Byggmeister Alf-Magne Undal, dagleg leiar i Undal AS, seier suksessen firmaet har hatt dei siste åra, ikkje ville vore mogleg utan backing frå familie og gode tilsette. I bakgrunnen jobbar sveinen Marlon Pollestad på eit tak på Nærbø.
Byggmeister Alf-Magne Undal, dagleg leiar i Undal AS, seier suksessen firmaet har hatt dei siste åra, ikkje ville vore mogleg utan backing frå familie og gode tilsette. I bakgrunnen jobbar sveinen Marlon Pollestad på eit tak på Nærbø. Foto: Håvard Ovesen

Det var då han vart inspirert av ein husstell-lærar på skulen han gjekk på i Eigersund, at Alf-Magne Undal fann «greia si»: Han ville laga mat.

Undal tok fagbrev som bakar. Som 18-åring flytta han til Jæren for å gå i lære på Nærbø handelslag.

Seinare fekk han seg fast jobb som bakar.

Men med tida utvikla han mjølallergi, noko som ikkje er særleg gunstig om du jobbar med bakarvarer på dagleg basis.

– Du vert gåande med ei konstant høysnue, forklarar Undal.

Han var nøydd til å skifta beite.

Då faren, som dreiv tømrarfirmaet S. Undal AS, gav han tilbod om å gå i lære hjå han, slo han til.

– Det vart eigentleg ein naturleg avgang. Kona mi er konditor. Livsstilen med å jobba på nettene er ikkje den beste kombinasjonen med små barn, seier Undal.

Vart meister

Han treivst godt i firmaet til faren og tok eit fagbrev til, denne gongen som tømrar. Seinare tok han meisterbrev.

– Eg synest det er spennande å læra nye ting. Eg var ikkje skuleflink, men eg får til ting som interesserer meg, seier han om dei solide kvalifikasjonane.

Lenge bestod firmaet berre av Alf-Magne og Steinar, i tillegg til ein lærling, men nå er dei i alt fem tømrarar, pluss to lærlingar.

For nokre år sidan pensjonerte far hans, Steinar, seg. Alf-Magne har kjøpt han ut av verksemda, og droppa s-en i S. Undal frå firmanamnet.

Før var hovudkontoret heime i garasjen til Alf-Magne, med lager i leigde lokale i ei løe på Jæren. Tidlegare i år flytta dei inn i ein heilt ny lagerseksjon i Stokkalandsmarka utanfor Vigrestad.
Før var hovudkontoret heime i garasjen til Alf-Magne, med lager i leigde lokale i ei løe på Jæren. Tidlegare i år flytta dei inn i ein heilt ny lagerseksjon i Stokkalandsmarka utanfor Vigrestad. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Dei tar på seg jobbar frå Egersund i sør til Stavanger i nord, men det hender òg at dei drar lenger av garde til kundar som vil nytta seg av Undal AS sine spesialitetar.

Då Steinar Undal dreiv firmaet, hadde dei mange oppdrag på eldre hus. Faren var både tømrar og snikkar, med interesse for handverk. Det smitta over på sonen, som har tatt bygningsvernstudium ved Fagskulen i Innlandet.

Her lærer dei blant anna om gamle byggeteknikkar som lafting, korleis det går an å ta vare på gamle bygningar og bygningsmiljø og regelverket rundt dette.

– Eg interesserer meg for gamle ting. Når tømmermenn bygg nye hus i dag, er dei mest montørar. I gamle hus, derimot, er ting mindre standardiserte. Det krev meir tenking, seier Undal, som innrømmer at han er glad i utfordringar.

Respekt for gamle handverkarar

Eit av dei første bygga han jobba på etter at han hadde tatt etterutdanninga innan bygningsvernstudium, var rehabilitering av Gjesdal kyrkje. Her skifta han kledning, restaurerte vindauga og reparerte konstruksjonen i golvet. Spesielt det siste gjorde inntrykk.

Gjesdal kyrkje er bygga oppå ei eldre kyrkje og etter gammalt var det ein tradisjon å gravlegga viktige folk under kyrkja.

– Då eg jobba under golvet kunne eg sjå tydelege søkk etter gravene deira. Det var litt spesielt å vera under der, fortel han.

Når eit bygg vert verna, er det mange som legg føringar for korleis ting skal gjerast. Kommunen har sine meiningar, arkitektane sine.

– Det å finna balansen mellom det, og det kunden ønsker seg, er ei gild utfordring, seier Undal.

Dette huset i Åseral var gjennomrote då Undal AS fekk i oppdrag å fiksa det opp.
Dette huset i Åseral var gjennomrote då Undal AS fekk i oppdrag å fiksa det opp. Foto: Foto: Privat
Slik vart det sjåande ut til slutt.
Slik vart det sjåande ut til slutt. Foto: Foto: Privat

Dei som eig eit verna bygg, veit at ikkje berre er det mange reglar knytt til kva du kan gjera og ikkje, men det kan òg fort kosta litt meir om ein til dømes skal ha dei rette vindauga. Men det finst òg ulike tilskotsordningar, og Undal AS hjelper gjerne kundane sine med å søka om middel frå kulturminnefondet.

