– Situasjonen er uhaldbar, meiner Hans Christian Høiland.

Sauebonden på Litlaundheim står utanfor huset sitt på Krusaholen, som ligg 90 høgdemeter over Undheim. På klare dagar kan han godt sjå idrettshuset i sentrum, der haldeplassen for skuleskyssen til dottera er.

Litlaundheimsvegen er ein farleg skuleveg, meiner foreldre. På kommunen sitt kart er den farga grøn og trygg. Her den lange avstikkaren til nokre av husa.
Litlaundheimsvegen er ein farleg skuleveg, meiner foreldre. På kommunen sitt kart er den farga grøn og trygg. Her den lange avstikkaren til nokre av husa. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

– Vegen vår er særleg farleg

Frå stoppet i Sælandsvegen kan ho følgja bussen til Lye ungdomsskule, som for henne ligg 9,8 kilometer heimanifrå.

Men til busstoppet, 2,7 kilometer unna, må den ferske ungdomsskule-eleven ta seg sjølv – først eit par kilometer på deira avstikkar av Litlaundheimsvegen, så langs hovudåra i same veg.

– Når ho har ei mil til skulen, har ho rett på skyss. Det er bak mål at ho må gå 2,7 kilometer for å komma til skyssen, meiner faren.

Han er ikkje redd for at barn skal bruka beina, forsikrar han.

– Eg er heilt einig i at ho ikkje treng å bli henta på døra. Me vil ikkje sy puter under armane på ho. Men skulevegen må vera trygg og sikker. Og eg meiner at vegen vår er særleg farleg, seier Hans Christian Høiland.

Hans Christian Høiland seier han forventer at skuleskyssen henter dottera i vegen der gardsvegen deira møter kommunal veg, rundt 400 meter nedanfor huset.
Hans Christian Høiland seier han forventer at skuleskyssen henter dottera i vegen der gardsvegen deira møter kommunal veg, rundt 400 meter nedanfor huset. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

– Heilt anna klima enn på Bryne

Traseen langs deira lange avstikkar frå Litlaundheimsvegen, er smal, utan fortau eller gangsti, og manglar lys.

– Fartsgrensa er 80, og her er bratte bakkar og mykje vind. Klimaet er eit heilt anna enn på Bryne. Når det er vind og snø, kan det fort komma 15 cm her. Då kan brøytekantane vera ein meter høge, og dei som brøyter har null sikt. Viss det då er ungar i vegen, har dei ikkje sjanse til å komma seg vekk, seier faren.

– Har klaga til inga nytte

I seks år har han klaga til kommunen over det han meiner er ein alt anna enn trygg skuleveg, fortel han. Til inga nytte.

Dei to andre skuleungane i familien går framleis på barnetrinnet. Som førsteklassingar har alle tre fått skyss frå dør til dør, ettersom ungar det første året har rett på skyss viss dei har to kilometer eller meir til skulen. Iblant fekk også større søsken hoppa på viss der var plass, fortel Høiland.

Men for å ha rett til skyss etter første klasse, må distansen vera fire kilometer eller meir – med mindre eleven på individuelle kriterium treng skyss, eller vegen er klassifisert som farleg.

Det er ikkje Litlaundheimsvegen. Då Time kommune kartla trafikktryggleiken på skulevegar i 2017, blei nokre vegar klassifisert som trygge og fekk grøn farge. Ein av dei var Litlaundheimsvegen.

Time kommune sitt kart frå 2017 som merker dei ulike skulevegane på Undheim som farlege (i raudt) eller trygge (i grønt). Dei nummererte vegnamna, lagt på av Jærbladet, viser rekkefølgja på skuleskyssen frå Undheim skule (midt i kartet) til dei ulike utkantane i området.
Time kommune sitt kart frå 2017 som merker dei ulike skulevegane på Undheim som farlege (i raudt) eller trygge (i grønt). Dei nummererte vegnamna, lagt på av Jærbladet, viser rekkefølgja på skuleskyssen frå Undheim skule (midt i kartet) til dei ulike utkantane i området. Foto: Foto: Skjermbilde

– Redd for ulykke kvar dag

Serjey Danilovich og familien bur òg langs Litlaundheimsvegen, 2,8 kilometer frå skulen. Han er heilt samd med Hans Christian Høiland: Vegen er farleg for barn.

Sjølv har han to døtrer på barnetrinnet på Undheim skule. Då den eldste begynte på skulen, hadde ho som 1.-klassing rett på skyss, som den gongen blei levert av Jæren Maxitaxi, ifølge Danilovich.

Nå er dei større og har ikkje rett på skyss fordi vegen er klassifisert som trygg. Men den manglar gang- og sykkelveg, er smal og har dårleg sikt i fleire svingar. Ifølge Danilovich er trafikken omfattande og aukande, med landbruksmaskinar og tunge køyretøy, og fartsgrensa blir ikkje alltid respektert.

Dei siste 500 metrane til huset har ikkje lys.

