at artikkelen vart publisert, kom det innspel om parkeringsmoglegheiter ved Saron, som ligg mellom torget og Bryne skule.

Inntekter frå parkering har i mange år vore viktige for Saron, skriv bedehuset på eigne nettsider.

Øvre parkeringsplass har 21 plassar. Her kostar det 563 kroner i månaden å stå, eller 1200 kroner for tre månader.

Traktorfolket reagerer også

Oversiktsbilde over parkering på Bryne.
Oversiktsbilde over parkering på Bryne. Foto: Foto: Time kommune

– Det er ikkje parkering til oss som køyrer traktor til skulen som ikkje kostar ein formue, skriv ein elev ved Bryne vgs. i ein e-post til Time kommune.

I e-posten som er sendt i slutten av oktober, spør eleven om han og kameratane med traktor kan stå på ein parkeringsplass på hjørnet av Jernbanegata og Gamle Hognestadvegen.

Bjarte Sætevik, rådgjevar samferdsel i Time kommune, skriv at parkeringsplassen er sperra av omsyn til barn som skal til og frå Bryne skule.

I eit oppfølgingsspørsmål spør eleven kor traktorane då kan stå.

Som svar, har Sætevik delt eit kart med private og offentlege parkeringsplassar.

– Kartet er ikkje heilt oppdatert, men gjev ein oversikt over p-plassar. Parkering må skje i tråd med trafikkreglar og stadleg skilting. Store køyretøy kan ha behov for å bruke to p-plassar, då må det betalast for to. Det er avgiftsparkering sentralt på Bryne, viss du er på utkikk etter gratisparkering er det større sjanse for å finna dette om du trekker ut av sentrum.

Bildet frå 15. november 2021 viser mopedbilar side om side med traktorar.
Bildet frå 15. november 2021 viser mopedbilar side om side med traktorar. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Ikkje svar frå fylket

I slutten av september kontakta elevrådsleiaren ved skulen kommunedirektøren i Time og Rogaland fylkeskommunen, med sikte på å finna ei rimelegare parkeringsløysing for dei som av ulike grunnar er avhengige av å køyra.

Ho føreslo eit system der elevane betalar 350 kroner for eit månadskort, og peika ut parkeringsplassen ved Timehallen.

Kommunedirektør Trygve Apeland skal ha svart at han ikkje vil gå over hovudet på fylkeskommunen.

Fylkeskommunen, som Ohma sende e-post til i slutten av september, har ikkje svart på e-posten.

Jærbladet tok kontakt med opplæringsavdelinga og avdeling for eigedom (bygg), før kommunikasjonsavdelinga vart sett på saka.

Situasjonen på Bryne er ikkje unik, påpeikar kommunikasjonssjef Elisabeth Huse overfor Jærbladet.

– I Stavanger er det nokre skular som ikkje har nokon parkeringsplassar. Så dette er ikkje uvanleg. Det varierer veldig alt etter kor skulane ligg. Det vil alltid vera fleire som ønsker å køyra, enn det finst parkeringsplassar. Det gjeld mange stader.

Fylkeskommunen kan ikkje lova betring for dei som ønsker betre parkeringsmoglegheiter. Men elevrådsleiaren vil få eit svar, opplyser fylket.
Fylkeskommunen kan ikkje lova betring for dei som ønsker betre parkeringsmoglegheiter. Men elevrådsleiaren vil få eit svar, opplyser fylket. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim