Aniksdal frå Vigrestad har eit tydeleg mål om å finna seg ei dame når han flyttar inn med 13 andre deltakarar på Farmen-garden.
Ifølge eit klipp som vart vist på God kveld Norge på laurdag, er taktikken å seia at han er massør.
– Eg vil ha damene på laget. Mannfolka drit eg i. Eg håpar det blir kvinnfolk frå 30 år og oppover, seier Aniksdal i innslaget.
– Gode venninner
Han er glad i damer og reiste frå ikkje mindre enn to damer då han gjekk inn på Farmen-garden.
– Ho eine kallar det kjærast, men ho andre kallar det venninne. Eg har to venninner. To gode venninner. Eg håpar ikkje dei finn ut om kvarandre. For det har dei gjort ein gong før og då ønskte dei eg skulle til... Det var ikkje populært, seier Aniksdal til TV2 sin reporter.
– Kva skjedde då?
– Nei, det var ingen som ville ha meg etterpå. Nei, så det er ikkje bra.
– Kva synest dei om at du er med på Farmen då?
– Det er kult. Alt er kult. Men om eg skulle begynna å grafsa på kvinnfolka der inne, då hadde eg lite vet. Men eg får heller ha lite vet. Eg kjem til å gjera alt for å vinna og gå til topps.
– Er du open for å finna ein...Reporteren får ikkje stilt spørsmålet ferdig ein gong før Aniksdal svarar.
– Partner på Farmen, ja. Jadå!
(Artikkelen held fram under bildet)[img36230LF]
Gjer ikkje husarbeid
Frank Tore Aniksdal meldte seg på Farmen for å prøva noko nytt.
– Eg er nysgjerrig på ting, og absolutt ikkje eit A4-menneske eller ein vanleg familiemann, seier Aniksdal som er dykkar, hobbybonde og har tre barn på 19, 16 og 10 år.
Årets Farmen er det 10. i rekka av den populære TV-programmet. I år føregår «kampen for tilværelsen» på Tangen i Sange kommune. Aldri før har en «Farmen»-gard hatt så stor grønsaksåker, så deltakarane kjem ifølge programleiar Gaute Grøtta Grav til å jobba konstant.
Målet til Aniksdal er å bidra litt etter behov.
– Eg kan mykje og er sterk, men eg skal vera litt midt i mellom, seier han, men understrekar at det ikkje er alt han heng fingrane sine i.
– Eg gjer ikkje husarbeid. Det er damene sin jobb. Eg kan saga, spikra, høvla, mjølka og slakta, men ikkje vaska.
– Kvifor kjem du til å vinna Farmen i år?
– Fordi eg er ein helt spesiell kar.
* LES MEIR: Tror gaupe tok lama