– Eg er redd for at barna våre skal bli påkøyrt kva einaste dag, seier Danilovich.

- Eg betaler gjerne månadskort for ungane, berre dei får følgja med bussen, seier Serjey Danilovich, her med dottera Nicole. Han vil ha gang- og sykkelveg langs Litlaundheimsvegen.
- Eg betaler gjerne månadskort for ungane, berre dei får følgja med bussen, seier Serjey Danilovich, her med dottera Nicole. Han vil ha gang- og sykkelveg langs Litlaundheimsvegen. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Vil betala for skyss som likevel kjem, men får ikkje

Sidan i juni i år har han kommunisert skriftleg med Time kommune og med Kolumbus, med kommunen også i direkte møte:

Familien vil betala for at ungane deira får sitja på med skuleskyssen som hentar andre i nabohuset.

– Då den yngste begynte i første klasse, avtalte eg med Maxitaxi at den eldste òg blei henta, sidan bussen uansett kom. Eg betalte for dei dagene ho brukte skyssen, og dette fungerte gjennom heile skuleåret 2024-25, seier faren.

Men frå skulestart denne hausten har Kolumbus både stramma inn regelverket og fått nye underleverandørar gjennom Vy til Undheim-ruta.

18. august opplyste Kolumbus sitt kundesenter til Danilovich at bussen som går i Litlaundheimsvegen berre er for elevar med rett på skuleskyss, og at det ikkje er mogleg for andre å kjøpa billett.

Busstopp der det var elevar i 2019

Det varierer frå år til år om det finst skuleungar med rett til skyss i husa langs vegen. Då ungdomstrinnet på Undheim blei flytta til Lye i 2019, lova dei folkevalde «så tidseffektiv transport som mulig» til elevane.

Haldeplassen blei lagt ved eit hus som den gongen hadde elevar på ungdomstrinnet.

Der ligg det ennå.

Men dette punktet er rundt 500 meter frå der dagens skulebarn bur, ifølge Danilovich.

Dei tre skuleungane til Hans Christian Høiland har gått, sykla eller blitt køyrt av foreldra når dei ikkje har hatt skyss. - Dei sluttar til forskjellige tider. Viss det er drittver, køyrer kona mi skyttel halve dagen, seier han.
Dei tre skuleungane til Hans Christian Høiland har gått, sykla eller blitt køyrt av foreldra når dei ikkje har hatt skyss. - Dei sluttar til forskjellige tider. Viss det er drittver, køyrer kona mi skyttel halve dagen, seier han. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

– Eg er ikkje bekymra for at elevane skal gå denne distansen, barn har bein å gå på. Poenget er at bussen har fire hjul og like gjerne kan snu der dagens ungar bur. Viss det ikkje skjer, kjem spørsmålet om gatelys på dei siste 500 metrane heilt naturleg, har Danilovich skrive til kommunen.

Kommunen ville ikkje vurdera på nytt

Serjey Danilovich slåst parallelt for å få vegen erklært som farleg. I juli kontakta han kommunen og ba dei vurdera den igjen.

– Dei brukte omtrent åtte dagar på vurderinga, og det sjokkerte meg, seier tobarnsfaren.

Han viser til at kommunens saksbehandlar, saman med representant frå Kolumbus, valde å ikkje gjennomføra ny befaring av vegstrekninga, ettersom dei meinte det ikkje var komme fram nye argument om vegen.

Har ikkje visst om kartet

Både Danilovich og Høiland har visst om kommunens kart over trygge og farlege skulevegar.

Andre foreldre er blitt klar over dette etter skulestart i haust. Då har dei måtta forhalda seg til at Kolumbus har stramma inn praksis i skuleskyssen parallelt med at transportøren Vy har fått nye underleverandørar.

Det som tidlegare var eit svært fleksibelt skyssystem med direkte kontakt mellom familiane og selskapet som køyrde, er nå erstatta med eit opplegg som foreldre opplever som rigid og til dels meiningslaust.

- Hadde me visst at Skårlandsvegen var klassifisert som trygg, og at det var transportøren sitt eige initiativ å henta våre barn heime, ville me ha klaga for lenge sidan, seier Gunnar Sikveland.
- Hadde me visst at Skårlandsvegen var klassifisert som trygg, og at det var transportøren sitt eige initiativ å henta våre barn heime, ville me ha klaga for lenge sidan, seier Gunnar Sikveland. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Ein av desse er Gunnar Sikveland, far til barn som bur fem kilometer frå skulen i heilt motsett ende av skuleskyssruta på Undheim. Heilt sidan dei starta på skulen, er ungane blitt henta i gardsrommet heime.

Til i haust.

Må kryssa i 80-sone

– Utan forvarsel var det bestemt at dei skulle plukkast opp av bussen langs Sikvalandsvegen, 950 meter unna. Der ligg haldeplassen i eit vegkryss med 80 km fartsgrense som ungane må kryssa når dei blir sluppe av på veg heim, seier Sikveland.

