– Frelsesarmeen sentralt er ansvarleg for kjeda av frivilligheitsbutikkar som no utgjer 13 butikkar. Desse er ikkje ein del av innsparingane som nå blir gjennomført i Fretex Miljø AS, skriv Trond Ivar Vestre, dagleg leiar i Fretex Miljø, i ein e-post til Jærbladet.
Fretex Bryne er derfor trygg.
Den er drive av nettopp frivillige i det lokale korpset til Frelsesarmeen. Overgangen skreiv Jærbladet om tilbake i 2016.
– Summa summarum går det veldig greitt hos oss. I fjor hadde me eit overskot på om lag 500.000 kroner, seier Ivar Berland, dagleg leiar ved Fretex Bryne, til Jærbladet.
Ikkje råka – men kan bli det
Rekneskapen for 2025 viser at Fretex Miljø gjekk omtrent null. Året før hadde kjeda eit underskot i drifta på 20 millionar kroner. Frelsesarmeen tilførte eit like stort beløp for å sikre vidare drift.
– Fjoråret var tøft og første halvdel av 2026 har vore enda tøffare, sa Vestre til Stavanger Aftenblad tidlegare i september.
Nedlegginga av Fretex-butikkane i Haugesund, Strømmen og Skien er eitt av fleire tiltak som har blitt gjort, informerte han.
Men butikken i Meierigata står altså ikkje i fare. I alle fall ikkje i første omgang, skal ein tru dagleg leiar Berland.
– I verste fall kan det merkast på omsetninga vår, viss Fretex sentralt vel å trappe ned på distribusjonen av innsamla tøy og andre ting frå Forus basert på den økonomiske situasjonen, seier han.
Gjennom franchiseavtalen med Fretex mottar dei 3–4 containerar kvar torsdag, ifølgje leiaren.
– Fretex Forus ikkje har signalisert nedtrapping av vareleveransar til oss, men enkelte plassar har Fretex kutta ut Fretex-containerar, då transportkostnadene blei for store.
Overskotet har minka
Om lag 15 frivillige er involvert i butikken på Bryne, Berland inkludert. Nokon er pensjonistar, andre er flyktningar og nokon kjem inn via NAV.
Reingjeringspersonell er dei einaste som blir løna.
Alt overskot frå butikken går til Frelsesarmeen sitt arbeid på Bryne, for eksempel julegåver og andre sosialdiakonale oppgåver som Café William, eit lågterskel kafetilbod for personar som har lite å rutte med økonomisk, informerer Berland.
Han anslår at årets resultat kjem tett oppunder fjoråret, men trur det blir litt lågare på grunn av den indeksregulerte leiga til Coop Klepp.
– Då må me selje tilsvarande meir, og det er ikkje så heilt enkelt i dag med så mange bruktbutikkar rundt omkring. Men det er ingen grunn til å klage.
Han legg til at inntektene har gått ned dei siste åra, og viser til at overskotet låg på rundt 700.000 kroner i 2022.
– Vil kome fleire butikkar
Brynebutikkens utgifter går altså til husleige og franchiseavtalen med Fretex. I tillegg har dei no planar om å oppgradere butikken innvendig.
Arbeidet går på dugnad, men inventaret vil koste litt.
– Vil du seie at butikken satsar?
– Ja, me prøver iallfall å følgje med i tida, seier Berland.
Vestre i Fretex Miljø signaliserer ei lys framtid for driftsforma som Bryne-avdelinga har hatt sidan 2016.
– Frivilligheitskonseptet vil bli satsa på vidare framover, og det vil kome fleire butikkar i Norge med berre frivilligheit, skriv han til Jærbladet.
Lønn og moms er viktige faktorar
Berland trekk fram at det er ei utfordring å rekruttere frivillige.
At brynebutikken er driven av frivilligheit, gir den samtidig ein klar økonomisk fordel, ifølgje den lokale daglege leiaren. Butikkane som er drivne av Fretex Miljø, har nemleg lønna tilsette.
Dette gjer også at varene blir dyrare i desse butikkane, ifølgje Berland.
Tysdag skreiv Stavanger Aftenblad om korleis denne skilnaden også påverkar konkurransen i bruktmarknaden.
– Det blir vanskelegare for konkurrentane som faktisk betaler lønn, å konkurrere om dei same kundane, sa Kirsi Laitala, som mellom anna har forska på ulike forretningsmodellar innan gjenbruk ved Sifo på Oslomet.
Avisa har også skrive om korleis momsavgifter på 25 prosent, som Fretex Miljø-butikkane må betale ved sal av varer, pressar prisane opp.
Dette treng ikkje butikkar basert på frivilligheit, som NMS Gjenbruk. Heller ikkje Fretex på Bryne, ifølgje Berland.
– Får kundar frå Stavanger og Sandnes
Forskar Laitala nemnde at kundane sin forventing til pris kan vere ein grunn til at nokon bruktbutikkar slit, samstundes som fleire handlar brukt.
– Korleis forheld de de til prissetjing?
– Det er veldig interessant, for det hender at me får kundar frå Stavanger og Sandnes. Dei seier at dei kjem til Bryne fordi dei opplever at butikken her er rimelegare, seier Berland.
Han legg til at det mange gonger er vanskeleg å setje pris på varene som kjem inn, men at dei har retningslinjer frå Fretex sentralt som seier at dei ikkje skal vere dyrare enn ein tredel frå normal salspris i butikk.