Fleire titals daude fisk av ulik storleik låg og flaut i reinsebassenget på oversida av turvegen.
Fleire titals daude fisk av ulik storleik låg og flaut i reinsebassenget på oversida av turvegen. Foto: Åge Bjørnevik

– Me har ikkje funne ut kva utsleppet er og kor det kjem frå, seier Erluf Stokka, vakthavande for vatn og avløp i Klepp kommune.

Tidleg laurdag ettermiddag fekk han beskjed om utsleppet og fiskedøden i Frøylandsvatnet, og han var nede og fekk sett det med sine eigne augo.

Slik såg det ved 13:30-tida laurdag ute i Frøylandsvatnet.
Slik såg det ved 13:30-tida laurdag ute i Frøylandsvatnet. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

Det vesle reinsebassenget på oversida av turvegen – rett sør for undergangen under toglinja ved Engelsvåg – er heilt brungul. Det er på den sida av turvegen at det ligg mest daud fisk. Fleire titals småfisk ligg med buken i vêret, og det er også nokre svært små yngel som har stroke med.

Noko av det misfarga vatnet har også rent ut i sjølve vatnet på nedsida av turvegen, og også der ligg der nokre daude yngel og flyt.

– Det er veldig godt synleg at det har vore eit utslepp der, slår Stokka fast.

Utsleppet er svært godt synleg frå turstien langs Frøylandsvatnet. Det er i området rett sør for jernbaneundergangen ved Engelsvåg i Klepp.
Utsleppet er svært godt synleg frå turstien langs Frøylandsvatnet. Det er i området rett sør for jernbaneundergangen ved Engelsvåg i Klepp. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

Til liks med Jærbladet har han konkludert med at det ikkje var noko lukt som tydar på at det er snakk om noko giftig eller farleg stoff. Han reknar derfor med at det ikkje er nokon akutt fare ut over skaden som allereie har skjedd.

Stokka har dokumentert utsleppet med foto, og han har også teke med seg ein prøve av vatnet. Det regna ein god del i timane før utsleppet blei oppdaga.

– Det er kollegaene mine på miljøavdelinga som sit med kompetansen på utslepp. Dei får beskjed når dei kjem på jobb måndag morgon, og kjem nok til å undersøkja saka nærare, seier Stokka.

Foto: Åge Bjørnevik
Foto: Åge Bjørnevik Foto: Foto: Åge Bjørnevik

Klepp kommune har fleire slike små reinseparkar/sedimenteringsbasseng langs turvegen ved Frøylandsvatnet. I desse bassenga renn vatnet saktare, og tyngre partiklar søkk dermed til botn før dei blir

– Me må fjerna massen frå botnen med jamne mellomrom. Der utsleppet var, gjorde me det så seint som i fjor haust. Eg var også og sjekka eit par av dei andre av desse i nærleiken, men det var berre dette eine som såg slik ut, seier Stokka.