Arne Håland har køyrd traktor i 60 år. Det kan du sjå.
Arne Håland har køyrd traktor i 60 år. Det kan du sjå. Foto: Anette Ronæss

– Me likar å bruka reiskapar frå Jæren, seier Elin Rusdal Håland.

På garden Håland lagar dei berre rundballar av graset dei ikkje har plass til i siloane.

– Me er nøgde med denne måten å gjera det på. Det er ein fordel at utstyret ikkje er så stort og tungt, seier ho.

Elin har leddgikt og er beinskjør, og kan ikkje vera så mykje med i slåtten.

Men ho likar å vere der det skjer.

Elin Rusdal Håland har blitt ein real traktornerd og reportar. Ho legg ut bilete og video frå garden på Facebook og Instagram. Her held ho opp graset så ein kan sjå at det framleis er langt.
Elin Rusdal Håland har blitt ein real traktornerd og reportar. Ho legg ut bilete og video frå garden på Facebook og Instagram. Her held ho opp graset så ein kan sjå at det framleis er langt. Foto: Foto: Anette Ronæss

Difor er ho sjølvutnemnd reporter og -ansvarleg for familien Håland.

Ho dokumenterer arbeidet på garden og delar på kontoane ho har på Facebook, Instagram og TikTok.

Til stor glede også for folk over dammen.

– Me har slekt i USA. Dei tykkjer det er stas å følgja med på arbeidet på garden.

Asgeir Håland driv garden med hjelp av far sin, Arne Håland. Dei er nøgde med multikuttaren frå Serigstad.
Asgeir Håland driv garden med hjelp av far sin, Arne Håland. Dei er nøgde med multikuttaren frå Serigstad. Foto: Foto: Anette Ronæss

Tre generasjonar i slåtten

Til vanleg er dei tre generasjonar som driv slåtten på garden Håland.

Å drive med fôrhaustar i staden for å lage rundballar, krev fleire hender.

Eine dagen slår dei graset.

Så ligg graset på marka og tørkar i eitt døgn.

Andre dagen kuttar dei, haustar og lagrar graset.

Då må éin køyre fôrhaustaren med John Deere-traktoren frå 2003 til avlessarvogna er full.

Éin må køyre Ford 4000 frå 1972 og tømme den fulle avlessarvogna i siloen. Så køyrer han tilbake med tom vogn.

Den tredje står i siloen og pakkar graset.

Men no er odelsguten Leif Arne saman med veslebror Martin på ferie i Spania.

Difor må far Asgeir og farfar Arne avslutte andreslåtten utan yngste generasjon.

– Svigerfar køyrer fôrhaustaren. Han har travle dagar no, seier Elin.

Asgeir Håland og far hans, Arne Håland, er på veg opp for å sjå kva som er neste oppgåve i andre slåtten.
Asgeir Håland og far hans, Arne Håland, er på veg opp for å sjå kva som er neste oppgåve i andre slåtten. Foto: Foto: Anette Ronæss

Stuttreist utstyr

Dyra på garden har allereie begynt å ete av silofôret frå første slåtten.

No fyllast siloane opp at med andre slåtten.

Fôrhaustaren er frå Serigstad.

Slåmaskinen er frå Kverneland.

Over siloane heng siloklo og siloheis frå TKS.

Avlessarvogna er frå Underhaug.

Nokre av desse vognene har «Kverneland» trykt på sida. Dei fusjonerte med Underhaug i 1986, opplyser ein observant lesar.

– Frå då av vart alle «Underhaug-produkta» raude (Kvernelandsfargen), også avlessarvogna, opplyser han.

– Sjå her seier, Elin Rusdal Håland og visar fram at graset no er kutta. Ho ryddar litt med høygaffelen, før neste lass med fôr kjem inn.
– Sjå her seier, Elin Rusdal Håland og visar fram at graset no er kutta. Ho ryddar litt med høygaffelen, før neste lass med fôr kjem inn. Foto: Foto: Anette Ronæss

I 60 år

Elin fortel om nerdete, men koselege samtalar i heimen om kvelden.

Når ho har filma frå slåtten og arbeidet, treng ho vite meir om maskinane og traktorane.

Då er Arne og Asgeir til god hjelp.

Arne Håland har køyrd traktor i 60 år.

Det kan du sjå når han bakkar inn for å få med seg avlessarvogna.

Det held med ein manøver, så er vogna festa.

Traktoren, Ford 4000, som sonen Asgeir køyrer i dag, har Arne køyrd i meir enn 54 år.

– Me fekk den i 1972.

Men Arne debuterte på ein Fordson Dexta.

Den blei produsert av Ford i England mellom 1958 og 1963.

Det står ein Fordson Dexta-traktor i løa på Håland.

Dette var den fyrste traktoren Arne Håland køyrde for 60 år sidan. Det er ein Fordson Dexta.
Dette var den fyrste traktoren Arne Håland køyrde for 60 år sidan. Det er ein Fordson Dexta. Foto: Foto: Anette Ronæss

Det er visst ikkje akkurat den han køyrde på, men ein av same modell og merke.

– Den køyrer me når det er 17. mai, seier Elin.

Garden Håland har vore i slekta i sju generasjonar.

Borna Leif Arne, Martin og Evine er åttande generasjon.

Brev til Amerika

Familien er stolte av garden og av drifta.

Håland ligg luftig til inne i turområdet ved Kleppeloen.

Her er det grøne kjelver, hav og himmel.

Og eit rikt fugleliv.

Når vipa kjem, tar dei omsyn til henne.

Mjølkekyr, kviger, kalvar og sommeroksen er ute på beite.

Det same er sauane.

Og to pensjonerte islandshestar.

Dei tilhøyrer Evine, dottera på garden.

Familien veit ein heil del om korleis livet på garden var i gamle dagar.

– Me har fått breva som vart sende frå garden til slekta som hadde utvandra til Amerika, fortel Elin.

Dei likar å ta vare på historia.

Fordson Dexta vart laga av Ford i Dagenham i England og har 35 hestekreftar.
Fordson Dexta vart laga av Ford i Dagenham i England og har 35 hestekreftar. Foto: Foto: Anette Ronæss