Tidlegare i år gjennomførte kommunen fleire reparasjonar på Ogna skule. Blant anna måtte dei fiksa feilkonstruerte ventilasjonsrister og fiksa feil på sprinklaranlegget. I tillegg måtte dei fiksa taktekkinga på ei utebu. Feilmonteringa førte til skadar på undertaket.
Det kjem fram i Hå kommune sin vedlikehaldsplan, som nyleg vart lagt fram i formannskapet.
Fleire av politikarane reagerte på at kommunen må til og reparera på bygg som er relativt nye.
Ogna skule opna i 2018.
Ordførar Andreas Bjorland (KrF) viste til at det allereie har vore liknande reparasjonar på Bø skule, som vart opna for ni år sidan.
– Eg lurer på om me skulle hatt ei vurdering på læringspunkt frå desse bygga. Me skulle sett på kva me kan gjera annleis for å tenka meir vedlikehaldsfritt og få lenger levetid, både på fasadane og inne i bygga. Det kunne vore nyttig både for oss politikarar og administrasjonen, sa ordføraren.
– Ikkje ròteskadar
Eigedomssjefen i Hå kommune seier til Jærbladet at kommunen er på jakt etter materiale som er varige og haldbare, men ikkje er for kostbare. Samtidig ønsker dei seg løysingar som ikkje er for teknisk kompliserte, noko som sikrar bygga betre mot til dømes vanninnntrenging.
– Det er litt av erfaringane me har frå Bø og Ogna. Me bygger robuste bygg. Me jobbar heile vegen for å minimera behovet for vedlikehald og redusera driftsutgiftene til kommunen, seier Brudeli.
Han legg til at reparasjonane på Ogna skule ikkje var særleg dyre.
Blant politikarane i formannskapet vart det snakk om ròteskadar og dårlege materiale. Eigedomssjefen avviser at dette har vore utfordringar.
– Men me har hatt lekkasjar i enkelte av ventilasjonsromma på taket av Ogna skule, men berre når det har vore store mengder nedbør over lang tid. Dei fleste av desse har me nå kontroll på. Det er berre ein som gjenstår å utbetra. På Bø skule er taket komplisert. Der har me òg hatt utfordringar med lekkasjar, men dei er retta opp i nå, seier Brudeli.
– Gledeleg tal
Vedlikehaldsetterslepet i Hå kommune har gått jamt ned dei siste åra. I fjor var etterslepet på 70,3 millionar kroner. I år er det gått ned til 64,4 millionar kroner.
Det er framleis mykje pengar, men dei som har vore med ei stund, veit likevel at det kunne vore verre:
– Eg hugsar då etterslepet var mellom 110 og 120 millionar kroner. Sånn sett er det gledeleg at me nå er nede i 64,4 millionar kroner, sa varaordførar Svein Arve Nygård (Frp) då formannskapet diskuterte rapporten tidlegare denne veka.
Bodskapet hans til eigedomsavdelinga var at det berre er å fortsetta det gode arbeidet.