Nattleg råning ved St1-stasjonen – tidlegare Shell – i Arne Garborgs veg på Bryne har det absolutt vore ein del døme på opp gjennom åra.
Ved 01-tida natt til onsdag ringde ein bebuar i området politiet og fortalde om eit forferdeleg spetakkel – med høg motordur og kvining – som gjorde det umogeleg å sova.
Jærpatruljen var rett i nærleiken, så dei svinga forbi staden, opplyser politioverbetjent Morten Slettebø ved Jæren politistasjon.
– Det viste seg at det var ein entreprenør som var i ferd med å høvla vegen, seier Slettebø.
Onsdag var det tydeleg spor etter arbeidet på fylkesveg 44 frå rundkøyringa og nordover.
Høvlinga blir gjort for å gjera klart for å leggja ny asfalt. Strekninga frå Bryne til Kåsen på fv. 44 er ei av strekningane som blei prioritert då Rogaland fylkeskommune i år fordelte pengane til asfaltering av fylkesvegar.