Den 17. januar 1991 døydde kong Olav V.

Timane og dagane etterpå vart prega av eit nytt fenomen. Tusenar strøymde til Slottsplassen i Oslo for å tenne lys, og legge frå seg teikningar og liknande.

Dette er ting ein i dag nærast tar som sjølvsagt når det skjer ei ulykke eller nokre tragiske dødsfall.

Det same gjeld ordførar som i dag står føre fjernsynskamera når det hender noko tragisk. Jamvel om hendingane på Slottsplassen skjedde litt over eit tiår før drapet på Gunn Merete Lode, så var denne folkelege måten å syne sorg på enno ikkje innarbeida i den jærske kulturen.

Eit arkivfoto frå åstaden syner rett nok nokre faklar og nokre liljer.

Foto: Alf Ove Hansen/NTB
Foto: Alf Ove Hansen/NTB Foto: Foto: Alf Ove Hansen/NTB

Men dei gamle bilda syner ikkje på langt nær scener slik ein ville tenkt seg i dag om noko så meiningslaust skjedde.

Når ein i dag snakkar med Arnfinn Vigrestad, som var ordførar i Time for 25 år sidan, vert ein overraska over kor lite involvert han var.

Det same gjeld kapellan i Bryne kyrkja den gong, Arne Berge.

For familien til Gunn Merete Lode var sorga naturleg nok botnlaus.

Vage minne frå open kyrkje

Men for vanlege folk var nok reaksjonane annleis enn dei hadde vore i dag.

På toppen hadde ein sjølvsagt den store frykta for at det enno gjekk ein drapsmann rundt i gatene i den nye byen den seinsommaren.

Det er likevel interessant å sjå på korleis dette med sorg i det offentlege rom har endra seg på 25 år.

Onsdag 29. august skreiv Jærbladet at det ville vere open kyrkje torsdag og fredagskvelden.

«Me trur at kyrkja kan vere ein god plass å vere for folk som kjenner sorg og frykt etter det som har skjedd. Folk som har behov for å snakke, kan ta kontakt. Det blir lagt til rette for at folk kan tenna lys.», sa Arne Berge den gong.

Kappelanen haldt fram: «Eg trur at mange kjenner på frykt i desse dagane. Folk reagerer ulikt. Nokon lukkar sorga i seg, andre vil oppsøke ein plass der dei kan sleppe kjenslene laus.»

Presten budde nær åstaden

Arne Berge budde sjølv nær åstaden.

– Eg hugsar det forferdelege som skjedde. Og eg hugsar det var stengd der då eg drog til morgongudstenesta den søndagen.

Han hugsar ikkje så mykje av at kyrkja var open dei to kveldane:

– Eg hugsar at det låg som ein skugge over byen, men som prest hadde eg jo ikkje så stor rolle utover at me hadde open kyrkje. Det heng nok saman med at dei pårørande budde på Nærbø. Eg våger heller ikkje sei kor mange som kom då kyrkja var open, seier han.

Sorghandsaming som meiningsfylt

Berge, som i dag er pensjonist, framhevar at hendingane desse dagane i august nok hadde stått mykje sterkare om det var han som hadde gravferda:

– Ein vert involvert i prosessane ganske sterkt. Eg tykkjer at det å halde gravferder er noko av det verkeleg meiningsfulle med det å vere prest. Då er folk i ei verkeleg sårbar og vanskeleg tid. Men eg hugsar meir frå gravferder kor eg var den forrettande presten.

Det var prosten Anne-Sofie Haarr i Hå som halt gravferda i Nærbø kyrkje. I eit avisreferat frå gravferda i Rogalands Avis 4. september, sa Haarr: «Jeg fikk aldri møte Gunn Merete. Men foreldre og søsken har fortalt meg om henne. Jeg ser derfor for meg henne som en smilende og hjelpsom, litt beskjeden ung jente.»

Gunn Merete Lode blei gravlagd i Nærbø gamle kyrkje.
Gunn Merete Lode blei gravlagd i Nærbø gamle kyrkje. Foto: Foto: Alf Ove Hansen/Scanpix (NTB)

Samfunnsutviklinga har endra kyrkjas plass

Arne Berge dveler òg litt med samfunnsutviklinga og korleis ein handsamar sorg i dag:

– Etter at Statskyrkja vart skild frå Staten i 2012, er Den norske kyrkja ein eigen aktør blant mange. Det er andre religionar og andre kyrkjesamfunn. Så me representerer ikkje lengre det offentlege samfunnet i dag, naudsynt.

Han peiker på at kyrkja i dag ikkje har den opplagde posisjonen som den hadde den gong, som ein representant for alle.

– Likevel er me framleis ei folkekyrkje. Eg ser kor mykje me faktisk betyr i sorghandsaming for veldig mange.

Ordførar på sidelinja

Dei siste åra er det i hovudsak kommunen som kjem på banen når tragiske hendingar skjer. Som Berge er inne på, har det altså skjedd ei endring.

Tidlegare ordførar i Time, Arnfinn Vigrestad, peiker på det same:

– Desse endringane kom etter 22. juli 2011. Før det hadde me ikkje kriseteam.

Vigrestad var på veg heim frå utlandet då drapet skjedde:

– Eg fekk melding om at det var skjedd eit drap på Bryne, og var sjølvsagt i sjokk over nyheita.

Han hugsar at det var ei dyster stemning på Bryne då han kom heim.

– Folk var redde og undra seg over om det var trygt om natta. Heile saka hang over kommunen fram til den var oppklart.

Mange ville ta farvel med Gunn Merete Lode.
Mange ville ta farvel med Gunn Merete Lode. Foto: Foto: Alf Ove Hansen/Scanpix (NTB)

Politiet tok kontrollen

Vigrestad seier i dag at det fyrst og fremst var politiet som stod for opplegget i etterkant av drapet.

Det vert stadfesta av tidlegare lensmann tidlegare i denne serien. Kommunen var med andre ord opptekne med sine daglege gjeremål den gongen.

I stor kontrast til seinare tragiske hendingar på Jæren var det ingen media som tok kontakt med Vigrestad:

– Eg trur ikkje det var ei einaste avis som spurde meg om situasjonen den gongen, seier han 25 år seinare.

Jamvel om dei på rådhuset ikkje var direkte involvert, var det eit samtaleemne der, som på resten av Bryne:

– Det var eit samtaleemne på dei fleste arbeidsplassar. Og så var det sjølvsagt mange rykte som gjekk.

Inntrykket ein sit attende med etter samtalane med Berge og Vigrestad, er at sorghandsaminga i stor grad skjedde privat på Bryne den gong.

Ein såg ikkje ei stor tilstrøyming til åstaden, slik ein gjerne gjer når tragediane rammar no til dags.

Mange rykte

Rykteflaumen er noko av alle dei Jærbladet har snakka med nemner. Men ein annan skilnad frå dagens samfunn er at det den gongen ikkje var sosiale media eller smarttelefonar.

Dei rykta som gjekk, vart spreidde munnleg og ikkje utover plattformer på internett.

I så måte var Bryne eit meir uskuldig samfunn på den tida. Under seinare tragediar har rykte og desinformasjon spreidd seg raskt over det ganske land. Nett på grunn av sosiale media.

Jamvel om internett var kome, var det ikkje slik det er i dag. Internett var berre i barneåra. Det var med andre ord aviser og fjernsyn folk søkte for å få informasjon om kva som hadde skjedd på Bryne natt til 26. august.

For journalistane som dekka saka lokalt, var det noko heilt anna enn slik kvardagen hadde vore før.