SV-politikar Beate Aasen Bøe fortalde at ventetida har vore tøff for foreldra. I onsdagens formannskap sa kommunedirektør Trygve Apeland at foreldra har vore tolmodige, og at dialogen med dei har vore god.
SV-politikar Beate Aasen Bøe fortalde at ventetida har vore tøff for foreldra. I onsdagens formannskap sa kommunedirektør Trygve Apeland at foreldra har vore tolmodige, og at dialogen med dei har vore god. Foto: Aros arkitekter

Heilt sidan HVPU-reforma tidleg på 1990-talet har det vore offentleg politikk at personar med psykiske utviklingshemmingar ikkje skal vera samla i store upersonlege institusjonar. I staden skal dei bu i vanlege heimar, ute i kommunane, som alle andre.

Politikken er førande for retningslinjene Husbanken styrer etter når dei skal vurdera søknader om investeringstilskot, og har gjort at Time kommune har vore Kvernaland rundt på leit etter passande tomt.

I Bustadplan 2020–2040 er det dokumentert eit behov for å bygga fleire omsorgsbustader for innbyggarar med nedsett funksjonsevne.

Den første aktuelle tomta var ved Stemmen, saman med Kvernaland omsorgssenter og Kvernaland barne- og avlastingsbustad. Her ligg òg Foren burettslag – det første foreldreinitiativet som vart bygt i Time.

Oppe til høgre ligg det første foreldreinitiativet i Time kommune. På den ledige tomta, midt på bildet, kjem det endå eit – etter ein årelang føljetong.
Oppe til høgre ligg det første foreldreinitiativet i Time kommune. På den ledige tomta, midt på bildet, kjem det endå eit – etter ein årelang føljetong. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Gunstig samarbeid

Eit foreldreinitiativ er eit samarbeid mellom kommunen og foreldra til personar med store og livsvarige hjelpebehov, om å bygga leilegheiter som desse innbyggarane skal kjøpa og eiga sjølve.

Det at bustadene er samlokaliserte i eitt bygg, gjer at kommunen kan samla utstyr og personalressursar på éin stad. Det er tale om store beløp – førebels er det lagt inn 12,5 millionar kroner i året til å levera helse- og omsorgstenester på nybygget, frå 2028.

Ved å samarbeida med kommunen om å bygga bustadene, får kjøparane tilgang til investeringstilskot og momsfritak, saman med moglegheit for startlån med gunstige vilkår.

Føresetnaden for støtta er at retningslinjene til Husbanken blir følgde. Slik Jærbladet har omtalt tidlegare, meinte Husbanken lenge at det ikkje lét seg gjera ved Stemmen fordi området var for institusjonsprega.

Nærleiken til andre omsorgsbustader og institusjonsplassar gjorde at prosjektet ifølge Husbanken ikkje levde opp til prinsippa om normalisering og integrering.
Nærleiken til andre omsorgsbustader og institusjonsplassar gjorde at prosjektet ifølge Husbanken ikkje levde opp til prinsippa om normalisering og integrering. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Hamna i hengemyra

Kommunen hadde ei alternativ tomt klar i eit nabolag i Theodor Dahls veg, som utan tvil hadde fått aksept frå Husbanken. Problemet her var generelt «meget løse/bløte masser», langt ned i bakken, ifølge Multiconsult.

Konsulenten som rådde ifrå å bygga på tomta, kunne ikkje eingong gje eit klart svar på om ho kunne nyttast til parkering eller leikeplass.
Konsulenten som rådde ifrå å bygga på tomta, kunne ikkje eingong gje eit klart svar på om ho kunne nyttast til parkering eller leikeplass. Foto: Foto: Utdrag frå Multiconsult-rapport

Kommunen leitte vidare, og fekk positiv tilbakemelding frå Husbanken på ei balløkke i Bekkevegen.

Tomta har nyleg vore omtalt i Jærbladet, fordi kommunen har selt henne til ein utbyggar. Naboane meiner dei har kjøpt tomta av kommunen, og opplyste også om det då tomta var ei aktuell plassering for foreldreinitiativet.

Alternativet kommunen som til slutt valde å gå for, ligg 150 meter unna, på andre sida av Åslandsbekken. Det er alternativet ved Stemmen, saman med dei kommunale institusjonane, og som Husbanken igjen svarte med å gje avslag til:

«Husbanken vurderer samlokaliseringen av boliger for personer med behov for helse- og omsorgstjenester, uten innslag av ordinære boliger, som i strid med regelverket for investeringstilskudd.»

Har arbeidd motstraums

I onsdagens formannskapsmøte sa kommunedirektør Trygve Apeland at kommunen har måtta jobba motstraums, både med tanke på tomtene, men ikkje minst Husbanken.

I januar 2025 sette kommunetoppane i Time av ein heil dag til å overtyda Husbanken om at tomta ved Stemmen likevel er eigna.

Nokre månader seinare kunne Apeland, som i ein skriftleg klage hadde stilt seg «sterkt spørrende» til avslaget, slå fast at kommunen hadde fått «hundre prosent gjennomslag for argumenta våre».

– Eg har inntrykk at det sat langt inne hjå Husbanken. Så då er me ekstra fornøgde, sa han til formannskapet i mars 2025.

Med på laget var representantar frå foreldra til dei som skal bu i bygget, som i eit brev la vekt på at foreldreinitiativet kjem i sentrum av Kvernaland – nær butikkar, apotek, turområde, vener og foreldre.

Innkasserer 15,4 millionar

Sjølv om Husbanken snudde om Stemmen for eitt år sidan, har dei hatt klare forventningar til korleis bygget skal sjå ut:

«Både utvendig arkitektur og landskapsarkitektur vil være relevant for vurderingen, og innvendig arkitektur skal ha minimal grad av institusjonspreg.»

