Fredag kveld sende ut ei kort pressemelding om at dei har heva kontrakten med Alstom om å oppgradera 36 togsett.
Kontrakten om midtlivsoppgraderingane vart inngått i 2021, og skulle etter planen vera ferdig innan utgangen av 2025.
Nå opplyser Norske tog at Alstom berre har starta arbeidet på to togsett, og at ingen av desse er blitt ferdige.
«Årsaken til at Norske tog besluttet å heve kontrakten er i hovedsak vesentlige forsinkelser i prosjektet. Med forsinkelsene i prosjektgjennomføringen er det ikke lenger mulig å oppnå kontraktens mål og intensjon, uttaler materielldirektør Kjell Arthur Abrahamsen i pressemeldinga.
Sjokkerande
Ifølge pressemeldinga vart avgjerda om å heva kontrakten tatt ein gong i juli, altså for snart ein månad sidan.
– Eg oppfattar at dette heilt klart er ei nyheit som Norske tog ikkje har ønskt å koma ut. Men det er jo sjokkerande, for det første, at det har tatt dei så lang tid å fortelja om det, og så at det har tatt dei så lang tid å finna ut at denne kontrakten ikkje lèt seg gjennomføra, seier Ingrid Fiskaa til Jærbladet.
Ho er stortingsrepresentant og førstekandidat for SV i Rogaland, og har mange spørsmål om saka.
Laurdag morgon har ho sendt to spørsmål til samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap).
– Dysfunksjonelt system
– Eg forventar først og fremst at han er ærleg, og fortel kva som er sanninga. Etter SV si meining, har me eit dysfunksjonelt system for norsk jernbane, med alle desse forskjellige selskapa som skuldar på kvarandre. Ved første augekast står dette fram som eit klart eksempel på at systemet ikkje fungerer, seier Fiskaa.
Ho er kritisk til at politikarar og folk ikkje er blitt informerte om alvorlege forhold, då oppgraderingane ikkje er blitt utførte som lova.
– Eg forventar at statsråden har prøvd å skaffa seg informasjon om dette, og at han vil prøva å rydda opp. Det står att å sjå, og han skal få sjansen til å svara, men eg kan på førehand seia at dette viser at me har eit system for norsk jernbane som ikkje fungerer, og at det skulle vore rydda opp i for lenge sidan.
Spår forseinkingar
– Kva betyr det for lokaltogtrafikken på Austlandet og her i Rogaland at togsetta ikkje er blitt oppgraderte?
– Det betyr at me togpassasjerar må prøva å halda ut med store forseinkingar, og med togsett som ikkje blir brukte fordi dei er for dårlege. Forbetringane som me er blitt lova, blir dregne ut i altfor lang tid, seier Fiskaa.
Norske tog har 295 motorvognsett, 132 personvogner og 20 lokomotiv, ifølge ei oversikt på eigne nettsider.
36 av motorvognsetta er av Type 72, som vart produserte av italienske AnsaldoBreda mellom 2002 og 2006.
Dei første toga kom til Norge i 2004, som vil seia at dei er over 20 år gamle.
Arbeidet med oppgraderingane starta i 2022. Ifølge årsrapporten for 2024 kom det første midtlivsoppgraderte toget til Austlandet i desember 2024, der det skulle testast før det vart sett i drift.
Skulle stå fram som nye
Etter oppgraderingane skulle 72-toga stå fram som heilt nye, med store utvendige endringar og skandinavisk design på innsida. Oppgraderingane skulle gje eit stort løft både for operatørar og passasjerar.
«Oppgradering og vedlikehald av eksisterende togmateriell er avgjørende for å opprettholde levetiden på togene og samtidig sikre at togene oppleves som attraktive for de reisende. I tillegg er godt vedlikehold en viktig faktor for å redusere antallet forsinkelser og innstillinger som skyldes feil på togene», står det i årsrapporten frå 2024.
Ifølge rapporten, som vart publisert i mars i år, var det siste toget forventa klart i løpet av 2027/2028 – som er to til tre år etter avtalt leveringstidspunkt. Dette er ikkje nærmare forklart.
Årsrapporten for 2022 inneheld fleire artiklar om korleis det store prosjektet skulle gjennomførast, mens det i rapporten frå 2023 er opplyst kort om forseinkingar i forhold til opphavleg tidsplan.
Uklart kva som skjer vidare
I pressemeldinga hevdar Norske tog at dei har hatt tett dialog med Vy og Go-Ahead, som leiger toga som blir nytta i lokaltogtrafikken på Austlandet og her i Rogaland.
Ifølgje pressemeldinga støttar operatørane hevinga av kontrakten. Hevinga inneber at alt arbeid i regi av Alstom blir avslutta.
«Norske tog vil nå selv gjennomføre nødvendige oppgraderinger av togsettene, for å sikre at togene vil fungere godt gjennom resten av sin levetid», uttaler materielldirektør Abrahamsen.
Ingrid Fiskaa ler då ho skal prøva å tolka kva Norske tog legg i dette.
– Eg forstår det ikkje, for så vidt eg veit er det ikkje Norske tog som har teknikarane. Dei er jo ein heilt annan stad. Her har eg igjen veldig mange spørsmål: Kven skal faktisk gjennomføra jobben, og kva tid har dei tenkt å gjera han? spør ho.