– Det er gleda med å treffa andre. Og så er det gildt å synga, òg om ein ikkje kan, seier Magnus «Manni» Grødem.
84-åringen har vore med i demenskoret i Time sidan starten i fjor vår. Den gamle midtstopparen på Bryne, og farfar til spelaren Magnus Retsius Grødem, er meir kjend på stadion enn i ei kor-rekke.
Men han har då sunge mykje for seg sjølv, seier han.
Det siste året har Grødem og dei andre dessutan rokke å bli ganske vane med å stå på scena, med tre konsertar under snippen, eller rettare sagt det lilla skjerfet dei heng på seg når dei opptrer.
Kona Arna er ikkje med og syng, men er trufast publikum på øvingane på frivilligsentralen på Bryne, og med i drøset når dei frivillige etterpå trillar inn kveldsmat og alle sit rundt bordet over påsmurde skjever.
– Dette berikar dagane, seier Arna Grødem.
– Her kan eg snakka litt med andre pårørande, og kanskje høyra frå folk som har kome litt lengre i sjukdommen enn Manni, om kva eg har i vente.
Her er dei lokale demenskoraMinneblomen, Time: Øver på Sivdammen, Røyrvika 10, Bryne, tysdagar 17-19. Forglemmegei, Klepp: Øver i stova på Kleppheimen kvar tysdag 17-19. Den glade sanger, Hå: Øver på Lensmansløa på Varhaug torsdager 15-17.
Knapt 350 med demens i kommunen
Demens er ein sjukdom som det ikkje finst kur for, og som gradvis svekker folks evner til å hugsa, løysa problem, orientera seg og i det heile tatt klara seg i det daglege.
Over 100.000 personar i Norge har demens, og mange fleire skal det bli i åra framover, seier prognosane. Kvar av jærkommunane vil neste år ha knapt 350 innbyggarar med demens, ifølge Demenskartet, som Nasjonalt senter for aldring og helse har laga.
Venteliste i Klepp
Alle desse er neppe kandidatar til demenskora som kvar av kommunane på Jæren har. Men koret Forglemmegei i Klepp har god pågang – og til og med ei lita venteliste, seier frivilligkoordinator Liv Øvregaard.
– Me har eigentleg ei grense på 15 songarar, men kan strekka oss til 20. Nå er me 17 med éin person på venteliste, seier ho.
Koret Den glade songar i Hå har 14 medlemmar, men var 21 ved starten av året, fortel demenskoordinator Anne Dagny Versland.
– Me har hatt ein jamn straum av nye kandidatar. Men nokre ville sjå korleis det var og fann at det ikkje var for dei, seier ho.
Kommunen har laga sin egen video om koret, her.
Musikken ligg i alle
I Time er situasjonen litt annleis: Dei tar gjerne imot fleire som vil vera med, ifølge frivilligkoordinator Anita M. Stokdal.
Med nokre få utskiftingar er demenskoret der omtrent like mange som dei var då det heile starta i fjor vår – ni kvinner og menn. I tillegg er fleire songglade frivillige med heile tida.
Då Jærbladet var på besøk, deltok dessutan tre jenter frå Vardheia ungdomsskule gjennom valfaget «Innsats for andre».
Det er plass til fleire, bekreftar musikkterapeut Torill Lode Bøylestad, som har leia koret musikalsk saman med pianist Arfon Owen sidan starten.
– Kva som held folk tilbake frå å komma? Eg undrast på om dette tiltaket har nådd godt nok ut til timebuen. Eller at når folk høyrer ordet «kor», så trur dei ein må ha ei vakker songstemme. Det er feil, her er det ingen krav. Musikken ligg i oss alle, me må berre henta han fram.
Ennå skam og frykt?
Bøygen er kanskje skam eller frykt, trur frivilligkoordinator Anita M. Stokdal. Dette stigmaet er det heilt nødvendig å riva av, seier dirigenten.
