Holdeplassen Bar på Nærbø er pålagt å ha politigodkjente vakter på laurdagskveldane. Det er eit krav dei har slite med å innfri.
Holdeplassen Bar på Nærbø er pålagt å ha politigodkjente vakter på laurdagskveldane. Det er eit krav dei har slite med å innfri. Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

Regelverket for å driva utestadar er strengt. På vegner av kommunen sjekkar skjenkekontrollen at det blir etterlevd. Dei utestadane som ikkje fyller vilkåra, blir tildelt prikkar.

Talet på prikkar varierer alt etter kor alvorleg regelbrotet er. Brot på reklameforbodet, til dømes, blir sanksjonert med ein prikk, medan sal og skjenking til mindreårige resulterer i åtte prikkar på løyvet.

To stengde kraner i fjor

Får ein utestad meir enn tolv prikkar på skjenkeløyvet i løpet av ein toårsperiode, blir løyvet inndratt i minimum ei veke, avhengig av kor mange prikkar det er snakk om.

Når løyvet blir inndratt, er det ikkje høve til å selja alkohol. Utestader som opplever dette kan i teorien framleis halda ope og berre selja alkoholfri drikke, men det vanlege er å stenga.

I fjor stengde både Stasjoen Pub på Varhaug og Holdeplassen Bar på Nærbø dørene som følge av for mange prikkar; Stasjoen i ei veke og Holdeplassen 16 dagar.

Holdeplassen Bar valde å halda stengt frå 7. til 22. april.

I løpet av det året som har gått sidan den gongen, har skjenkestaden fått heile ni nye prikkar.

Dei tre eldste av desse prikkane er gyldige fram til oktober neste år.

Fram til det skal det ikkje meir enn tre prikkar til for at utestaden på nytt får inndratt løyvet.

Får ikkje tak i vakter

Fem av dei ni prikkane Holdeplassen har fått handlar om mangel på politigodkjent vakt på laurdagskvelden.

Politiet har pålagt baren å ha dette. Har dei ikkje det, er det eit brot med vilkåra i skjenkeløyvet, noko som svarar til ein prikk for kvart tilfelle som blir avdekka.

I fleire av Holdeplassen sine kommentarar til rapportane for skjenkekontrollen har dei vist til at det er vanskeleg å få tak i kvalifiserte vakter. Dette har vore eit tilbakevendande problem for utestaden.

Det kjem òg fram i ei orientering frå Sør-Vest politidistrikt, send inn til Hå kommune i sommar.

Sidan utestaden i 2021 blei pålagt å ha godkjente vakter på laurdagskveldane, har politiet vore innom på kontrollar med ujamne mellomrom. Ikkje ein einaste av dei fjorten-femten gongene politiet har vore innom på kontroll sidan 2021, har Holdeplassen hatt godkjente vakter på jobb.

Tove Nærland, som er avløysande skjenkestyrar ved Holdeplassen, har tidlegare sagt til Jærbladet at det er ein generell mangel på politigodkjente vakter i utelivsbransjen og «omtrent ingen som ønsker å ta jobbar så langt ute på Jæren grunna reisetida».

Overfor kommunen har politiet antyda at kravet om politigodkjent vakt, som i tillegg til Holdeplassen Bar òg gjeld for Stasjoen Pub på Varhaug, kan bli droppa. Førebels har ikkje det skjedd.

Ventar på godkjenning

Innehavaren av Holdeplassen Bar, Kjetil Nærland, seier at forklaringa på prikkane er enkel:

– Det er så enkelt at det ikkje er råd å få tak i vakter i Hå. Så kvar gong skjenkekontrollen er innom, får me prikk for det, seier Nærland.

Ifølge Nærland vil ikkje vaktselskapet dei nyttar senda vaktar til Hå, utanom til store arrangement.

Det som er fortvila, seier Nærland, er at dei allereie har ein vakt med vektarutdanning som står i døra. Problemet er berre at dei så langt ikkje har fått ordninga godkjent av politiet, trass i over eit halvt år med dialog om saka.

Og så lenge utestaden ikkje klarer å få tak i politigodkjente vakter, må dei rekna med nye prikkar frå skjenkekontrollen.

Holdeplassen manglar berre tre prikkar på å måtte stenga i ei veke. Å bli pålagt stenging har store økonomiske konsekvensar, seier Nærland.

Men nå kan det snu. Den 1. april sende Holdeplassen inn ein formell søknad om godkjenning av eigenvakthald. Jærbladet snakka med Nærland på føremiddagen 15. april. Berre eit kvarter etter samtalen, ringer han opp igjen.

– Nå har eg fått e-post frå politiet med spørsmål om kva som skal stå på vaktuniforma. Nå går det mot å gå i orden, seier ein gledestrålande Nærland.

– Nå skal det seiast at ikkje alle prikkane de har fått det siste året er på grunn av manglande vakter. De har òg fått to prikkar på grunn av ein openbert påverka person i lokalet og to prikkar for manglar ved internkontrollen?

– Det er berre at noko må dei finna. Eg kan gå på ein kvar pub i heile landet og finna feil, om eg vil det.

To prikkar til Stasjoen

Stasjoen Pub på Varhaug, som mista løyvet i ei veke, har fått to nye prikkar sidan dei haldt stengt ei veke i november.

Som for Holdeplassen er det eit vilkår i skjenkeløyvet deira at dei må ha politigodkjent vakt på laurdagskvelden. Det har dei ikkje alltid hatt når skjenkekontrollen har vore innom.

Ved det eine høvet skal årsaka ha vore at vakta køyrde ein overstadig rusa gjest heim, medan forklaringa på det andre høvet var at dei ikkje klarte å skaffa ny vakt etter at vaktselskapet tidlegare same kveld gav beskjed om at vakta deira ikkje kunne komma likevel.

Også Kafé Jærbuen på Nærbø har fått to prikkar på skjenkeløyvet sitt. Det skjedde etter at ein skjenkekontroll avdekka manglar ved internkontrollen.