Bjørn Ståle Bekkeheien frå 17. mai-komiteen ved Høyland skule leder an feiringa.
Bjørn Ståle Bekkeheien frå 17. mai-komiteen ved Høyland skule leder an feiringa. Foto: Håvard Ovesen

Reint værmessig er det ein nasjonaldag av det heilt sjeldne slaget. I skulegarden til Høyland skule er det fullt av folk som kosar seg ute i sola. Slik tradisjonen er, får sjuandeklassingar som skal forlata skulen, utdelt sølvskeier. Foreldra tar bilde.

Så får konferansier Bjørn Ståle Bekkeheien barna til å synga Høyland-songen, før leikane kan starta.

Den første leken er enklast. Det er eit løp, spring fram og tilbake over marka før du hentar ein liten premie. Ungane vert sendt av garde trinn for trinn, enkelte med høgare intensitet enn andre.

Etter eit par omstartar er fjerdeklassingane i gang med løpet.
Etter eit par omstartar er fjerdeklassingane i gang med løpet. Foto: Foto: Håvard Ovesen
Fjerdeklassingar i fint driv inn mot målstreken.
Fjerdeklassingar i fint driv inn mot målstreken. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Seinare følger det andre leikar, som fiskedam, kast på blikkboksar, stylteløp, sekkeløp og så bortetter.

Alfred Balder Gustavson Høyland (10) og Margit «Grevling» Nærland slår kvarandre med kva sin sekk for å sjå kven som først fell av tømmerstokken dei sit på.

– 17. mai er veldig gildt. Eg skal ete mykje is, seier Nærland.

Margit «Grevling» Nærland og Alfred Balder Gustavson Høyland slår seg laus.
Margit «Grevling» Nærland og Alfred Balder Gustavson Høyland slår seg laus. Foto: Foto: Håvard Ovesen
Elise Nærland og Marit Wiig Nærland prøver seg i fiskedammen.
Elise Nærland og Marit Wiig Nærland prøver seg i fiskedammen. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Dei fleste sit ute i finvêret, men serveringa går føre seg inne i den pynta gymsalen. Eric Perroud er med og sel kaker, brus og kaffi på dugnad. Mange foreldre har bakt flotte kaker, og etterspurnaden er stor.

– Det var roleg litt tidlegare på dagen, men nå har det vorte travelt, seier Perroud.

Janne Nærland (frå venstre), Anita Jensen og Eric Perroud har det travelt med å servera kaker og kaffi til alle som vil ha.
Janne Nærland (frå venstre), Anita Jensen og Eric Perroud har det travelt med å servera kaker og kaffi til alle som vil ha. Foto: Foto: Håvard Ovesen
Brynjulv Helliesen Gudmestad (snart tre) spring det han er kar om i heatet for dei som ikkje har starta skulen. I mål ventar premie.
Brynjulv Helliesen Gudmestad (snart tre) spring det han er kar om i heatet for dei som ikkje har starta skulen. I mål ventar premie. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Han er imponert over kakene foreldra har levert til utsalet.

– Du skulle tru det var konditorar som hadde laga dei. Standarden er vanvitig høg, seier han.

Ute sit Arnt Egil Nærland, Gunn Nærland og Helga Høyland og nyt sola. Dei tre seier til Jærbladet at det ikkje ofte dei har sett like mange vera med på 17. mai-feiringa som i år.

Arnt Egil Nærland (frå venstre), Gunn Nærland og Helga Høyland er glade dei kan nyta finvêret ute i skulegarden.
Arnt Egil Nærland (frå venstre), Gunn Nærland og Helga Høyland er glade dei kan nyta finvêret ute i skulegarden. Foto: Foto: Håvard Ovesen
Bygdefolket naut sola i skulegarden.
Bygdefolket naut sola i skulegarden. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Alle tre har barnebarn som går på skulen.

– Dette var ein sjeldan bra dag, seier Arnt Egil Nærland.

Han burde vita kva han snakkar om. Han har sjølv vore elev ved Høyland skule, og seier han har vore med på minst 60 nasjonaldagsfeiringar her.

– Det er eit kjempeframmøte av folk. Det er nok det gode vêret som gjer det, seier han.

– Det er heilt fantastisk. Det er lenge sidan sist det var så fint vêr på 17. mai, seier Helga Høyland.