For å ta det siste på trafikkfronten på Jæren først: Torsdag kveld ved 19:15-tida stoppa politiet ein mannleg bilførar i 30-åra på Kleppe. Han er meld for å ha køyrt utan gyldig førarkort, opplyser politioverbetjent Morten Slettebø ved Jæren politistasjon.

Og som Jærbladet skreiv om torsdag: Politiet og vegvesenet hadde ein stor teknisk kontroll av mopedar, mopedbilar, motorsyklar og små elkøyretøy på Bryne torsdag morgon – der 12 av 18 kontrollerte fekk mangellapp.

Så til den nye fartskontrollen på Solavegen på Voll, som UP gjennomførte onsdag kveld, og som blei avslutta ved 21:15-tida.

Politioverbetjent Slettebø opplyser at det blei skrive ut fire forenkla førelegg i kontrollen. Den høgaste målte farten var 88 km/t i 70-sona. Det kvalifiserer til eit førelegg på 7450 kroner og to prikkar i førarkortet.

Resultatet er betre enn sist kontroll, i midten av september, då to førarar blei fråtekne førarkortet, og den høgaste målte farten var på heile 144 km/t i 70-sona på Voll.

Dette er den tiande gongen på eitt år at Jærbladet skriv om fartskontrollar i 70-sona på Solavegen – og fokuset på strekninga har nok ikkje blitt mindre etter ulukka på staden 1. september, der tre personar blei sende til sjukehus etter ein kollisjon som involverte tre bilar. Ein ung mann er sikta for å ha køyrt aktlaust i forkant av ulukka, og politiet mistenkjer høg fart.

.

Dei ni andre fartskontrollane på Solavegen på Voll som Jærbladet har skrive om det siste året, kan du lesa om i lenkene under: