Lukta av grillmat breier seg over parkeringsplassen utanfor Jærhagen.
På rekke og rad står eit tosifra antal matvogner, «food trucks», klare for å servere svoltne jærbuar den maten dei skulle ønskjer å bestille.
Det er Street Food Norway som står bak festivalen.
– Kjekt at det skjer noko
Klokka har bikka 12 fredag, og buene har akkurat opna for dagen.
Blant utvalet på menyen er kyllingrettar, japansk, koreansk og gresk mat, taco, pannekaker ost og spekemat.
– Me tenkte å ta oss ein runde og sjå først, men det blir sikkert at me bestiller noko, seier Karina Fjølstad.
I likskap med Solveig Sigmundstad, går ho heime i mammapermisjon i desse dagar.
– Det er jo veldig kjekt at det skjer noko, iallfall når ein går heime, seier sistnemnde.
Fram til søndag
Buene dukka opp torsdag, og blir ståande fram til søndag kveld.
Fredag formiddag er nok ikkje det travlaste tidspunkt for aktørane i vognene. Men litt etter litt dukkar nysgjerrige moglege kundar opp på plassen.
Blant dei er Siri Øksnevad Olsen, senterleiar på Jærhagen. Jærbladet treffer på henne medan ho ventar på maten sin.
– Heile senterkontoret er ute, smiler ho.