Foreldre til skulebarn på Undheim som har skyss, veit knapt om dei skal le eller grina.
Starten på skuleåret har vore bratt, for både ungar og vaksne, etter at skuleskyssordninga dei var vande med, blei endra.
Frå i haust har Kolumbus sin transportør, Vy, skifta underleverandør av skuleskyssen.
Tidlegare var det Jæren Maxitaxi. Nå er fleire selskap engasjert, fortel foreldre.
Omlegginga har samstundes erstatta ei ordning som foreldre meiner fungerte, med ei som dei vekselvis skildrar som «rigid», «slitsam», «absurd», «latterleg», «ineffektiv», eller rett ut «meiningslaus».
– Dette er ikkje Stavanger-Sandnes
Gunnar Sikveland har barn på Undheim skule, som ligg fem kilometer frå heimen deira i Skårlandsvegen.
Familien opplevde dei første to vekene av skuleåret som vanskelege, ettersom det nye opplegget innebar at 3.-klassingen og 5.-klassingene ikkje lenger skulle plukkast opp heime, men på ein haldeplass 950 meter unna, langs ein veg som foreldra meiner er farleg.
Dette ordna seg, fortel Sikveland.
Men han er svært kritisk til måten den nye skyssen går føre seg på.
– Det ser ut som Kolumbus trur at dei kan behandla skuleskyssen som om det var ein buss på strekninga Stavanger-Sandnes. Dei køyrer rigid etter rutene sine, i sterk kontrast til den fleksible ordninga me har hatt til nå, seier Sikveland.
Sosialt ansvar skifta ut med Ipad
Mens skyssen tidlegare hadde ei «løysingsorientert jærsk tilnærming», er det heilt annleis nå, meiner han.
– Ungane kjende sjåføren Abdul, som var ein kjempekar. Han snakka med elevane, og dei fekk vera med og bestemma litt. For eksempel blei dei samde om å veksla kvar veke på kva stopp som var først og sist på ruta, så ikkje dei same måtte sitja på lengst heile tida, seier Sikveland.
Viss nokon skulle ha med vener heim, var heller ikkje det noko problem, ifølge faren.
– Viss bussen då allereie var full av ungar som hadde rett på skyss, køyrde sjåføren for eksempel gjerne elevar som høyrer til på Helland heim først, før han kom attende til skulen og henta våre barn og venene deira.
Dette var ein service som var betre enn ein kan håpa på, erkjenner Sikveland.
– Men nå har ein ansiktslaus person i Stavanger lagt inn ruta på ipad'en til ein sjåfør som ikkje har noko anna val enn å ta seg gjennom den. Dette er nok ikkje kjekt for han, heller.
– Sju minutt med bil, 50 minutt med skuleskyss
Det varierer frå dag til dag kor mange ungar som skal plukkast opp og setjast av.
Av og til er barn sjuke, eller skal på trening, til tannlegen eller bli med andre heim etter skuletid.
Nokre har to heimar og skal berre følgja bussen annakvar veke.
Før tok sjåføren eit dagleg overblikk: «Kven er med meg i dag?» og køyrde elevane mest mogleg effektivt heim, ifølge ein forelder.
– Men nå køyrer bussen ruta heilt uavhengig om det er elevar med. Elevane har observert bussen køyra slutten av ruta heilt tom for passasjerar, seier Sikveland.
Køyreturen frå der familien bur, til skulen, tar sju minutt med bil. I det siste har døtrene brukt rundt 50 minutt på å komma seg heim frå skulen, ifølge Gunnar Sikveland.
I rutetabellen til Kolumbus skal heile den omfattande ruta ta rundt ein halv time.
Elevar som Jærbladet møtte utanfor Undheim skule ein ettermiddag, meinte det ofte tar lengre tid fordi bussen kjem seinare enn det står i tabellen fordi den først har henta andre elevar på Lye.
Følger ruta til stader ingen skal
Ein annan Sikveland, Nils Martin, bur lengre inne i Sikvalandsvegen.
Han har òg skuleungar som treng skyss og har erfart eit mindre fleksibelt system enn før.
Absurd, kallar han opplegget.
– Me treng skyss to gongar i veka, så eg sa til sjåføren at han ikkje trong å komma dei andre dagane. Han kom likevel, og det gjer ruta mykje lengre.
– Han hadde fått beskjed om å køyra ruta, elles vil selskapet få bot frå Kolumbus, seier Sikveland, som også sit i kommunestyret i Time for Senterpartiet.
Kolumbus vil ha slutt på tilpassingar
Eit skriv som Kolumbus sendte til foreldre med ungar som har krav på skuleskyss i området, fall ikkje i god jord.
Der viste selskapet til at nokre underleverandørar tidlegare har «gjort eigne avtalar med føresette» om kor og korleis rutene blir køyrde – og at dei mellom anna har køyrt heim til elevane i staden for å nytta avtalt henteplass.
«Dette har ført til at kostnadene har blitt høgare for transportøren enn det som er avtalt med Kolumbus AS, sidan køyrestrekningane blir lengre og turane tar lengre tid. Kolumbus AS har difor bedt underleverandørane halde fast på det ruteoppsettet dei har fått i bestillinga frå Kolumbus AS», sto det i meldinga til foreldra.
– Har ikkje tatt ekstra betaling
Den fungerte som ein raud klut, ifølge Gunnar Sikveland.
– Det er nesten komisk. Kolumbus vil altså unngå all denne småkøyringa av økonomiske omsyn. I staden vel dei å køyra tom buss, truleg fleire mil til saman, til stader ingen skal.
Jæren Maxitaxi, som hadde skuleskyssen på Undheim i 21 år men som ikkje fekk ny kontrakt i siste runde, har køyrt elevar heilt heim «i vêr og vind», stadfester dagleg leiar Morten Jonassen og driftsleiar Jannicke Wiig.
– Undheim er den mest krevjande skuleruta, for folk bur i alle krinkelkrokar. Me må tenka på at ungane skal vera trygge, seier dei til Jærbladet.
Sjåførane er faste og fungerer som ein viktig sosial støtte i kvardagen for elevane, fortel Jonassen.
– Viss noko ikkje er som det skal, gjer me noko med det. Me har ikkje tatt ekstra betaling for å ha køyrt ungar heilt inn i gardsrommet. Men me har fått eit fint forhold til foreldre og ungar.
Kommunen i dialog med Kolumbus
Jærbladet har stilt Pamela Sudmann i Time kommune spørsmål om endringane i skuleskyssen. Kommunalsjefen for oppvekst har sjølv høyrt frå fleire frustrerte foreldre etter skulestart.
– Endringane i skyssen har skapt uro, slo ho fast i møte med politikarane i utval for levekår i slutten av august.
– Ordninga er ikkje pragmatisk som før. Den verker rigid. Dette har skapt engasjement, sa ho.
Til Jærbladet uttrykker ho i ein e-post «stor forståing for at fleire familiar har opplevd frustrasjon og uvisse knytt til skuleskyssen etter skulestart».
Men det er ikkje Time kommune som har gjort endringar i elevane sine skyssrettar, skulerutene eller skulane sine start- og sluttider, opplyser ho.
«Val av transportør, organisering av ordinær skuleskyss og utforming av ruter er ikkje eit kommunalt ansvar. Dette vert forvalta av Kolumbus på vegner av Rogaland fylkeskommune. Time kommune har likevel vore i dialog med Kolumbus om innspela som har kome frå foreldre etter skulestart».
Kolumbus peiker på Vy
Kolumbus har fått tilbakemeldingar om unødig køyring, mellom anna at bussen køyrer heilt til endestopp sjølv om det ikkje er elevar om bord, stadfester kommunikasjonssjef Morten Nesvik.
Desse tilbakemeldingane har Kolumbus formidla vidare til dei som har ansvaret for køyringa, skriv han i ein e-post til Jærbladet.
Kolumbus har kontrakt med Vy for skyssen i dette området, ifølge Nesvik.
«Vy har ansvaret for kjøringen og velger selv underleverandører til deler av den», skriv kommunikasjonssjefen.
Jærbladet har overfor Vy gjort greie for endringar som har frustrert foreldre og spurt kva dei vil seia til dei som opplever den nye skyssordninga som absurd og meiningslaust dårlegare enn før.
Vy peiker på Kolumbus
Kommunikasjonssjef Kaja Rynning Moen svarer dette i ein e-post:
«Kolumbus er ansvarlig for planlegging og bestilling av skoleskyss, mens Vy buss leverer transporttjenesten i henhold til gjeldende kontrakt og bestilling.
Vy buss er forpliktet til å gjennomføre den transporten som er bestilt, og kan ikke på eget initiativ gjøre endringer i ruter eller transportopplegg.
Samtidig melder vi inn erfaringer og innspill til Kolumbus når vi ser behov for justeringer eller forbedringer.
Det er imidlertid Kolumbus som vurderer og beslutter eventuelle endringer i skoleskyssopplegget».