Bjarne Kvia Mæland sit i arrangementskomiteen for Vigrestaddagane. – Dette er ein samlingsplass. Me treff folk og snakkar i lag. Du kan sjå på folk at dei trivst, seier han.
Foto: Håvard Ovesen
Lars Waldeland (frå venstre), Erik Aarsland og Heine Haugland har ikkje vore på Vigrestaddagane på mange år. I år har dei komme for å få med seg gratiskonserten med Johnny Red & the Prayerhouse People.
– Det er kjekt med mykje kjentfolk, seier dei om arrangementet.
Foto: Håvard Ovesen
Ruth Kristensen og Marta Scheie sel kjolar for Lions Club. Nokre av dei er gjenbrukte og nokre er nye. Pengane dei får inn går til Markus-løpet og barnekreftsaka. Lions Club har allereie gitt 30.000 kroner til saka.
Foto: Håvard Ovesen
Elektrofag Jæren, her ved Benjamin Vigrestad (t.v) og Kim Tore Holen, stiller opp på Vigrestaddagane. Ikkje berre har dei ein eigen stand, men dei legg og ned ein monaleg dugnadsinnsats før og etter. – Me må støtta opp om bygda og lokalmiljøet, seier Holen.
Foto: Håvard Ovesen
Før Johnny Red and the Prayerhouse People kom på scena, blei dei introdusert som «noko av det beste musikalske som har komme frå Vigrest».
Foto: Håvard Ovesen
Jorunn Johanson og Ellen Aarsland samlar inn pengar til KPK-Ukraina. Dei sel blant anna vesker og serviettar laga i Ukraina.
– Dei blir sende opp med traileren som køyrer ned med hjelpesendingar, fortel Johanson.
I tillegg sel dei lappar.
– Dei er lokalproduserte, seier Johanson.
Foto: Håvard Ovesen
Jakob Mattingsdal Åsland helser på sauene Søre Hå bondelag har tatt med seg til Vigrestaddagane.
Foto: Håvard Ovesen
Tobias Haugstad, Lucas Stavnem Rød og Adrijus Perminas er på dugnad for Vigrestad G19.
– Det er gildt med noko som samlar bygda. Det er mange gode aktivitetar og ting å finna på, seier dei tre som i det Jærbladet treff dei, styrer hoppeslott-køen.
Foto: Håvard Ovesen
– Me har det finaste torget i Hå, fastslåt Paul Vigrestad. Han er mangeårig medlem av arrangementskomiteen.
– I år er siste året mitt, påstår han.
Foto: Håvard Ovesen
Aarsland Kjøkken og Garderobe er med på Vigrestaddagane for første gong.
– Me er her for å visa oss fram og treffa folk. Dette er eit vanvitig bra arrangement, seier Halldis Aarsland Fuglestad (t.h).
– Det er gildt å snakka med folk, seier Norunn Marie Nord-Varhaug.
Foto: Håvard Ovesen
Rune Friestad (t.v) og Joakim Vagle frå AVE Systemer er veldig bøsne i dei rosa buksene sine. – Me prøver å stikka oss fram, seier Vagle. Det klarar dei: – Eg skulle hatt godt betalt for å gå i dei buksene der, sa ein anonym (eller misunneleg?) vigrestadbu til Jærbladet.
Foto: Håvard Ovesen
Marianne Særheim prøver seg på ballkasting hjå Gisle Rør. – Det er veldig koseleg, seier ho om Vigrestaddagane.
– Her får du god mat og god drøs. Eg elsker å drøsa med folk. Det er gildt at så mange kjem hit, seier ho.
Foto: Håvard Ovesen
For halvannan måned sidan starta Norgesdemokratene eige lokallag i Hå. Som einaste politiske parti som er til stades på Vigrestaddagane, har dei tjuvstarta på neste års valkamp. Vigrestadbuen Bjørn Halvor Enciso Kvilhaug (t.h) har fått med seg Jostein Thu frå lokallaget i Klepp og Time på dugnaden.
Foto: Håvard Ovesen
Abraham Aarsland (bak) held styr på ei av dei travlaste bodene under Vigrestaddagane, nemleg grillen. Til det får han god hjelp av Angelina Westgaard, Andrea Oropeza-Moe, Anneli Oropeza-Moe, Sigrid Skårland og Klara Odland.
Foto: Håvard Ovesen
Kafe Ståvå har i høve dagen tatt turen ut frå ståvå og inn på torjå. Gunn Kjellesvik og Hans Kristian Dalaker kan fortelja at det går unna av både vafler, pølser, softis og fiskesuppe.
Foto: Håvard Ovesen
Det er mange utstillarar på Vigrestaddagane. I alt er det 32 stands. Det er full kapasitet. Arrangørane måtte seia nei til fleire som ville komma.
Foto: Håvard Ovesen