Det var håbuen Eva Hegre som først melde frå til kommunen om søppelet. Første gongen var i mai.
– Så melde eg igjen for ein månad sidan. Etter tre purringar, fekk eg svar, fortel ho.
I svaret stod det at søppelet ligg på kommunen sin eigedom, og at hamne- og næringssjefen ville ta ansvar for oppryddinga.
– Det er me som eig tomta, og då er det òg me som må ta tak i det, stadfestar hamne- og næringssjef Sven Harbo overfor Jærbladet.
Tomta, som ligg mellom Skogateigen og Jærbanen, er regulert til industri.
Jentelag rydda opp
Sjølve ryddejobben gjekk til eit jentelag frå Vigrestad Idrettsklubb. Til saman fylte dei to konteinarar.
– Dei gjorde ein kjempejobb, seier Harbo.
Ryddinga vart gjort før vintersnøen var heilt vekke. Harbo seier at kommunen derfor kjem til å ta ein liten runde til.
Ifølge næringssjefen har søpla samla seg opp over fleire år.
– Nå har me nullstilt. Framover vil me følga med, seier Harbo.
Isopor
Hegre er glad for at søppelet nå er vekke, men er uroa for at det ikkje gjer noko med rotårsaka til forsøplinga.
Ho har merka seg at to av verksemdene som ligg nærast det vesle skogholtet, Vigrestad Betong System og Hå Element, begge driv med utelagring.
Hegre hevdar ho har funne bitar av isoporplater frå betongproduksjon. Dette, seier ho, kan fyka langt.
– Eg har funne søppel frå Hå Element på andre sida av Haugstadskogen, seier ho.
Svein Kåre Mæland i Vigrestad Betong System avviser kategorisk at dei har hatt søppel på avveg. Han seier at dimensjonane på det avfallet som kan komma frå betongverksemd ikkje stemmer med dimensjonane dei nyttar i produksjonen sin.
– Me har kontroll på søpla vår, seier han.
Han legg til at dei er ISO 14001-sertifisert. Noko som set veldig strenge krav til miljøleiing.
– Me er veldig medvitne på miljø og set det høgt. Det er me sterke på, seier Mæland.
Jærbladet har forsøkt å henta inn kommentar frå Maren-Iren Kvia, dagleg leiar i Hå Element, men har ikkje lukkast.
Næringssjef Harbo har vore i kontakt med begge bedriftene om saka.
– Dei var veldig på ballen og var opptatt av at dei må få beskjed om det er søppel på avveg. Dei fortalde meg at når det har vore mykje vind og sånn, pleier dei å ta ein runde og kikka etter boss, seier næringssjefen.
Han seier dei to betongelementfabrikkane må få ha moglegheit til å driva utelagring i det som trass alt er eit industriområde, og at isopor er ein naturleg bestanddel i det dei driv med.
Bildekk og kvitevarer
I samtale med Hegre, Harbo og Mæland understrekar alle at privatpersonar må ta sin del av skulda. Sjølv har dei observert alt frå utrangerte møbel og slitne bildekk, til kvitevarer og eit knust fjernsyn på tomta – ting som definitivt ikkje har komme dit med vinden.
– Noko av søpla me fann kom frå industrien, men det var ganske mykje der som høyrer til på Pytten, seier Harbo.
Pytten på Nærbø er kommunen sin gjenvinningsstasjon for avfall frå private hushaldningar.
Etterlyser betre ordning
I friperiodar på vinteren plukkar Eva Hegre søppel. Mykje av det ho finn, er landbruksplast.
Hegre har ei avtale med Jæren friluftsråd om at ho kan nytta deira sekkar og levera søppelet inn til deira strandryddestasjon på Kvassheim, men skulle ønska kommunen kom meir på banen.
– Det hadde vore gildt om det var lettare å melda frå til kommunen. I fjor plukka eg søppel etter nyttårsfeiringa på toppen av Stokkalandsmarka. Til saman vart det ti bereposar. Eg samla søpla saman og melde frå til kommunen kor det låg, men då me var komne til februar utan at det vart henta, tok eg det i bilen og køyrde det til Kvassheim, fortel ho.
Hegre lurer på om det kunne vore mogleg med innleveringsstasjonar liknande dei kommunen nyttar til hageavfall.
– Hadde det vore lettare å levera søppelet, trur eg fleire kanskje ville plukka, trur ho.