Det over 20 år gamle huset til Karin Sunderø og Finn Egil Våga er som forut for si tid. Med sitt moderne preg, avslører det ikkje alderen så lett.
Det over 20 år gamle huset til Karin Sunderø og Finn Egil Våga er som forut for si tid. Med sitt moderne preg, avslører det ikkje alderen så lett. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Mellom einebustader, ein liten grusveg og noko som knapt kan kallast ein leikeplass, står det grånande huset til Finn Egil Våga og Karin Sunderø.

Fasadekledninga er vedlikehaldsfri, og endrar seg i takt med tida og omgivnadene.

Det 235 kvadratmeter store huset er omgitt av grøne vekster på alle kantar.
Det 235 kvadratmeter store huset er omgitt av grøne vekster på alle kantar. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Hagen ligg bortgøymd, ramma inn av høge tre og buskas – men tillèt likevel plass til sola heile dagen.

Kvitmåla flater innvendig avslører eit enkelt design. Små detaljar presenterer likevel eit gjennomgåande tema i heile huset, teikna av arkitekt Torbjørn Fuglestad tilbake i 2005.

– Me ville ha eit samtidsuttrykk, og ville at det skal høyre til på Jæren og reflektere staden, seier Sunderø, som bortsett frå enkelte føringar gav arkitekten ganske frie taumar.

Karin Sunderø var bestemt på at huset skulle ha to inngangar, den eine med tilgang til vaskerom, slik at huset er funksjonelt og kan brukast av storfamilien.
Karin Sunderø var bestemt på at huset skulle ha to inngangar, den eine med tilgang til vaskerom, slik at huset er funksjonelt og kan brukast av storfamilien. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Fargen på vindaugskarmane utanfor er inspirerte av timoteien som veks på Jæren. Murane består av dagstein frå området.

– Me er ikkje så veldig opptatte av den siste fargen i Jotun-katalogen. Me vil gjerne ha eit nøytralt hus som kan gi oss moglegheiter til å farge det på innsida med dei tinga som er viktige for oss, seier Sunderø.

Kjøpte møblar som varer – men er glade i ting

Det over 20 år gamle huset er som forut for si tid. Med sitt moderne preg, avslører det ikkje alderen så lett.

– Me valde eit tidlaust og klassisk uttrykk, og hoppa ikkje på ein trend som var der og då. Eg trur det har med flatene å gjere, lyset som kjem inn, heile huset, seier Våga.

Kunst har stor plass i heimen til Våga og Sunderø. Sitjegruppa står i første etasje.
Kunst har stor plass i heimen til Våga og Sunderø. Sitjegruppa står i første etasje. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Eit par lampar og litt nytt møblement har blitt tilført, men huset med fargane og materialbruken er heilt likt, forklarer Sunderø.

Sitjegruppene i første etasje er 20 til 30 år gamle, og matbordet fekk dei designa til huset då det blei bygga.

Likevel vedgår paret at dei er glade i ting. Ein tur i andreetasje overtyder om det.

Sunderø tar Jærbladet med på ein rundtur i verda.

Englane er frå Brasil, og er berre ein liten del av suvenirane paret har tatt med seg frå dei forskjellige verdshjørnene. – Det er litt med raritetane, rett og slett, at det er ei politisk historie og ei kulturhistorie i landa ein har vore og besøkt, som ein kan bli minna litt på, seier Sunderø.
Englane er frå Brasil, og er berre ein liten del av suvenirane paret har tatt med seg frå dei forskjellige verdshjørnene. – Det er litt med raritetane, rett og slett, at det er ei politisk historie og ei kulturhistorie i landa ein har vore og besøkt, som ein kan bli minna litt på, seier Sunderø. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Masker frå Venezia, Tanzania og Sri Lanka heng som pynt på veggen, saman med ei stor samling originale teikneseriar. Lakkarbeid frå Kambodsja, hattemodellar frå modisten Mona Strand – og ein drøss med Tintin-figurar er utstilt på bokhyllene i rommet.

– Me har vore veldig mykje ute og reist. I staden for å kjøpe kjøleskapsmagnet med eit eller anna bynamn på, har me kjøpt ting, forklarer Sunderø.

Paret deler kjærleiken for teikneseriar, og har ei heil samling av dei på veggen.
Paret deler kjærleiken for teikneseriar, og har ei heil samling av dei på veggen. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

– Denne delen er hola til meg og Finn. Det er her alle dei litt sære tinga me har erverva oss gjennom livet har hamna, ler ho.

