Fredag formiddag: Rundt skulen er det tomt som midt i ein lang ferie.
Men i trapper, korridorar og fellesrom ved Norges truleg største vidaregåande skule, har det summa og kokt sidan tysdag, då dei fleste lærarane og andre tilsette var tilbake på jobb.
Det er 368 av dei, og på måndag, når 2.197 elevar kjem veltande, er dei klare til å ta imot. Heile veka har dei førebudd seg på stort og smått, i fellessamlingar og på ulike faglege opplegg.
– Dette er topptid for meg, seier rektor Trond Hoel, som har vore på jobb sidan 3. august.
– Eg skal betena alle lærarane og sørga for at alt er på plass for dei. For meg roar det seg når elevane kjem!
Færre slutta undervegs
Torsdag samla han heile staben før det nye skuleåret tar til. Dei fekk sjå grafar som viste at skulen er i ei gledeleg utvikling: Fleire elevar fullfører, fleire består, og fleire oppnår studie- eller yrkeskompetanse enn før.
Fråfallet gjekk kraftig ned frå året før, då Bryne vgs. hadde høgare andel «sluttarar» enn gjennomsnittet på dei 25 vidaregåande skulane, fagskulen og skulesentera som Rogaland fylkeskommune har ansvar for.
Dette tolkar rektor som at elevar har opplevd å høyra til i sterkare grad, at dei har fått nødvendig oppfølging og at arbeidet med å bygga relasjonar fungerer.
- Strålande fornøgd
Også fråværet var mindre enn året før, og omtrent på same nivå som i fylket, ifølge statistikken.
– Eg er strålande fornøgd med resultata våre, og aller mest med at 87,5 prosent av elevane har gjennomført. Eg trur det vil bli nærmare 90 prosent når me har gjennomført utsett eksamen, seier Hoel. I fylket gjennomførte 85 prosent, ifølge tala.
Han er stolt av laget sitt, seier han. Men som han òg skreiv i powerpointen til dei: «Det er itt'no som kjæm ta seg sjølv».
– Tilsynelatande får me betre resultat år for år. Men kvart årskull er ulikt det føregåande. Så dette skal ikkje vera ei kvilepute. Me stansar ikkje, me skal ikkje rotna på rot, forsikrar rektor.
Ikkje ironi eller vaksenkjeft
Han sender lærarane inn i hausten med eit par spesifikke råd, henta frå dialog med elevrådet om Elevundersøkinga om kva elevane ikkje likar.
– Dei synest ikkje det er kjekt å få vaksenkjeft framfor heile klassen viss dei kjem for seint. Derfor seier eg til mine at dei bør vera smarte og unngå å strekka elevar framfor dei andre, seier Hoel.
Leiinga har dessutan fått tilbakemelding om at ikkje alle elevar forstår ironi og sarkasme: Ein del elevar tar orda bokstaveleg, i staden for å få med seg at dei i nokre samanhengar betyr det motsette.
– Derfor seier eg til mine at dei bør unngå ironi og sarkasme; då skal dei i alle fall kjenna elevane godt. Dette er enkle grep som lærarane tar til seg. Me skal uttrykka oss på måtar som ikkje skapar utrygge situasjonar.
Mindre sosial trening enn før
Sjølv er rektor svært glad i å bruka både ironi og sarkasme, seier han. – Men eg må erkjenna at eg er blitt misforstått iblant. Alt til si tid.
Det er ikkje heilt nytt at elevar på vidaregåande ikkje forstår ironi. I 2001 klaga over 2.000 avgangselevar på eksamenskarakteren i norsk, der dei skulle tolka ein ironisk tekst av forfattaren Kjartan Fløgstad.
I teksten hevda Fløgstad at Sør-Amerika burde strykast frå skulekartet, slik at elevane i staden kan fokusera på Nord-Amerika og læra meir om denne delen av kontinentet.
Rekordmange fekk ikkje med seg ironien og strauk.
Sosiale medium har ikkje betra dette, fryktar Trond Hoel.
– Elevane sit mykje med sosiale dippeduttar, så mykje at den sosiale interaksjonen blir litt borte, meiner han.
Fekk prøva elevrolla
For lærarane har det ikkje mangla på sosial interaksjon denne veka.
– Det har vore mykje møte. Om rutineting, som brannvern, pluss fagleg påfyll, seier faglærarane Lisa Sarita Landa, Viktoria Amelia Årsteinsen og Ingrid Horve Larsen, som til saman underviser i norsk, engelsk, historie og samfunnsfag på både yrkesfag og studiespesialisering.
Når kvardagen tar til, er rolla å gi elevane påfyll. Derfor er det både deilig og lærerikt å sitta og ta imot, synest dei. Denne veka har dei hatt foredrag om å planlegga gode timar og om å laga eit godt lag i klassen.
– Som lærar kan ein lett gløyma korleis det er å sitta og lytta. Når ein gjer det sjølv, kjenner ein at det er viktig å ha små pausar og tid til å la kunnskapen synka inn, seier Årsteinsen og Horve Larsen.
Til dei nye og foreldra
Til dei heilt nye på denne kjempeskulen har Lisa Sarita Landa denne oppmuntringa:
– Dette er ein enormt kjekk skule. Det er mange fordelar med at den er så stor, for eksempel er det mange forskjellige elevar og lærarar å spela på.
Dette gjer det lett å finna nokon å komma overeins med, legg Ingrid Horve Larsen til.
Dei to første dagane er oppstartsdagar der målet er at klassen skal bli kjende med kvarandre. Det er dessutan ei oppgåve i seg sjølv å finna fram i dei 10 ulike bygga, med fleire stader å kjøpa mat. I kantina er det pizza kvar fredag.
– Vg1-elevane drar etter kvart òg på ein overnattingstur. Dei pleier å komma tilbake godt samansveisa, fortel lærarane.
Foreldra treng heller ikkje bekymra seg for å senda poden av garde inn i eit mykje større univers enn på ungdomsskulen, meiner dei.
– Elevane er i gode hender her, elevtenesta er heilt topp. Og sjølv om dei begynner på vidaregåande, mister foreldre ikkje sjansen til å følga opp, forsikrar dei.