Forsvarsadvokat Arvid Sjødin har fått innsyn i den førebelse obduksjonsrapporten etter at Maren Sømme døydde på sjukehus sist måndag.
Dagen før blei ho frakta dit etter at ho blei funne i huset på Nærbø der ho budde, med alvorlege skader. Kjærasten i 30-åra er sikta for å ha drepe henne og sit i varetekt, men avviser å ha brukt vald mot Sømme.
Ei dryg veke før dette hadde politiet sikta same mann for å ha brukt vald mot kjærasten, men hadde ikkje funne grunnlag for å halda han i varetekt.
– Eg har teieplikt om obduksjonsrapporten. Men eg meiner den styrker saka til min klient. Den har likevel svakheiter, ettersom dei ikkje har undersøkt alternative forklaringar på hennar tilstand, seier Sjødin.
I helga har han skrive det han kallar ein kommentar til helsevesenet og politiet om dette.
– Eg har dessutan sendt ei oppmoding til Høgsterett om å slippa fri min klient, seier forsvararen.
Politiet fekk ein gjennomgang av dei førebelse undersøkingane i obduksjonen sist onsdag. Politiadvokat Fredrik Martin Soma ville då ikkje gå inn på kva funn som var gjort.
«Vi kan ikke gå inn på hvilke funn som er gjort i forbindelse med disse undersøkelsene, da det gjenstår sentrale etterforskningsskritt», sa Soma i ei pressemelding.
Jærbladet har måndag spurt politiet om dei er einige i at obduksjonsrapporten styrker saka til den sikta. I ein e-post svarer politiadvokat Unni Byberg Malmin dette:
«Politiet kan, av hensyn til den pågående etterforskningen, ikke kommentere funn i forbindelse med obduksjon.»