Vegen mellom busstoppet og heimen heiter Skårlandsvegen og har grøn farge på kommunen sitt kart – den er trygg.

– Då dette vedtaket blei gjort i 2018, var det tre år sidan det budde nokon med rett på skuleskyss i Skårlandsvegen. Den yngste fastbuande då, var 51 år, ifølge Sikveland.

Skårlandsvegen er idyllisk på høglys dag, og klassifisert som trygg skuleveg av kommunen. Det er den langt ifrå, meiner foreldre.
Skårlandsvegen er idyllisk på høglys dag, og klassifisert som trygg skuleveg av kommunen. Det er den langt ifrå, meiner foreldre. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Vakkert og uberegneleg

Trygg-stempelet var heilt klart feil, meiner han: Strekket er smalt, utan lys, utan fortau eller gangsti, utan fartsgrense og med uberegneleg trafikk av store landbruksmaskinar, renovasjon, postbud og folk som skal på tur frå parkeringsplassen lenger inne.

Foreldra klaga på vedtaket – og fekk medhald av kommunen for det eine barnet på individuelt grunnlag. Nå får også nummer to sitja på når skuleskyssen kjem.

Foreldra er letta over dette. Men dei vil heller ha vegen definert som farleg.

Ingrid Ropeid lar ikkje sønene Olav og Eivind kryssa Undheimsvegen åleine. Foreldra vil ha drosjen tilbake til det blir undergang eller lysregulert gangfelt over vegen.
Ingrid Ropeid lar ikkje sønene Olav og Eivind kryssa Undheimsvegen åleine. Foreldra vil ha drosjen tilbake til det blir undergang eller lysregulert gangfelt over vegen. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Fleire som må kryssa i 80-sone

På ein tredje akse ut frå Undheim skule, ved Mossigebakken langs Undheimsvegen, har skyssendringane i haust også skapt stress hos Ingrid Ropeid og familien.

Hennar to søner på åtte og ti år skal nå kryssa 80-sona på Undheimsvegen for å komma seg til haldeplassen for skulebussen om morgonen.

- Eg forventer at ungane har trygg skuleveg, og at dei blir henta litt lengre vekk frå dette krysset. Det treng ikkje å vera i gardsrommet vårt. Men ideelt sett skulle skyssen ha snudd på toppen av Mossigebakken, meiner Ingrid Ropeid.
- Eg forventer at ungane har trygg skuleveg, og at dei blir henta litt lengre vekk frå dette krysset. Det treng ikkje å vera i gardsrommet vårt. Men ideelt sett skulle skyssen ha snudd på toppen av Mossigebakken, meiner Ingrid Ropeid. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Tidlegare er dei blitt henta taxi på tunet i Mossigebakken, som går ned til Undheimsvegen, nettopp fordi dei elles ville måtta kryssa fylkesvegen, som kommunen har klassifisert som farleg.

Foreldra godtar ikkje endringa. Dei har klaga formelt til kommunen med krav om at dei gjer ei ny og uavhengig risikovurdering av kryssingspunktet.

– Me krev at drosjetilbodet kjem på plass igjen til ein reell, fysisk og permanent trygg kryssing, som undergang eller lysregulert gangfelt, er etablert, skriv dei i klagen.

Kommunen: – Samla vurdering

Jærbladet har bedt kommunen svara på spørsmål om dei enkelte situasjonane som foreldre skildrar. Kommunalsjef Pamela Sudmann svarer i ein e-post at ho ikkje vil «gå inn i alle detaljane i enkeltsaker gjennom media».

– Generelt kan vi seia at vurderingar av trafikkfarleg skuleveg byggjer på ei samla vurdering av mellom anna trafikkmengde, fartsnivå, sikt, vegutforming, tilrettelegging for mjuke trafikantar og elevane sin alder, skriv ho.

- Bra at dei skal kartleggja på nytt. Men me treng strakstiltak for skyss for ungdomsskuleeleven vår, seier Hans Christian Høiland på Litlaundheim.
- Bra at dei skal kartleggja på nytt. Men me treng strakstiltak for skyss for ungdomsskuleeleven vår, seier Hans Christian Høiland på Litlaundheim. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Vil kartleggja risiko på nytt

Men det samla trykket frå foreldre ser ut til å ha hatt effekt i kommunen.

Fleire føresette har peika på at trafikkforholda kan ha endra seg sidan 2017. Dette tek kommunen på alvor, skriv Sudmann.

– I løpet av hausten vil det bli gjennomført ei ny tryggleiksvurdering av skulevegane. Saka skal deretter på høyring til foreldreutvala ved skulane før ho vert lagd fram for politisk behandling. Målet vårt er at elevane skal ha ein trygg og føreseieleg skuleveg innanfor rammene som følgjer av lovverk og gjeldande skyssreglement, skriv kommunalsjefen for oppvekst til Jærbladet.