Ho tar fram noko som liknar ei vekkarklokke i kvit.

– Denne veldig lekre tingen frå Dubai fann eg, til mi store overrasking, igjen på designmuseet i London. Det er jo heilt fabelaktig.

Ikkje rett fram å minske boksamlinga

Våga er mangeårig journalist i Stavanger Aftenblad.

Også Sunderø har bakgrunn som journalist, men peila seg seinare inn mot arbeid med kunst, mellom anna som kurator og leiar i Bryne kunstforening.

– Utanom familie og vennar, sjølvsagt, er det litteratur, kunst og samfunnsengasjement generelt me brenn og lever for, seier ho.

Karin Sunderø kjem frå Sauda og Finn Egil Våga frå Karmøy. Fastlandskarmøy, presiserer han.
Karin Sunderø kjem frå Sauda og Finn Egil Våga frå Karmøy. Fastlandskarmøy, presiserer han. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Boksamlinga deira hadde på eit tidspunkt vakse seg altfor stor. Samtidig har ikkje huset kjellar eller loft, mellom anna fordi det berre fører til at ting blir hamstra og sett vekk, ifølge Sunderø.

For å få plass til nye ting, måtte gamle ting vike.

Våga synest det er vanskeleg å anslå kor mange bøker dei har i dag, men trur dei må ha kvitta seg med fleire tusen.

– Det var bøker overalt – på golvet, i alle rom. Det var fullstendig kaos, anarki. Det var naudsynt å gjere noko, men eg brukte mykje tid på å finne den første boka eg skulle kvitte meg med.

– Var det vanskeleg å gi vekk bøker?

– Dei første. Eg brukte sikkert 2,5 timar på å finne første boka. Det var ei bok om hjortetråkk på Karmøy.

Partnaren ler.

– Det er ei bok eg nok ikkje kjem til å sakne, men jo meir tid eg brukte på det, jo fortare gjekk det. Men det smertar, ja, seier han.

– Det er sentimentalt. Du kvittar deg jo litt med minner og tankar når du kvittar deg med bøker. Det er som når du kvittar deg med kunst – du kvittar deg med noko nokon har tenkt. Det har faktisk betydning, reflekterer Sunderø.

Huset på Bryne har to etasjar, men paret var bestemt på at dei ikkje ville ha kjellar og loft.
Huset på Bryne har to etasjar, men paret var bestemt på at dei ikkje ville ha kjellar og loft. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Våga legg til at det skal mykje til før dei stoppar å ta ting med heim.

– Det er minner om noko som er viktig for oss. Eit liv består jo av minner. Det er opplevinga du har hatt og menneske du har møtt, og gjenstandar også. Nokon vil seie det er for mykje Tintin-gjenstandar, men det er ikkje mogleg. Det kan aldri bli for mykje Tintin, seier teikneserieentusiasten.

– Det er einsamt

Frå andre etasje kan paret skimte utsiktspunktet Sukkertoppen i sørvest. På denne sida har dei heller ikkje naboar, då eigedommen er på enden av bustadfeltet.

I hagen har dei knapt innsyn frå nokon.

Uteplassen trekk Våga fram som sin favoritt med eigedommen.

Ei av fleire utesoner, tilgjengelege frå første etasje.
Ei av fleire utesoner, tilgjengelege frå første etasje. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonhiem

– Me bur ved sida av eit jorde. I går slo bonden høyet, rett over geitramsen. Det går rett ut i naturen. Det er einsamt, isolert, men likevel ein del av det miljøet me bur i, seier han.

Han understrekar at dei, trass det skjerma utetilværet på eigedommen, er opptatte av å vere til stades i verda.

– Ein må ikkje gjere seg sjølv til ein altoppslukande hobby. Ein må ha interesse for, og kunnskap om, fellesskapet – og ikkje minst engasjement utover seg sjølv og for andre. Det er nok det som driv oss veldig sterkt, seier han.

Finn Egil Våga opplever seg heldig som bur på eigedommen like ved jordbruksområdet aust på Bryne.
Finn Egil Våga opplever seg heldig som bur på eigedommen like ved jordbruksområdet aust på Bryne. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Sunderø kan bekrefte det, og utdjupar:

– Eg ser ikkje for meg at me ikkje skulle vere interessert i verda rundt oss, for det påverkar korleis me har det, og det påverkar framtida til barna og barnebarna våre.