Kvar sommar er det noko som heiter sommarles.
Det er ein lesekampanje for me som går på barneskulen.
Der registrerer me bøker og går opp i level.
Me kan hente premie på level 10, 20 og 30 på biblioteket.
Det er òg leseutfordringar som du kan løyse, og du får digitale trofé.
Det fins sommarlesforteljingar om nokre teikneseriefigurar som heiter Astrid og Asbjørn.
Fram til i fjor så har me registrert talet på sider på sommarles.
Men nå er det sånn at me i staden for må registrere tida me les.
Eg synest at det er tungvint når me skal registrere tid på sommarles.
Det var mykje enklare før.
Nå må eg alltid ta tida og halde styr på kor tid eg begynte å lese.
Og viss du les fort, må du lesa fleire bøker for å gå like mykje opp i level som dei som les saktare.
Det kan i alle fall vere sånn at me kan bestemme om me vil registrere tid eller talet på sider.
Så få tilbake den gamle sommarles!