Eit aldri så lite mysterium begynte slik, på tampen av eit intervju med sjefen i NVE, Noregs vassdrags- og energidirektorat:
– I dag er du vel meir austlending enn jærbu, antyda Jærbladet.
Vassdragsdirektøren heiter Kjetil Lund og vaks opp på Vigrestad. Men 55-åringen har nå lengre fartstid i Oslo enn på desse kantar, og dialekta er sant å seia ikkje heilt intakt.
Noko austlending-stempel ville Lund likevel ikkje ha på seg.
– Eg æ jærbu! Eg føler meg knytt til Jæren ennå, sjølv om eg er mindre på besøk nå, enn før mor døydde i 2016. Både ho og far er gravlagde på Varhaug gamle kyrkjegard. Framleis har eg to brør og nokre av mine aller beste vener på Jæren, sa Lund, som vaks opp i Søre Subagata.
«Vigrest i solgangens glød»
Som for å fjerna all tvil om at identiteten framleis er solid som ein steingard i storm, sette han i å deklamera ein song:
«Ved Katthuset står du ein midtsumarkveld, turalleri, turallera.
Og ser der så vidt ifrå havkant til fjell, turalleri, hurra!
Der nede ligg Vigrest i solgangens glød
Då tenkjer du: «Her vil eg leva og dø»
Turalleri, turallera, turalleri, hurra!»
– Vigrestadsongen, forklarte han.
– Laga av far min.
Kanskje hugsar demenskoret?
Vigrestadsongen!
Jærbladets ringer kulturskulesjef Ragnvald Wernøe i Hå for å få tak i heile teksten.
– Lokale songar og bygdepatriotisme er gøy! seier kulturskulesjefen, som òg er musikar og komponist.
Men ein spesifikk Vigrestadsong kjenner han ikkje til.
– Melodien er jo velkjend, men kanskje meir på det rosa arket frå tante Agathe i konfirmasjonen eller i 60-årsdagen til onkel Bjarne, enn for dei yngre. Og eg meiner at me hadde ein song på den melodien i demenskoret, seier Wernøe.
– Me kan godt testa han ut der! Kanskje nokre av songarane hugsar denne teksten?
Det er demenskorets dirigent, Jofrid Mosland, straks med på.
– Det er ein kjend melodi med snert, absolutt ein fin song som me veldig godt kan testa ut til hausten, seier ho.
Då songar var ferskvare
Wernøe tilrår uansett kontakt med Terje Vold – veteran i Vigrestad sitt musikkliv – for å nøsta vidare.
Men først ringer me Kjetil Lund igjen for å pumpa han for meir informasjon.
– Far skreiv ein del songar, fortel han.
Far var Kjell Lund, tidlegare ordførar i Hå i to omgangar, først for Vigrestadlista frå 1970 til 1975, så for Arbeidarpartiet i 1988 til 1989.
– Han skreiv til bryllaup og konfirmasjonar, til 17. mai og til idrettslaget sine årsfestar. Det var mykje songar til ein gongs bruk. Songar var ferskvare den gongen. Til bryllaup og konfirmasjon skulle ein ha musikk, og den blei produsert der og då. Nå har me jo heile verda av musikk tilgjengeleg.
Akkurat denne songen blei likevel sungen fleire gongar, og etter kvart kalte dei han Vigrestadsongen, ifølge Lund.
– Eg kan ikkje påstå at den blei ein hit. Men den fekk eit liv, seier sonen.
Lokalhistorie
Terje Vold tar telefonen. Han treng ikkje betenkningstid.
– Det der er lokalhistorie, slår han fast.
– Lenge før han blei politikar, var Kjell Lund ein fotballspelar og organisator av dei beste. Og rimet hans er jo perfekt!
Vold trur at Kjell Lund skreiv songen mens han var formann i idrettslaget på Vigrestad.
– Eg ser ikkje bort ifrå at han skreiv den til eit arrangement i klubben, seier Vold.
Han kan songen. Den står i heftet som dei brukar på «Syng med oss»-arrangement på Velferdssenteret kvar tysdag.
– Me syng han ganske mykje, seier mannen som har drive med song og musikk i 60 år.
Men ingenting er rett fram her i verda.
Om kvelden kjem e-post frå Terje Vold.
Han har funne ikkje mindre enn tre ulike variantar av Vigrestad-hyllingar signert Kjell Lund. To av dei går på turalleri-melodien, gjort kjend av Evert Taube. Den tredje er tonesett av O. Thonning Olsen.
«Halve Vigrest» i arbeid
I ni-tida om kvelden kjem ein sms frå Kjetil Lund.
«Nå har eg sett halve Vigrest i arbeid for å finne opphavet til Vigrestadsangen», startar han.
Det har gitt resultat:
Songen stammar truleg frå 1950 og opninga av den nye fotballbanen på Vigrestad. Kjell Lund skreiv fleire songar til Årsfesten i regi av idrettslaget. Den var viktig i åra rett etter 1945, ettersom slikt hadde vore forbudt under krigen, har sonen funne ut.
Og ikkje berre det.
«Ein av dei vart veldig populær og vart ståande – og var kalla Vigrestadsangen».
Her er den:
- På sørlege Jæren med havet mot vest
- Turalleri, turallera
- Der ligg denne stad kor me likar oss best
- Turalleri, hurra!
- Og namnet er Vigrestad, gamalt og godt
- Og me tykkjer alle at det kling så flott
- Turalleri, turallera, turalleri, hurra!
- Ja, her vaks me opp og her fekk me vår heim
- Turalleri, turallera
- Me leika og sprang millom lyngblom og stein
- Turalleri, hurra!
- Om steinut og verhardt og stormfullt her er,
- så fekk me deg alle så inderleg kjær
- Turalleri, turallera, turalleri, hurra!
- Ja, Vigrestad-jente og Vigrestad-gut
- Turalleri, turallera
- Me må halda saman i glede og sut
- Turalleri, hurra!
- I arbeid og idrott me går hand i hand
- Då er me til nytte for folk og for land
- Turalleri, turallera, turalleri, hurra!
- Ved Katthuset står du ein midsumarkveld
- Turalleri, turallera
- Og ser der så vidt ifrå havkant til fjell
- Turalleri, hurra!
- Der nede ligg “Vigrest” i solgangens glød
- Då tenkjer du: “Her vil eg leva og dø”
- Turalleri, turallera, turalleri, hurra!
- Til slutt eit hurra for den stad som er vår
- Turalleri, turallera
- Den skal drivast framover år etter år
- Turalleri, hurra!
- Den lenge skal leva og blomstra, me trur
- Gje framtid for dei som her byggjer og bur
- Turalleri, turallera, turalleri, hurra!