– Ungen vår, som no er ferdig i 3. klasse, har ikkje fått nokon opplæring i symjing.
I eit brev adressert Silje Nygård, kommunalsjef barn og unge, spurde ein forelder ved Kleppelunden skule i juni kva kommunen gjer for å sikre at elevane får den opplæringa dei har krav på.
Læreplanen i kroppsøving har nemleg kompetansemål knytt til symjing allereie etter 2. klasse:
«Mål for opplæringen er at eleven skal kunne leke og utføre grunnleggende øvelser med tilvenning til vann, som å dykke, flyte, gli, skape framdrift, hoppe uti og orientere seg i vann», heiter det på Utdanningsdirektoratet si nettside.
– Forsøker å sikre oss riktig fordeling
Skulesjef Siri Svanøe Endresen svara ut brevet i slutten av juni.
Der viser ho vidare til rektor Kariann Fuglestein Leikanger.
– Frå kommunen si side er ansvaret for opplæringa delegert rektor ved dei ulike skulane. Som kommune skal me forsøke å sikre oss ei riktig fordeling av bassengtid til alle skular, skriv Endresen, og held fram:
– Kva som er bakgrunnen for eventuell manglande symjeopplæring i dette tilfellet, kan eg dessverre ikkje svare på, då eg ikkje har innsikt i detaljar omkring drift på skulane.
– Beklagar sterkt
På spørsmål frå Jærbladet, bekreftar rektor Leikanger at elevar som var ferdige i 3. klasse i vår ikkje har fått symjeopplæring.
– Det beklagar me sterkt. Me har forståing for at dette skapar bekymring og frustrasjon hos elevar og føresette, skriv ho i ein e-post til avisa.
Målet er at skulen kvart år skal kunne gi symjeopplæring til 2., 4., 6. og 7. trinn, slik at dei på best mogleg måte kan arbeide mot kompetansemåla i læreplanen, ifølgje rektoren.
Handlar om praktiske løysingar
Leikanger skriv at det er samansette grunnar til manglande symjeopplæring.
– Då Kleppelunden skule starta opp i 2024, fekk me i hovudsak dei symjetidene som tidlegare var tildelt Horpestad skule. Det var ikkje tilstrekkeleg for elevmassen hos oss, skriv ho, og held fram:
– I tillegg har me ikkje basseng i nærleiken av skulen, og er avhengige av transport. Totalt gjer det symjeopplæringa krevjande både når det gjeld tid, bemanning, transport og økonomi. Me arbeider kontinuerleg for å få meir bassengtid og for å løyse logistikk-utfordringane.
Forelderen kjenner til at Kleppe skule får til symjing også med SFO.
Rektoren viser til svaret ho allereie har gitt, og skriv at Kleppelunden ikkje har fått det til grunna ein kombinasjon av ledig kapasitet i symjebasseng, transport og praktiske løysingar.
– Når det gjeld symjing i SFO, hadde me også moglegheit til å få bassengtid på Orre fredag ettermiddag førre skuleår. Me ønskte å nytte denne moglegheita, men utan tilgjengeleg skyss let det seg ikkje gjennomføre i praksis.
Får opplæring i år
I brevet til kommunen, skriv forelderen også at FAU skal ha «forsøkt å ta dette opp med skolen utan å få andre svar enn at det er vanskelig å få til».
– Ja, me har hatt dialog med FAU om dette. FAU kjenner til dei ulike problemstillingane med kapasitet og transport, skriv Leikanger.
Ho forsikrar at opplæringa blir gitt i skuleåret som no er i gang.
– Dette skuleåret får me til symjing på 2., 4., 5., 6. og 7. trinn. 4. trinn vil i år få symjing gjennom heile året, sidan dei ikkje har hatt symjing før, skriv ho.