Økonomisjef Anita Steinsland og kommunedirektør Torild Lende Fjermestad enda med eit driftsresultat på over 130 millionar kroner.
Økonomisjef Anita Steinsland og kommunedirektør Torild Lende Fjermestad enda med eit driftsresultat på over 130 millionar kroner. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim (arkiv)

Klepp har avslutta rekneskapen for 2025, og tala viser framleis god økonomistyring, skriv kommunen i ei pressemelding.

Netto driftsresultat er på 130,5 millionar kroner, tilsvarande 5,9 prosent av driftsinntektene. Dette er 40 millionar kroner betre enn prognosen i andre tertial.

Mindreforbruket på 34,7 millionar kroner er ført tilbake til disposisjonsfond – kommunen sine «sparekontoar».

– Dei tilsette i Klepp kommune har levert eit resultat me kan vere stolte av, seier kommunedirektør Torild Lende Fjermestad i pressemeldinga.

– Me er veldig glade for at alle tenesteområda står støtt økonomisk, seier økonomisjef Anita Steinsland Moi.

Tenesteområda hadde mindreforbruk på om lag 13 millionar kroner, som blir sett av til tenesteområda sine oppsparte midlar.

Også for 2024 kunne Klepp skilte til eit godt resultat, som Jærbladet skreiv om i fjor.

Sette av til pensjon og redusere låneopptak

Skatt og rammetilskot enda nesten 20 millionar kroner over budsjett i 2025, og netto finansutgifter blei om lag 10 millionar kroner lågare enn venta.

Pensjon og lønnsreserve bidrog også til det positive resultatet.

– Eg vil føreslå å setje av pengane til pensjon og å redusere låneopptaket i ei tid med store investeringar, seier kommunedirektøren i pressemeldinga.

– I Klepp har me tradisjon for å ikkje bruke meir pengar enn det me får inn. Det har dei gode medarbeidarane våre klart med glans i 2025. Det gjer at me kan jobba vidare for å sikra ei trygg framtid for innbyggarane våre. Eg vil derfor rette ei stor takk til leiarar og medarbeidarar i Klepp, held ho fram.

Skatteinntekta blei 870,6 millionar kroner mot eit budsjett på 832 millionar kroner. Dette er ein auke i skatteinngangen på 14,5 prosent samanlikna med fjoråret.

Det er òg betre enn på landsbasis, der skatteinngangen var 10,8 prosent høgare enn i 2024.

Dette viser at omlegginga av inntektssystemet har verka som planlagt for Klepp, som ein kommune med låge skatteinntekter, skriv kommunen.

Små avvik i dei store investeringsprosjekta

Klepp er inne i ein periode med store investeringar.

Plogen kulturhus, rådhus og kyrkje var prosjektet med høgast utgifter i 2025. Plogenparken i Kleppe sentrum opna i sommar, og Markå barnehage stod ferdig i desember.

Det er god økonomistyring i dei store investeringsprosjekta, med små avvik i budsjetta, heiter det i pressemeldinga.

Det blei investert for 433,2 millionar kroner i 2025, mot eit revidert budsjett på 460 millionar kroner. Foreløpige tal tyder på at 28 millionar kroner av investeringsbudsjettet blir overført til 2026.

Ferdig revidert rekneskap og årsmelding blir lagt fram 31. mars. Rekneskap og årsmelding blir behandla i formannskapsmøtet 4. mai og i kommunestyremøtet 11. mai.