Børge Brunes er open for at Klepp kommune ikkje lenger finst i framtida.
Børge Brunes er open for at Klepp kommune ikkje lenger finst i framtida. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim (arkiv)

– For ti år sidan hadde me ei folkeavstemming av kommunesamanslåing mellom Klepp, Time og Hå. Resultatet var klart den gongen, men no er situasjonen ein heilt annan, sa Børge Brunes under møtet måndag kveld.

73 prosent av kleppsbuane svara då at dei ikkje ville slå seg saman med Time og Hå. I Hå var det 74 prosent som var imot. Berre i Time var det eit lite fleirtal for samanslåing: 56,4 prosent.

Folkeavstemminga i 2016 tok altså føre seg ei samanslåing av alle dei tre jærkommunane. Denne gongen utelukka Brunes den sørlegaste av dei.

Han viste til det han kalla for eit frieri frå Andreas Vollsund (H), ordføraren i Time, til å ta dialogen på nytt.

– Eg trur den neste diskusjonen bør handle om Time og Klepp. Der trur eg tida er moden, sa Vollsund til Jærbladet i februar.

Den best styrte kommunen er samanslått

Forslaget blei presentert i ein såkalla interpellasjon under kommunestyremøtet måndag kveld. Dette er ein førespurnad frå ein folkevald til ordføraren.

19 representantar i kommunestyret stemte imot å diskutere og behandle saka, 12 stemte for.
19 representantar i kommunestyret stemte imot å diskutere og behandle saka, 12 stemte for. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Brunes vil lage eit nytt faktagrunnlag slik at politikarane kan sjå på fordelar og ulemper.

– Kva er argumenta for ikkje å ønskje eit faktagrunnlag? Undersøkingar viser at me fungerer godt i dag, men veit me at dagens modell er den beste? spurde han.

Han viser til at Klepp var den fjerde beste styrte kommunen i fjor, ifølgje Agenda kaupang, men at vinnar Sandefjord kommune blei slått saman av tre mindre i 2017.

– Kan ikkje berre styre etter kjensler

Brunes trakk også fram det breie samarbeidet mellom kommunane. For eksempel har dei felles NAV-kontor, flyktningteneste og felles skule på Vardheia.

Nokre timar i førevegen, gjekk kommunestyret også inn for å sjå på eit nytt skulesamarbeid med Frøyland ungdomsskule.

– Det krev mykje koordinering. Det er ofte ulike prioriteringar, tar tid og krev ressursar, og det opplevast ikkje alltid like smidig, argumenterte Brunes.

Han meiner at dei to kommunane heng stadig tettare saman og at grensene ikkje speglar av korleis folk lever livet sitt i dag.

– Og så er det dette med tilhøyrsle, at me er kleppsbuar. Men me kan ikkje berre styre etter kjensler, me må styre etter å ta avgjerder for å lage den beste skulen, dei beste helsetenestene og beste økonomien ti år framover, når me står framfor store utfordringar.

Interpellasjonen munna ut i eit spørsmål til ordførar Kjetil Maudal (Frp): kvifor ikkje ta ein open dialog med Time kommune om kva riktig struktur faktisk bør vere?

Negativ til at Klepp og Time blir «Jæren kommune»

Venstre hadde til slutt eit forslag til vedtak om at Klepp tar initiativ til dialog med Time, med sikte på å gjennomføre ei felles, kunnskapsbasert utgreiing av framtidig kommunestruktur.

Kommunestyret stemde over om dei ønskte å diskutere og behandle saka. 19 av 31 representantar stemte i mot, og la dermed debatten daud før den i det heile hadde starta.

Då fekk dei heller ikkje høyre svaret som ordføraren hadde førebudd.

Maudal uttalte seg til Jærbladet om tematikken i februar, etter at Time-ordføraren gav uttrykk for at han godt kunne tenke seg Jæren kommune innan 2031, gjerne med rådhus på Kleppe:

– Det er ikkje aktuelt frå vår side. Svaret me fekk i førre runde var så pass tydeleg at eg tenker dette ikkje er aktuelt for innbyggarane våre, sa han.

Han innrømma at resultatet frå 2016 nok kunne blitt litt annleis om spørsmålet gjaldt samanslåing mellom Time og Klepp, men sa at han meiner argumenta frå førre runde framleis står seg.

– Me driv ein god kommune, med god økonomi, god oversikt og nærleik til folket. Det finst ingen fasit som seier at alt blir mykje betre om det berre blir større. Dei fleste statistikkar viser at du ikkje klarar å drive meir effektivt om du er 50.000 innbyggarar heller enn 20.000, sa han.