Gunn Mæland (t.v) og Merethe Elin Kvia frå Hå frivilligsentral har god grunn til å vera nøgde etter kjoleauksjon og åresal under Afternoon Tea i Pauserommet i Sirevåg laurdag.
Gunn Mæland (t.v) og Merethe Elin Kvia frå Hå frivilligsentral har god grunn til å vera nøgde etter kjoleauksjon og åresal under Afternoon Tea i Pauserommet i Sirevåg laurdag. Foto: Privat

Då Pauserommet i Sirevåg arrangerte «Afternoon Tea» laurdag ettermiddag, heldt Frivilligsentralen i Hå kjoleauksjon. Inntektene frå auksjonen gjekk til den ideelle organisasjonen Hjerte for Hå.

Hjerte for Hå er ein organisasjon som deler ut mat til heimar som treng det. Over halvparten av desse heimane er barnefamiliar.

Organisasjonen starta i Norkirken på Vigrestad, og heitte opphavleg Hjerte for Vigrestad. Etter kvart har dei utvida verksemda til heile kommunen, og difor endra namn til Hjerte for Hå.

Pauserommet var fullstappa. Femti damer hadde møtt fram.

– Me hadde folk på venteliste som hadde lyst til å vera med, fortel Merethe Elin Kvia frå Hå frivilligsentral.

Det var så populært med kjoleauksjon og åresal i Pauserommet at folk skreiv seg på venteliste. Berre 50 slapp inn.
Det var så populært med kjoleauksjon og åresal i Pauserommet at folk skreiv seg på venteliste. Berre 50 slapp inn. Foto: Foto: Privat

Ho er strålande nøgd med resultatet.

Til saman samla dei som hadde møtt fram inn 15.160 kroner. Desse pengane skal gå til Hjerte for Hå sitt arbeid.

Jærbladet skreiv først at auksjonen fekk inn 13.600 kroner. I etterkant har arrangørane oppjustert dette talet.