– Vern er veldig greitt, men eg er litt for at om det er vern, må det òg følga med gode støtteordningar. Agder fylkeskommune har fått det godt til med å oppretta byggeskikk- og byggevernsenter. Dei har me eit godt samarbeid med, seier Undal.

Nyleg var dei på ein større jobb i Lyngdal. Der restaurerte dei eit hus som var så rote at du kunne stikka ein finger rett gjennom veggen. I slike tilfelle må dei først sikra konstruksjonen, slik at han ikkje vert verre. Så må dei ta ut det dårlege tømmeret og erstatta det med nytt.

– Og så skal det helst vera så likt som mogleg som det eksisterande, seier Undal.

Tømmeret kjem frå ulike sagbruk som dei veit leverer god kvalitet.

Undal synest det er spennande å jobba med bygg som kan vera fleire hundre år gamle.

– Det er spesielt når du veit kor mykje innsats som vart lagd ned for å bygga det. Når du ser dei store tømmerstokkane dei har fått på plass heilt utan heisekran, får du ein vanvitig respekt for dei gamle handverkarane. Dei må ha vore meistrar, seier han.

Det hender dei må ta i bruk svært tradisjonelle metodar. Her vert ein tømmerstokk tilverka med øks.
Det hender dei må ta i bruk svært tradisjonelle metodar. Her vert ein tømmerstokk tilverka med øks. Foto: Foto: Privat

Undal understrekar at dei ikkje berre driv med antikvariske bygningar, men tar alle slags andre oppdrag. På nettsidene deira kan ein sjå bilde av alt frå kjøkken- og baderomsinteriør, spiletak og Block Wathne-hus frå åttitalet til kyrkjer, stasjonsbygg, hagestover og ein garasje i tydeleg funkisstil.

Sjølv liker Alf-Magne Undal best det gamle, men å spesialisera seg berre på dette, er ikkje aktuelt.

– Det må vera ein miks. Folk liker variasjon. Det er gildt når det er stort spenn, men alt treng ikkje vera masseprodusert, seier Undal.

– Ein livsstil

I fjor sette dei ny rekord med ein omsetnad på 26,3 millionar kroner og eit årsresultat på 1,4 millionar kroner. Ein kikk i Brønnøysundregistra viser at økonomien i firmaet generelt er solid.

Undal sjølv seier at suksessen ikkje hadde vore mogleg utan gode tilsette og backing frå familien heime.

– Det er enormt mange kveldar og helger som går med til å driva firma. Det vert meir ein livsstil enn ein jobb, seier han.

Firmaet til byggmeister Alf-Magne Undal er spesialistar på verna bygg, men tar all slags jobbar. Her er dei på Nærbø, der eit hus frå 1950-talet skal byta frå eternittplater til skifer på taket. For å tola vekta, må taket forsterkast. I bakgrunnen står lærlingen Aron Daniel Aandal.
Firmaet til byggmeister Alf-Magne Undal er spesialistar på verna bygg, men tar all slags jobbar. Her er dei på Nærbø, der eit hus frå 1950-talet skal byta frå eternittplater til skifer på taket. For å tola vekta, må taket forsterkast. I bakgrunnen står lærlingen Aron Daniel Aandal. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Byggmeisteren har meir enn nok å gjera. Kalenderen er på det næraste full ut året. Fleire ting er på gang til neste år òg.

– Me har vore velsigna med arbeid. Det har ikkje vore problem dei siste åra, seier Undal.

Faktisk er ordrepågangen så stor at dei ser seg om etter fleire tømrarar. Men å finna dei, har vist seg å ikkje vera så lett.

– Det er vanskeleg å få tak i dei rette folka. Sysselsettinga i bransjen er høg, så det er ikkje så mange tømrarar som søker etter ny jobb, seier Undal.

Han lokkar med at nisjen dei driv i, med ein kombinasjon av offentlege og private oppdragsgjevarar, i tillegg til oppdrag ute i den «vanlege» marknaden, gjer dei lite sårbare for svingingar.

– Eg hugsar då koronaen kom. Då lurte me på kva som kom til å skje. Men det som skjedde var at me fekk oppdrag i bygg der det ikkje var folk, til dømes i kyrkjer og gamle hus. Det vart eit av dei beste åra me nokon gong har hatt, fortel Undal.

Vil ha med ungdommen

I år prøvde dei for første gong ut eit nytt opplegg i samarbeid med førsteklassingane ved bygg- og anleggslinja ved Tryggheim vidaregåande skule.

Rundt 20 elevar kom på besøk. Dei fekk prøva seg på å bruka øks til å hogga til ein bjelke ut av ein tømmerstokk, og dei fekk legga skifer.

– Dette er ting dei ikkje har høve til å gjera på skulen. Me har lyst til å visa fram litt andre ting som det òg går an å gjera som tømrar, seier Undal.

Han meiner å ha registrert ei aukande interesse for tradisjonshandverk. Etterspurnaden i marknaden er stigande.

– Det er mange fleire verna hus som vert tatt vare på. I tillegg kjem det stadig fleire krav frå styresmaktene om at arbeidet som vert gjort, skal vera formalisert, seier han.