Kommunedirektøren la fram fire alternativ, der eitt gjekk ut på å avlysa anbodskonkurransen. Heile kommunestyret er klar på at ATO-prosjektet ikkje kan stoppa opp igjen.
Kommunedirektøren la fram fire alternativ, der eitt gjekk ut på å avlysa anbodskonkurransen. Heile kommunestyret er klar på at ATO-prosjektet ikkje kan stoppa opp igjen. Foto: Snorre Standish Norheim

– Nå må me lukka auga og røysta dette gjennom. Det har gått att og fram så mange gonger, og eg trur ikkje me får det billigare. Me må vedta det kjapt og håpa at det står ferdig neste år, sa Anders Undheim (KrF) i onsdagens kommunestyre.

Att og fram må i denne samanhengen tolkast bokstaveleg. Slik varaordførar Gaute Stokka (Frp) minte om, var den opphavlege planen å legga ATO til paviljongbygget ved sida av Lye skule.

Seinare vart det bestemt at ATO skal vera ein del av barneskulebygget, før det i fjor vart endra tilbake til Paviljongen.

Står utan eige tilbod

ATO på Lye blir planlagt med 20 plassar og skal vera ein del av undervisningstilbodet ved barneskulen.

Forkortinga ATO står for avdeling for tilrettelagt opplæring. Her er opplæringa særskilt organisert fysisk og med spesialkompetanse for å gje elevar med eit godt opplæringstilbod.

Eit slikt tilbod har ikkje Time kommune sjølv. I staden leiger dei plassar i nabokommunane.

Kjell Olav Stangeland, som kalla ATO eit hjartebarn for Ap, slo fast at avdelinga er fleire år på overtid.

Etter ein interpellasjon frå partiet, la administrasjonen i 2022 fram ei sak for kommunestyret. Politikarane vedtok å oppretta ATO i Paviljongen på Lye, med eit vedtatt mål om oppstart i august 2023.

Alternativet til eigen ATO er å nytta nærskulane i Time, som kommunedirektøren meiner er ei dyrare og dårlege løysing for alle partar.

Time har leigd ATO-plassar i Hå og Klepp, men begge kommunane har sagt opp avtalane. Time-elevane, som ikkje skal vera så mange, har plassar der fram til det står ferdig på Lye. Dette er avklart med Klepp og Hå, opplyser skulesjefen.

Vart dyrare

ATO-prosjektet har vore på anbod og måtte til politikarane fordi tilboda langt overstig dei 39 millionane som er sette av i handlings- og økonomiplanen.

I saksframlegget skriv kommunedirektøren at prosjektet har vore prisa som eit skulebygg, mens det «i realiteten er et tilnærmet helsebygg» som skal byggast.

Eit samla kommunestyre vedtok onsdag å auka kostnadsramma med nesten ti millionar kroner.

Prosjektet er blitt utsett fleire gonger, først i 2022, så i 2024, og så igjen i starten av 2026 – alltid på grunn av auka kostnader.

Pål Undheim, som understreka at Høgre er glade for ATO nå skal byggast, sa at det er vanskeleg for politikarane å styra når byggeprosjekt krev ekstraløyvingar eller endar over budsjett.

«Velmeint kritikk til administrasjonen», kalla han kommentaren, som fleire rakk å slutta seg til under den korte debatten.

Kuttar ikkje leikeapparat

Både før og etter anbodet har kommunen hatt dialog med entreprenørar for å redusera kostnadene. Kommunedirektøren meiner dei to tilboda som kom inn, speglar dagens marknadsnivå og kompleksiteten på prosjektet.

I tråd med innstillinga vil ikkje kommunestyret kutta meir. Prosjektet er allereie langt på veg ei minimumsløysing, der ønske og tilval alt er valde vekk.

Ytterlegare kuttforslag innebar dårlegare garderobar for dei tilsette og ikkje å installera sprinklaranlegg – som ikkje er å anbefala, av omsyn til tryggleiken for brukarane.

Eit anna alternativ er å ikkje kjøpa leikeapparat til skulegarden. Kombihuske, trampoline, karusell og sandkasse aukar kostnaden med cirka 650.000 kroner, men utan forsvinn noko av poenget med eigen ATO.

«Lekeapparatene er spesialtilpasset og nødvendige for å gi et funksjonelt og inkluderende tilbud», står det i saksframlegget.

Uteområdet til ATO på Lye.
Uteområdet til ATO på Lye. Foto: Foto: Asplan Viak