Martin Ødegaard og Erling Braut Haaland vart intervjua på indre bane av journalist Marius Skjelbæk etter storsigeren mot Moldova.
Martin Ødegaard og Erling Braut Haaland vart intervjua på indre bane av journalist Marius Skjelbæk etter storsigeren mot Moldova. Foto: Skjermdump frå liveintervju, brukt med godkjenning frå TV2

Norges nummer 9 hadde spelt til ein 10-ar på børsen: 5 mål, 2 assist, og gav vekk straffesparket som Thelo Aasgaard sette i mål.

Journalist Marius Skjelbæk hadde leitt etter eit jærsk uttrykk som kunne passa etter at Moldova var blitt grusa på Ullevål.

– Er «wow» ein riktig stad å begynna etter ein 11-1-kveld?

– Ja, det er ganske sjukt dette her, må eg seia. Det er eigentleg ikkje noko å seia. Det snakkar for seg sjølv.

– Kva er det jærske uttrykket? Eg prøvde å finna adjektivet, men eg er ikkje så god der.

Det er Braut Haaland, som tidlegare har fått skryt frå språkdirektør Åse Wetås for å bevara dialekten.

Han brukte eit par sekund, laga ein liten grimase, før han trakk på skuldrene og prøvde seg:

– Grævla bra? Er vel fort det.

Fotballekspert i TV2, Simen Stamsø-Møller, tok hardare i: «Herregud for et monster. Det er helt sykt å se på. Det var åpenbart at han skulle score flere mål i dag, men han er nobel og gir ballen til Thelo Aasgard. En helt utrolig god kamp av Haaland i dag. Selv for hans høye standard er dette en ufattelig god kamp av ham. Det er bare til å bøye seg i støvet.»
Fotballekspert i TV2, Simen Stamsø-Møller, tok hardare i: «Herregud for et monster. Det er helt sykt å se på. Det var åpenbart at han skulle score flere mål i dag, men han er nobel og gir ballen til Thelo Aasgard. En helt utrolig god kamp av Haaland i dag. Selv for hans høye standard er dette en ufattelig god kamp av ham. Det er bare til å bøye seg i støvet.» Foto: Foto: Skjermdump frå TV2.no

«Dæ va kje ringt»

Slik Jærbladet har skrive tidlegare, er det ikkje alltid resten av Norge forstår kva Erling Braut Haaland meiner å uttrykka.

Då han i november svarte «jedna» på spørsmål om han, som fungerande norsk kaptein burde ha snakka med pressa, vart det tolka som eit imøtekomande «gjerne».

Norge hadde gått på eit stygt 1–5-tap mot Austerrike, men det var ikkje ein angrande syndar som møtte pressa før neste kamp.

«Som sagt, æg burde jedna snakt. Æg burde jedna snakt mæ nogen rett itte kampen», svarte Haaland.

Svaret hans betydde «kanskje», konstaterte professor emeritus Jan Kristian Hognestad her i Jærbladet.

«Sprenger skalaen i fillebiter», skriv Mina Finstad Berg, sportskommentator i TV2, onsdag. «Hva skal man egentlig si etter en kveld som denne? Alle ordene brukt opp. Men jeg må prøve likevel.» Kvelden i førevegen var det ein kollega ute på banen som forsøkte, under intervjuet med Erling Braut Haaland.
«Sprenger skalaen i fillebiter», skriv Mina Finstad Berg, sportskommentator i TV2, onsdag. «Hva skal man egentlig si etter en kveld som denne? Alle ordene brukt opp. Men jeg må prøve likevel.» Kvelden i førevegen var det ein kollega ute på banen som forsøkte, under intervjuet med Erling Braut Haaland. Foto: Foto: Skjermdump frå TV2.no

TV2-journalist Marius Skjelbæk, som er frå Oslo, har opplagt ikkje servert middag til ein jærbu.

Spørsmålet hans er ikkje så lett å svara på. I Dialektstafetten i Jærbladet har Jan Asle Sele greidd ut på eksemplarisk vis.

