Jonny og Anita Topdal overtok garden på Herigstad i 2017. Frå før hadde dei Auglendsgarden, nokre hundre meter nærmare Bryne.
Med på kjøpet kom ein tom, isolert driftsbygning, som hadde vore brukt til produksjon, lager og sal av linklede.
– Mannen snakka om setta inn sauer her, men nei. Eg syntest det var for fint til at me skulle ha dyr her.
Anita ville ta imot folk, og i 2019 fekk ho løyve til å bruka lokalet til å halda kurs og ha møte.
Kommunen la vekt på at «Linloftet», som den tidlegare drivaren innreidde i 2002, gjer at det ikkje lenger er ein vanleg driftsbygning.
På golvet i første etasje er det toalett, klinkfliser, lysmåla vegger og éin forseggjort fondvegg, mura opp av gammal teglstein.
Bruker garden
Anita fekk nytta bygningen til møte og kursverksemd innan jordbruket, for bygdekvinnene og 4H-klubbane i kommunen.
Ho har sjølv sete fleire år i styret til Time bygdekvinnelag, som har arrangert opne kurs i matlaging, handverk og beredskap.
Til kursa har dei gjerne gått og forsynt seg i hagen hennar på Herigstad, med blomar, frukt, bær og brennesler.
– Eg er rekneskapsførar utanom, men her får eg utfalda meg. Det å bruka tinga me har på garden, det er det eg var ute etter.
Alternativ til hotell
«Anitaståvå» blir òg mykje brukt til feiringar – til julebord, festar og feiringar av store livshendingar.
Kjennskapen til lokalet spreier seg via vener og kjende. Mange er gjengangarar, som kjem tilbake når nestemann skal døypast.
– Det har vore godt tatt imot. Viss dei ikkje har plass heime, og synest hotell er for dyrt, så er dette midt i blinken.
Sosial rekneskapsførar
Når ho arrangerer julemesse over to dagar i november, må loftet og garasjen takast i bruk, for at det skal bli plass til utstillarane.
Når kvelden kjem, har ho snakka seg hås. I fjor tok ho pause frå messa på grunn av helsa, men ho håper å vera tilbake i år.
For tida har ho hjelp til å vaska, men når kneet igjen fungerer som det skal, skal ho ta over.
– Det er god trim, forklarer ho.
Førre julemesse var i 2024:
Godtar bruk
Dispensasjonen frå kommunen trengst fordi bruksendringa av eit heilt landbruksbygg ikkje fell inn under landbruksføremålet.
Kommunen meiner like fullt at dagens bruk fungerer bra.
«Bruk av driftsbygningen til søkt føremål er fornuftig og god bruk av ein mindre driftsbygning som ikkje lenger er tidhøveleg til husdyrhald, og den vil bidra med noko inntekt til gardsbruket», skriv landbrukssjefen i ei anbefaling.
Torfinn Nærland har ikkje innvendingar til å innvilga søknaden om mellombels bruksendring i fem år.
«Dette er basert på erfaringane over lengre tid med bruk av driftsbygningen til søkt føremål, og at det ikkje er registrert konflikt mellom LNFR-føremålet og den utvida bruken av bygningen til gjeldande føremål», skriv han.
Allereie leigd ut
Tilbakemeldinga kjem godt med fordi Anita har allereie bookingar for 2028 og 2029. Konfirmantsesongen 2027 er til og med fullbooka.
Den førre mellombelse dispensasjonen galdt i fem år, frå 2019 – og nå er det 2026. Altså har det skjedd ein glipp.
– Det skulle vore ei klokke som ringde, eg gløymde meg av. Eg fekk nesten litt panikk, men nå går det godt, smiler Anita.
Statsforvaltaren i Rogaland og Rogaland fylkeskommune slutta seg til vurderingane frå landbrukssjefen, og gjorde at byggesaksavdelinga i kommunen kunne innvilga søknaden om mellombels dispensasjon.