– I framtida vil ein stor prosent av befolkninga bli demente. Dette må me stå saman om. Demenskoret i NRK gjorde ein kjempejobb, det er enormt kva dei sette i gang. Her òg ser eg at folk blir friskare av å synga i koret. Enkelte kan ha ein tung dag, men undervegs så skjer det noko.
– Plutseleg får dei brukt heile seg; kroppen, stemma, så dukkar det opp minne. Dei blir meir levande, seier Bøylestad, som seier ho sjølv kan komma trøytt til øvinga, men at ho får masse energi av utstrålinga frå songarane.
Ståande applaus
Det er viktig for pågangen at koret viser seg fram, trur Liv Øvregaard i Klepp. Og det har Forglemmegei sanneleg gjort: Berre i haust har dei opptredd fire gongar: I Storstova på Bryne saman med dei andre demenskora, på basar hos Klepp Bygdekvinnelag, i Jærhagen med kulturskule-koret og på eldretreff på Stiftelsen Fredheim.
– Me har det utruleg kjekt. I bygdekvinnelaget var det 200 i publikum og ståande applaus. Og på eldretreffet blei det ekstranummer, seier Øvregaard.
I Hå legg dei vekt på at korøvingane også skal vera ein meiningsfull møteplass for pårørande, seier Anne Dagny Versland.
– Derfor deler me dei konsekvent opp; koret øver i eit rom, pårørande går til eit anna rom der dei kan snakka saman og dela erfaringar.
Songar som sit djupt
Repertoaret er ikkje tilfeldig vald. Koret i Time syng melodiar som kan minna mange av koristane om ungdomstida, som 'Hva var vel livet uten deg' frå 1951, eller klassikaren 'Bedre og bedre dag for dag', som alle ser ut til å kunna utan ark. 'Alle fugler' til oppvarming sit òg djupt i hugsen på dei fleste. Nå er dessutan julesongane henta fram, 'Julekveldsvise', 'Romjulsdrøm' og 'Nordnorsk julesalme'.
Og når solist Ordin Fjermestad reiser seg til første vers av 'Heim til Jæren' og så får med seg heile gjengen vidare, er det tekst som mange kjenner og som alle kan finna meining i:
Eg vil heim te Jærs og høyra fuglar syngja,
fylgja lerkå på si flukt mot himlen blå.
Alt som plagar meg og alt som vil meg tyngja
det forsvinne når eg fuglane får sjå:
Der er erlå, der er vibå, der er spogjen
– ja, sjøl mågaskreg er verdt å høyra på!
Ja, med vind og sol og fuglasong på Jæren,
då vert livet noge godt å satsa på!
Godt å vera opne
Magnus Grødem fekk diagnosen for halvtanna år sidan. Arna hadde då i eit års tid merkt at noko var i ferd med å skje. Det fremste symptomet, seier ho, er at han ikkje lagrar i minnet det som hender i løpet av dagen.
– Ting som alltid har vore, hugsar han godt. Og han er heilt til stades i det som skjer. Men etterpå kan han ha gløymt det, seier ho.
Ikkje alle er opne om at dei eller partnaren har fått demens. Arna og Magnus Grødem trur det er bra å ikkje halda det skjult.
– Ikkje at me går rundt og ropar om dette. Men når ein fortel om det, så forstår folk. Viss ein ikkje seier noko, kan ein bli misforstått. Og folk kan bli gåande og lura.
Ekteparet reiser ennå til Spania. Han går stadig tur i Fritz Røed-parken, der han ifølge seg sjølv kjenner alle endene. Dei trimmar. Ho er nøye med at han skal halda fysikken i orden og vera mest mogleg sjølvhjelpen. Ho vil at han skal gå i trappa, ikkje ta heisen.
– Du kallar meg slavedrivaren din, seier ho.
– Ja, men med glimt i auga, seier han.
– Dette er ikkje den verste diagnosen, seier Arna Grødem.
– Det kunne ha vore mykje verre, det har me erfart.