Når utvalsleiaren i lokal utvikling i Time kommune seier til Jærbladet at arbeidstakarar i det offentlege har større fridom enn dei som har arbeid i det private næringslivet, trur eg me må ta ein runde i alle parti for å oppklare eventuelle manglar om kunnskap.
Kommunestyret er det øvste politiske organet i ein kommune.
Det vil seie at det har ansvar for alle tenestene i kommunen, altså dei som jobbar i det offentlege. Når ein person med eit slikt ansvar kan seie dette i ei sak om høgt fråvære i politiske utval, blir eg rett og slett overgitt.
Kva haldningar til det offentlege er dette?
Ikkje minst viser det mangel på kunnskap.
Utvalsleiaren frå Høgre veit at bruken av vikarar skal reduserast, han veit at det er færre hender i dei ulike sektorane og han har vore med på å halda stillingar vakante (og ikkje tilsetje), for å spare pengar.
Alt dette gjer det ikkje lettare for folkevalde som jobbar i det offentlege å vere vekke frå jobb enn folkevalde som jobbar i det private næringslivet.
Eg tenker at alt til slutt handlar om prioritering, og at alle folkevalde må tenke gjennom korleis dei skal løysa møteplikta om dei takkar ja til å stå på ei politisk liste.