– Området treng eit løft, det er kjekt om me kan få det til nå, seier utbyggar Nils Underhaug. Bildet er tatt før møtet i utval for lokal utvikling 21. november.
– Området treng eit løft, det er kjekt om me kan få det til nå, seier utbyggar Nils Underhaug. Bildet er tatt før møtet i utval for lokal utvikling 21. november. Foto: Snorre Standish Norheim

Nils Underhaug og Camilla Sjo Fasting står bak «Snorres hage» saman med fedrane sine, eigedomsutviklaren Rune Underhaug og arkitekten Dag Ove Fasting. Dei har felles kontor på Sandnes.

Dei har nyleg selt vidare eit mindre bustadprosjekt dei har utvikla ved Bryne skule.

Nå er reguleringsarbeidet snart i mål for eit nytt prosjekt, ved Kiwi Rosseland, som skal få 26–27 bustader.

– Me bygger ikkje sjølve, så nå skal me ut og finna nokon som kan ta stafettpinnen vidare. Me håper at det vil gå slag i slag framover, sa Nils Underhaug til Jærbladet før sist møte i utval for lokal utvikling.

Jærbladet omtalte planane første gong sommaren 2023. Torsdag 21. november vart dei godkjende i utval for lokal utvikling, etter ein saksgang som har handla om fortetting og fugleliv.

Smell og sårbart fugleliv

– Første gong me hadde saka oppe, var utvalet samde i at det er på høg tid at det blir gjort noko i området, og at det som er føreslått, ser godt ut og er kvalitetsmessig bra, sa utvalsleiar Rein Harald Salte (H).

Men det var éin ting han ønskte å endra på: Avgrensingar i moglegheita til å sprenga store stein.

Tangen, som ligg på andre sida av Arne Garborgs veg, er rekna som det mest fuglerike området i/ved Frøylandsvatnet. Tangen er ein del av Søndre Frøyland fuglefredningsområde, som strekk seg frå turområdet Sandtangen til Esso-stasjonen i aust.

Ved sist teljing vart det registrert 18 raudlista fugleartar i vatn og på land. Statsforvaltaren i Rogaland ønskte å unngå forstyrrande sprengingar i utbyggingsområdet, som ligg nærmare enn hundre meter frå fredingsområdet.
Ved sist teljing vart det registrert 18 raudlista fugleartar i vatn og på land. Statsforvaltaren i Rogaland ønskte å unngå forstyrrande sprengingar i utbyggingsområdet, som ligg nærmare enn hundre meter frå fredingsområdet. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Kommunen bad Statsforvaltaren spesifisera kva periodar som ikkje burde vera aktuelle for sprenging, ut frå føre var-omsyn, og fekk generelle datoar for hekketid og frostperiodar.

Kommunedirektøren føreslo å forby sprenging mellom 20. desember og 15. februar, og mellom 1. april og 15. august. Øystein Nereng (SV) var åleine i utvalet om å støtta forslaget, som utbyggarane ikkje såg lyst på.

«Det å legge beslag på 7 måneder av året i en slik bestemmelse, basert på et så vagt grunnlag, fremstår derfor som klart uforholdsmessig», skreiv dei i ein e-post til politikarane – som brukte same formulering i vedtaket.

Utvalet peika på Statsforvaltaren hadde kome med ei anbefaling, ikkje eit strengt krav. Å følga anbefalinga kunne opplagt få «dramatiske konsekvenser for fremdriften i prosjektet», står det i grunngjevinga.

Ei tilsvarande avgrensing er ikkje blitt lagt på andre byggeprosjekt i området, heller ikkje då Time kommune grov opp heile Kong Haakons veg for å legga ned nye vass- og avløpsrøyr.

Krav om fortetting

I høyringssvar har Rogaland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Rogaland uttrykt at det sentrumsnære arealet bør utnyttast betre. Utbyggarane ville i utgangspunktet berre bygga rekkjehus.

– Eg trur me har presentert ganske gode argument for kvifor me skal ha denne typen bustader her. Reint marknadsmessig så trur me det er det mange har behov for, seier Nils Underhaug.

I planomtalen kallar arkitekten rekkjehus for «et balansert valg i møtet mellom tilpasning og tetthet».

Planavdelinga i Time har like fullt arbeidd for å auka bustadtalet, og fått inn ein seksmannsbustad. Innslaget av leilegheiter gjer at talet på bustader aukar frå 23–24 til 26–27.

Kommunedirektøren såg helst at endå fleire kunne busetta seg på den dryge sju mål store eigedommen. I saksframlegget la han vekt på semja som vart oppnådd første gongen planen var i utval for lokal utvikling.

Utbyggarane måtte godta seksmannsbustaden, men utan at dei ekstra bustadene utløyste nye krav knytte til kvartalsleikeplass, parkering og talet på tilgjengelege bustader.

– Eg er veldig positiv til at me greier å få opp talet på bustader ved å lempa litt på krava. Eg vil gje litt ros til administrasjonen. Komplett planforslag kom inn 13. mars 2024, og nå sit me forhåpentleg med eit endeleg vedtak i kommunestyret 10. desember 2024. Det er slik reguleringsarbeid skal vera, sa Pål Undheim (H) i utvalsmøtet.

Utbyggingsområdet på Rosseland ligg éin kilometer frå Bryne torg; det er sentrumsnært, men ikkje omfatta av sentrumsplanen for Bryne. I dag er området prega av slitne bygningar og ubrukte flater.
Utbyggingsområdet på Rosseland ligg éin kilometer frå Bryne torg; det er sentrumsnært, men ikkje omfatta av sentrumsplanen for Bryne. I dag er området prega av slitne bygningar og ubrukte flater. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Hage i midten

Utbyggarane meiner «Snorres hage» supplerer bustadmiksen i nabolaget, mellom Kong Haakons gate og Rosselandsvegen.

– Me ser at det er ganske mange andre typar bustader i området. Nå blir det rekkjehus her, men frå før er det flest einebustader og leilegheiter. Området ligg nært Rosseland skule og barnehagar. Me vil laga ein type bustader som småbarnsfamiliar kan trivast i og har råd til, seier Nils Underhaug.

Namnevalet kjem frå ei av tverrgatene, Snorres gate, så vel som eit stort fellesområde som kjem mellom rekkjehusa.

– Det har vore viktig for oss å laga eit bilfritt område i midten. At me har fått til hagen, er noko av det kjekkaste med prosjektet. Me har hatt ein prosess med kommunen, og er glade for at me enda opp med denne løysinga.

Plangrepet for «Snorres hage». 26–27 bustader skal byggast med to eller tre etasjar. Rekkjehus er organiserte rundt eit stort fellesområde. Seksmannsbustaden ligg for seg, ovanfor Kiwi Rosseland.
Plangrepet for «Snorres hage». 26–27 bustader skal byggast med to eller tre etasjar. Rekkjehus er organiserte rundt eit stort fellesområde. Seksmannsbustaden ligg for seg, ovanfor Kiwi Rosseland. Foto: Foto: Sjo Fasting Arkitekter