Rickshawar, i dette tilfellet el-syklar, har to siteplassar framme. Desse har vorte nytta heile vegen frå Nordkapp til Klepp. På biletet er syklist og passasjerar frå frivilligsentralen i Klepp, Terje Barka, Alieksandra Balolbolnova og Yuliia Fomina.
Rickshawar, i dette tilfellet el-syklar, har to siteplassar framme. Desse har vorte nytta heile vegen frå Nordkapp til Klepp. På biletet er syklist og passasjerar frå frivilligsentralen i Klepp, Terje Barka, Alieksandra Balolbolnova og Yuliia Fomina. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

– Å få lov til å vere med å markere dette viktige arbeidet er kjempekjekt, det er eit privilegium å få lov til å vere med å markere desse dagane i Rogaland.

Tidlegare terrengsyklist Gunn-Rita Dahle Flesjå er med som deltakar i Sykkelturen 2022. I regi av Norges Frivilligsentraler og ei rekke samarbeidsorganisasjonar, er ein denne sommaren invitert til å vere med å sykle frå Nordkapp til Arendalsuka, der ein sykler etappevis gjennom alle fylke og nokre kommunar.

Måndag var turen komen for å sykle gjennom Klepp.

Gunn-Rita Dahle Flesjå og Terje Barka sykler etappen gjennom Klepp måndag. Her med leiar Ann Kristin Hatletvedt (i midten).
Gunn-Rita Dahle Flesjå og Terje Barka sykler etappen gjennom Klepp måndag. Her med leiar Ann Kristin Hatletvedt (i midten). Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Ann Kristin Hatletvedt er leiar i Klepp Frivilligsentral, og ansvarleg for Sykkelturen i Rogaland.

– Målet er å feire frivilligheitens år og å løfte fram frivilligheiten i heile landet, i bygd og by, seier ho.

På si nettside skriv Norges Frivilligsentraler at Sykkelturen 2022 er eit ledd i arbeidet knytta til regjeringa si kvalitetsreform "Leve hele livet". Turen skal belyse verdien av å føle seg til nytte i samfunnet, og å oppleve gode relasjonar i kvardagen.

Lokale sykler og sit på som passasjerar gjennom kommunane, og deltakarane vert byta ut kvar dag. Både frivillige, ordføraren i Klepp, fylkesordføraren i Rogaland, nokre frå administrasjonen og andre deltakarar er med på måndagsetappen denne veka. Blant dei er Terje Barka, som høyrer til Klepp frivilligsentral.

– Det er veldig gildt, sånn som denne dagen her. Ikkje berre for å markere, men også for dei av våre medlemmer som får lov til å sitje på og ha det gøy, seier han.

Sykkelturen 2022 starta laurdag 21. mai og vert etter planen avslutta 15. august. Då har syklane brukt ei veke gjennom kvart fylke i landet.

Deltakarane i Sykkelturen 2022 kunne måndag sjå unge BMX-syklarar i full konsentrasjon på banen i Klepp.
Deltakarane i Sykkelturen 2022 kunne måndag sjå unge BMX-syklarar i full konsentrasjon på banen i Klepp. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Undervegs i etappane er det tilrettelagd for eit mangfald av aktivitetar, arrangert av ulike frivillige organisasjonar. Måndag er det mellom anna surfekurs og sandslottkonkurranse på Borestranda, førstehjelpskurs, kyrkjekaffi, konsert på Kleppevarden og ei baneøkt med born og ungdom frå Klepp BMX på programmet.

Torger Skretting sykler i Klepp BMX, og trener her fleire gonger i veka. Han seier at det er sett opp eit styre i organisasjonen, der dei fleste er frivillige foreldre. Dette vart gjort fordi det ikkje er så mange deltakarar, men at dei ynskjer å halde sporten i gong.

– Er det eit godt apparat som står i ryggen på oss, så vert det jo betre, seier han.

På programmet står det også at Flesjå skulle ha deltatt i baneøkta, men ho seier at ho ikkje har erfaring med BMX, og måtte hatt terrengsykkel om det ikkje skulle gått gale på banen.

– Det er utruleg kva dei får til på dei små syklane, seier ho, med refereranse til gutane som køyrer på banen bak henne i augeblinken.

Magnus Haaland (13) og Torger Skretting (15) trener i Klepp BMX til vanleg.
Magnus Haaland (13) og Torger Skretting (15) trener i Klepp BMX til vanleg. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Tirsdag kjem Sykkelturen 2022 til Time og Hå.

Det vil mellom anna verte frokost på Time frivilligsentral, presentasjon av Jæren traktorpulling, Time bondelag og Time bygdekvinnelag, og sykling gjennom Noregs største drivhus.