– Det er Norges største sjukehusflytting, og det blir spanande å sjå om det går, sa Christian Christensen fredag.
Målet var å flytta éin pasient kvart tredje minutt. Svært ambisiøst, meinte den dagleg leiaren i Ønsketransporten.
Kapasiteten på det gamle sjukehuset på Våland er 450 pasientar. Målet før flyttinga var å redusera talet til eit minimum.
Då Jærbladet snakka med Christensen før helga, hadde han ikkje tru på at korkje det, eller tidsmålet, var innan rekkjevidd.
Men tidleg sundag formiddag melde SUS at dei låg framfor skjema – som var klokka tre – og at flyttinga kunne vera ferdig til to.
Målet om å skru ned pasienttalet til 250 vart overgått, etter at ytterlegare 60 pasientar vart skrivne ut på laurdag.
– Eg har aldri trudd at det skulle vera så vanvitig mange med, og at det var så lite pasientar att her, seier Christensen.
Stilte med seks ambulansar
I vekene før flyttedagen har SUS fått med seg kommunane i distriktet på å åtvara mot alt som kan minna om risikosport.
«Ver ekstra forsiktig, så du slepper unødvendige turar til legevakt og sjukehus akkurat no», bad Klepp kommune fredag.
Sjølv brakk Christian Christensen foten i sommar. Han er sjukmeldt, og har ikkje noko å bidra med som frivillig sjåfør.
Derfor sit han på hjartelageret ved det gamle sjukehuset og styrer innsatsen til Ønsketransporten.
Organisasjonen, med hovudkontor på Nærbø, stiller med seks ambulansar. Den siste vart i siste liten henta ned frå Bergen, på førespurnad frå SUS.
Éin ambulanse drog frå Skarnes utanfor Kongsvinger, på fredag. Laurdag morgon fekk denne selskap av ein frå Risør.
Ved lunsjtider laurdag var det samling på Nærbø, for felles vask, før dei køyrde i kortesje innover mot Stavanger.
Berre dei sjukaste blir flytta
– Dei som kan flyttast ut av SUS Våland, er flytta heim, til kommunane, til sjukeheim eller andre former for hjelp i kommunane. Det er dei aller sjukaste som ligg igjen. Og blant dei er det terminale pasientar som kanskje kan døy undervegs, har SUS-topp Lena Heimvik sagt til RA Stavanger.
Det inneber at somme pasientar ikkje kan pusta utan hjelp, andre er medvitslause, mens nokre pasientar snart kan døy.
– For sårbare pasientar er jo det å bli flytta ei belasting. Det er ikkje noko ein ønsker. Heldigvis er transporten veldig kort, men belastninga vil uansett vera til stades. Derfor gjer me alt me kan for å unngå at belastninga skal bli større enn det som er nødvendig.
Historisk hending
– Me har masse ressursar på plass og eit utruleg godt samarbeid både med kommunane og frivillige. Det gjer at me er veldig godt rusta for å gjera denne jobben. Det er jo ei spent stemning, vil eg seia. Folk gler seg til å flytta, koma inn i eit nytt sjukehus og få ta del i denne historiske hendinga, sa Heimvik tidlegare i veka.
Ved hovudinngangen sundag står Thor-Arne Mall Thorkelsen, leiar for ambulanse, og dirigerer bilane som kjem frå Våland.
– Med gule og kvite ambulansar er me oppe i nokre og femti bilar. Beredskapen går som vanleg, så dette er ekstra bilar, som kjem i tillegg til dei vanlege ambulansane på sjukehuset, seier han.
Historisk hending
Odd Terje Kvål leier ambulanseinnsatsen til Norsk Folkehjelp – også han frå hjartelageret på Våland.
Folkehjelpa stiller med eit titals bilar til saman – tre er frå Klepp-avdelinga, to er frå Hå-avdelinga.
– Det er den eine gongen i livet me får oppleva dette, så då må me berre stilla opp, er tilbakemeldinga frå Kvål.
Røde Kors Hjelpekorps på Bryne og Nærbø deltar med éin ambulanse kvar, opplyser administrerande leiar på Bryne, Thomas Braut.
– Glad og rørt
Klokka 12:55 stadfesta SUS til NRK Rogaland at den siste inneliggande pasienten hadde forlate SUS Våland.
Totalt 192 pasientar er flytta, opplyser kommunikasjonsdirektør til Helga Strand Vestbø til RA Stavanger.
– Ting har gått akkurat som planlagt. Eg vil gje det terningkast seks, seier Kristian Strand, medisinsk ansvarlig for flyttinga.
RA Stavanger har òg snakka med Elias Høines i Ønsketransporten, som var med og køyrde den aller siste pasienten.
– Eg er glad og rørt, rett og slett! Det er jo stort å få vera med på noko slikt! Alt har gått så bra, seier han.
1500 involverte
Det same seier administrerande direktør Helle Schøyen i ei pressemelding.
– Alt har gått veldig fint, og me har heldigvis ikkje hatt nokre uføresette hendingar. Eg er utruleg imponert og takksam til alle som har bidratt både i forkant og under flyttinga.
Rundt 1500 personer har vore involverte i flyttinga; pleiebemanning på Ullandhaug/Våland, legar, vaktroller, portørar, vakt og sikring, vegvisarar, frivillige, ambulansepersonell, reinhald, stab- og støttefunksjonar, oppstartstøtteteam, flytterådgjevarar, flytteroller (utstyr og pasient), beredskap, lab og røntgen, med meir.
– Eg ønsker også å retta ein spesiell takk til kommunene som har gjort ein formidabel innsats inn mot flyttehelga. Dette har vore heilt avgjerande, seier Schøyen.