Prosjektet skal nå vera akseptert, men den endelege søknaden er ennå til behandling. Tilskotet vil utgjera heile 15,4 millionar kroner og er ein føresetnad for investeringa.

Det er estimert ei byggetid på 1,5 år, rekna frå når Husbanken gjev tilsegn til investeringstilskotet.
Det er estimert ei byggetid på 1,5 år, rekna frå når Husbanken gjev tilsegn til investeringstilskotet. Foto: Foto: Aros arkitekter

Nesten ferdig planlagt – til stor frustrasjon

Jærbladet kan krydra denne artikkelen med delikate skisser av eit prosjekt som allereie er kome langt. Det faktum at det er ei moglegheit, er kjelde til irritasjon for dei politiske partia som utgjer fleirtalet i kommunestyret.

Dei har i fleire år sett at kommunale investeringar er blitt dyrare enn venta, utan at kommunen greier å henta seg inn og redusera kostnadene. Dei ønsker å gje entreprenørane større fridom, i håp om at byggebransjen kan finna betre og rimelegare løysingar.

Då kan ikkje bygga vera teikna i detalj før dei blir lagde ut på anbod. Grunnen til at formannskapet i fjor motvillig aksepterte ei mindre eksperimentell entrepriseform, var krava Husbanken stilte til utforminga av foreldreinitiativet.

Kommunedirektøren meinte risikoen var stor for at entreprenørane teikna bygg som Husbanken ikkje ville gje støtte til. Husbanken ville nemleg berre ha dialog med kommunen i den innleiande skisseprosjektfasen.

Ifølge Reid Ivar Bjorland Dahl, kommunalsjef samfunn og kultur, har Husbanken til og med hatt synspunkt på valet av takstein.

Foreldreinitiativet er ikkje ferdig prosjektert, men skisseprosjektet er kome langt. Arkitekten har laga 3D-teikningar, fasadeteikningar i alle himmelretningar, snittteikningar, oversiktsplan over taket og alle etasjane, ein landskapsplan og ein utomhusplan.
Foreldreinitiativet er ikkje ferdig prosjektert, men skisseprosjektet er kome langt. Arkitekten har laga 3D-teikningar, fasadeteikningar i alle himmelretningar, snittteikningar, oversiktsplan over taket og alle etasjane, ein landskapsplan og ein utomhusplan. Foto: Foto: Aros arkitekter

Berre 5 prosent usikre

Representantar frå KrF, Høgre og Frp hadde festa ved seg postane i budsjettet som kommunen hadde talfesta, men ikkje var sikre på.

Anders Undheim (KrF) framheva i formannskapet at prosjektet kunne bli heile 10 millionar kroner dyrare, dersom postane forventa tillegg (10 prosent) og avsetning for usikkerheit (5 prosent) slo til.

Kommunalsjefen svarte at kommunen hadde grundigare til verks enn vanleg, ved å utarbeida eit budsjett før anbodsrunden.

Ifølge Bjorland Dahl – som i eit svar til Høgre sin gruppeleiar heldt fram at budsjettet er nøkternt – er det ikkje uvanleg at kommunane legg inn både 10 og 15 prosent usikkerheitsmargin i slike prosjekt.

Budsjettposten kan brukast til å dekka inn til dømes kostnader ved global uro (som til dømes kan driva opp prisen på drivstoff), urovekkjande funn i grunnen, eller andre uventa forhold. Det er slikt som entreprenøren ikkje kan ventast å ta heile kostnaden med.

Posten forventa tillegg er ei mengd utgifter kommunen ikkje har prioritert å finrekna på, men som dei veit garantert kjem. Å ta ut denne posten, understreka kommunalsjefen, ville vera å gjera reelle kutt i prosjektet.

Budsjettet viser at estimert totalkostnad har stige med 6,4 millionar kroner i forhold økonomiplanen som vart vedtatt i desember (om lag 9 prosent). Med å laga eit detaljert, vurderer administrasjonen at risikoen for å bomma er blitt redusert.
Budsjettet viser at estimert totalkostnad har stige med 6,4 millionar kroner i forhold økonomiplanen som vart vedtatt i desember (om lag 9 prosent). Med å laga eit detaljert, vurderer administrasjonen at risikoen for å bomma er blitt redusert. Foto: Foto: Aros arkitekter

Tøff ventetid

Beate Aasen Bøe (SV) opplyste i formannskapet å ha vore i kontakt med familiane, og sa at ventetida har vore tøff for dei. Ho trur løysinga blir god både for bebuarane og foreldra, og for kommunen, som får to nye omsorgsbustader.

Kommunen sin del av prosjektet er på 45,8 millionar kroner brutto, mot 31,6 millionar for foreldreinitiativet.

Ole Jørgen Alstadsæter (H) spurte korleis kostnaden kan bli så mykje større for kommunen, som altså skal ha to kommunale omsorgsbustader i bygget.

Forklaringa han fekk, er at kommunen òg skal bygga personalbase og tar kostnaden for fellesareala, med trapperom, løfterampe, fellesrom og delar av uteområdet.

Tarald Magne Oma (Sp) var glad for at prosjektet kjem på plass. Ein netto byggekostnad på nesten 33 millionar kroner, etter at alle tilbakebetalingane er rekna med, meiner han kommunestyret kan akseptera.

Dei seks leilegheitene i bygget til venstre skal seljast for ein stykkpris på 2,3 millionar kroner. I bygget til høgre kjem fellesfunksjonane, personalbase og to kommunale bustader.
Dei seks leilegheitene i bygget til venstre skal seljast for ein stykkpris på 2,3 millionar kroner. I bygget til høgre kjem fellesfunksjonane, personalbase og to kommunale bustader. Foto: Foto: Aros arkitekter