Foto: Faksimile frå Jærbladet 11. september 2015
Foto: Faksimile frå Jærbladet 11. september 2015 Foto: Foto: Faksimile frå Jærbladet 11. september 2015

Sele tok føre seg ordet «smolka», som tyder å humra eller småflira, og brukte det til å seia noko allment om jærbuen:

Jærbuen æ jo tradisjonelt en tebagehalden person så ikkje jære for møje av seg, og mens folk frå mange andre kanta av lanne nok pleie åbna kjeftamente på vidt gab og higra og læ så dæ gjalla i liene når di høyre morsomhede di tykkje mon i, så vil nok kanskje en goe jærbu halla seg for goe for dette, og heller bare smolka en smule. Dette betyr ikkje at an ikkje tykkje dæ æ løye - på same måden så når jærbuen itte et rektig så godt måltid jedna seie atta «dæ va kje ringt», elle i ekstreme tilfelle «dæ va væl edanne», så vil en smolkanne jærbu itte en morsomhed he vorte serverde konna tyda på an tydde dæ va rektigt så smikkløye.

– Det han burde sagt

Inger Undheim kom inn i Moldova-kampen på stillinga 4–0, rett før pause, og var redd ho hadde gått av glipp av alle måla.

Men leiaren ved Nasjonalt Garborgsenter fekk sjå mange fleire mål, i storsigeren VG-kommentator Trond Johannessen kallar «en uvirkelig triumf».

Ho var spent då Braut Haaland vart beden om å svara med eit jærsk adjektiv.

– Eg sat og tenkte: Kva hadde eg svart? Kva kjem han til å svara nå? Og då måtte han ty til det gode, gamle «grævla bra».

Men den jærske begeistringsskalaen stoppar ikkje der, fortel Undheim.

– Det eg tenkte at han burde sagt, var «magalaust»! Viss han (Skjelbæk) hadde ringt han opp i dag, hadde han (Haaland) kanskje hatt mange gode forslag til uttrykk han kunne sagt.

Sjølv har ho fleire alternativ. Når det er sagt, legg ho ikkje skjul på at Braut Haaland trass alt har dratt på.

– Grævla bra er jo faktisk eit kraftuttrykk av dimensjonar for ein jærbu.

Inger Undheim er ekspert på jærsk språk og kultur. Ho har fleire alternativ ord på lur.
Inger Undheim er ekspert på jærsk språk og kultur. Ho har fleire alternativ ord på lur. Foto: Foto: Alise Lea Tiller (arkiv)

Kraftigare alternativ

– Eg føler «magalaost» er endå litt høgare på superlativskalaen. Men generelt er eg ei dame som lett blir begeistra, som kanskje gjer at eg har lettare for å ty til superlativa, fortel Undheim.

Den jærske begeistringsskalaen er med andre ikkje skriven i stein – her er det individuelle skilnader.

– «Va kje ringt» – det er ikkje min stil. Då er det heller «fantastisk»!

Heimefrå veit ho at ordet «grævla» ikkje vart sett på som stovereint i alle krinsar på Jæren, sidan det minner om eit grovt banneord.

Faren hennar, som hadde fått beskjed av mora si om ikkje å seia det ordet, hadde fått eit råd av onkelen: «Sei grassat!»

– «Grassat» er jo veldig bra. Eg veit ikkje – det høyrdest veldig kraftig ut. Så du har to der, «grassat» og «magalaust»

Kanskje kan me finna eitt til? Undheim føreslår Brigt Skrettingland, ein annan jærbu med evne til å la seg begeistra.

Fem: Så mange mål skåra Erling Braut Haaland i ein grævla bra fotballkamp.
Fem: Så mange mål skåra Erling Braut Haaland i ein grævla bra fotballkamp. Foto: Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Berre eitt ord

Skrettingland fekk med seg heile kampen, men sovna før intervjuet med Braut Haaland.

Etter å ha fått innvilga ein lengre tenkepause, kjem han tilbake:

– Noko som kunne vore kjempejærsk, er viss han hadde tatt i bruk underdrivinga me ofte bruker: «Dæ æ kje den værste kampen me he spælt».

Brigt Skrettingland er skodespelar og jobbar som programleiar for TV-Vest.
Brigt Skrettingland er skodespelar og jobbar som programleiar for TV-Vest. Foto: Foto: Studio Hjelm

Hakket saftigare er det andre forslaget: «Hekkan så rått.»

Men han endar opp med å føreslå det same ordet som Inger Undheim:

– Det einaste jærske enkeltuttrykket som kan oppsummera gårsdagens kamp, er: «magalaust»