Då ho trudde songkarrieren var øydelagt for alltid, kom han med eit matcha-sett, reiskap til å laga japansk grøn te.
– Eirik gav meg det eg trengde for å stå opp kvar morgon. Det var då eg forstod kva som budde i den mannen, seier Liv Runesdatter.
Ho tar imot i stova hans på Nærland, eit rom med lys frå himmel og hav, der grøne plantar òg ser ut til å trivast.
Fredag kveld skal songaren og komponisten stå på scena i Storstova på Bryne. Med seg har ho poeten Mansur Rajih frå Jemen og Stavanger og eit knippe handplukka musikarar frå fjern og nær, i ein konsert ho har gitt namnet «Likevel synger de».
Brot i strupehovudet
At ho sjølv framleis kan synga, verka ikkje opplagt i 2020.
– Eg hadde brotskadar i strupehovudet etter ei ulykke. Eg kunne ikkje snakka på eit halvt år og visste ikkje om eg ville kunna synga meir. Først etter eit år klarte eg å laga songlyd og skjønte at rehabilitering var mogleg, seier Runesdatter.
Det var ein dramatisk situasjon for ei dame som har stemma som sin viktigaste arbeidsreiskap.
Med base i Stavanger har ho i over 25 år turnert over store delar av verda og samarbeidd med kunstnarar frå over 30 ulike land.
Kollega som blei kjærast
I 18 av desse åra har éin mann vore nær samarbeidspartnar:
Studio- og lydteknikar Eirik Bekkeheien frå Pollestad. Han driv Bekkstudio i Egersund, som ifølge Runesdatter er eit av Norges største lydstudio. Bekkeheien har hatt ansvar for lyden på plater til Tønes, Kaizers Orchestra, Britt-Synnøve Johansen, Was a King, Helldorado og mange andre.
Han jobbar òg som live lydmann for artistar og arrangement, også på Runesdatter sine turnear.
– Før ulukka hadde Eirik vore ein vanvitig god kollega og ein vedunderleg fagleg samarbeidspartnar over mange år. Han forstår kva kjærleik til jobben betyr, seier ho.
Vil synga for sin jærske familie
Fredagens konsert på Bryne er startskotet for ein turne der lyden framleis er i Bekkeheien sine hender. Grunnen til at den startar her, har òg med Eirik å gjera.
– Eg har vore mykje på Jæren dei siste par åra og er blitt glad i området. Men min jærske familie har nesten ikkje høyrt meg, og eg har lyst til at dei skal få vera der på den første konserten, seier ho.
– Meir mangfald på Bryne enn andre stader
Ho roser òg produsent Omund Norheim i Storstova, som ho kallar «ei veldig fin scene».
– Omund gjer kjempeviktig arbeid. Han tar sjansen på å programmera ting som ikkje er rett fram. Det gir Jæren eit kulturtilbod som er mykje meir mangfaldig enn det er mange andre stader, meiner Runesdatter.
Konserten ho sjølv frontar, skaper «et musikalsk univers der rytmiske, harmoniske strukturer og ornamentikk fra det osmanske riket, møter beslektede harmoniske strukturer fra den folkemusikalske haugianer-tradisjonen i Vestfold».
Det like i det ulike
Verdsmusikk.
– Eg er opptatt av folk sine felles erfaringar, limet som held oss saman som menneske. Når eg har reist rundt om i verda, har det gått opp for meg at det finst felles referansar som ikkje handlar om å kunna same songen eller historia til Visteguten. Det er dei mellommenneskelege erfaringane som gir oss evna til å sjå kvarandre i augo og sjå oss sjølv i andre, trass alt anna som er ulikt, seier Liv Runesdatter.
Syng til arabisk poesi
For henne har poeten Mansur Rajih sine tekstar blitt ei kjelde til dette.
Rajih var Stavangers første fribyforfattar. Han kom til byen etter å ha sete 15 år i fengsel i Jemen, arrestert to dagar etter sitt eige bryllaup. I fengselet skreiv han mellom anna kjærleiksdikt til kona, som i alle desse åra slost høgt og lågt for å få han ut.
Etter kvart engasjerte personar og miljø i mange land seg for hans sak.
– Gjennom dei forstod han at han ikkje var gløymt, seier Runesdatter.
Ho har sett melodi til mange av dikta til Rajih, som Tor Obrestad og fleire andre har gjendikta til norsk.
– Menneska har ei fantastisk kraft og intuitiv klokskap i krise, anten det gjeld ein kreftdiagnose, ein krig, eller at livet raknar på anna vis. Ein blir alltid sterkare enn ein trur sjølv.
Tilbake til barndomsstaden
Stavanger har vore basen til Runesdatter sidan ho kom til Rogaland som student ved musikkonservatoriet for fleire tiår sidan. Dei siste par åra har Nærland blitt ein heim nummer to for henne.
Men i sommar har ho òg kasta ut eit anker på Nøtterøy utanfor Tønsberg, der ho vaks opp og har familie:
Ho har kjøpt tre små laftehus rundt eit tun. Planen er å gjera plassen til ein stad for tilreisande kunstnarar.
Tenåringsdottera hennar, som mista far sin i Stavanger for tre år sidan, har nå flytta dit, fortel ho.
– Eg ser at dette er godt for henne å vera omgitt av storfamilie. Eg har eit yrke som krev at eg reiser ein del, på godt og vondt. Dette gjer det lettare for meg å vera heilt til stades når eg er her, seier Runesdatter.
For banda til Stavanger og Jæren er sterke.
– Kjernen i arbeidet mitt er her. Eg er leiar for ein kyrkjemusikkfestival og for vokalensemblet Song Circus sidan 2007. Det er her eg har vener. Det er ingen tvil om at eg vil halda fram å arbeida her. Samstundes håpar eg å kunna setja avtrykk også på heimstaden min, seier Liv Runesdatter.