Ennå kan dei trilla ungane sine til helsestasjonen, dit alle barn skal minst 14 gongar i dei første 18 månadene. Oddbjørn Fossmark med tvillingane Lukas og Markus og Nikolina Helle med lille Emil og fem år gamle Emma, er begge svært kritiske til planar om å sentralisera helsestasjonen til Bryne.
Ennå kan dei trilla ungane sine til helsestasjonen, dit alle barn skal minst 14 gongar i dei første 18 månadene. Oddbjørn Fossmark med tvillingane Lukas og Markus og Nikolina Helle med lille Emil og fem år gamle Emma, er begge svært kritiske til planar om å sentralisera helsestasjonen til Bryne. Foto: Ingeborg Eliassen

Det tok ikkje lang tid før meldinga kom på Facebook-gruppa Kvernaland Vel onsdag, om at Time kommune vil legga ned Frøyland helsestasjon, før den hadde 34 kommentarar og 51 emoji-ar med gråtande eller sinte fjes.

«Har sluttet å la meg overraske av tåpelige prioriteringer/nedprioriteringer i Time kommune. Kverneland er og blir en utpost. Time kommune = Bryne. Kan de ikke bare gi «oss» til Klepp eller Sandnes. Det ville vært lettere å ha en helsestasjon i Sandnes enn på Bryne faktisk», skreiv ein.

Denne kjensla deler Nikolina Helle og Oddbjørn Fossmark, som for tida brukar helsestasjonen med kvar sine små. Begge bur i trilleavstand frå helsestasjonen, som ligg i lyse og luftige lokale i bygningsmassen som elles rommar dagsenter og velferdssenter for eldre.

– Vil ramma hardt

For Fossmark kom meldinga som ei negativ overrasking, mens Helle hadde høyrt rykte for nokre veker sidan.

– Ei slik flytting vil ramma småbarnsforeldre på Frøyland hardt, for denne helsestasjonen er ein sentral ressurs for nybakte foreldre. Viss den blir lagt ned, vil kvardagen bli svært mykje vanskelegare for mange, seier ho.

Når helsestasjonen har vore stengt, har det hendt at ho har brukt tenesta på Bryne.

Då har ho grudd seg, seier ho, for alle ungane hennar har skrike i bil den første tida. Lokala på Bryne er som å vera tilbake på 1980-talet, meiner Helle.

– Folka som jobbar der er verdas greiaste. Men det er ein plass der ein gjer det ein skal, og så går ein igjen. Her på Frøyland er det så fint at eg gjerne set meg ned og leiker med Emil. Her treff me òg andre foreldre og får eit nettverk, seier ho.

På helsestasjonen på Bryne tar helsesekretær Veronica Forsberg Bjelland imot foreldrer og barn frå eit glassbur ved sida av venterommet.
På helsestasjonen på Bryne tar helsesekretær Veronica Forsberg Bjelland imot foreldrer og barn frå eit glassbur ved sida av venterommet. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Time kommune er i hardt økonomisk vêr. For fjerde år på rad ligg det an til å bli brukt meir pengar enn det som er budsjettert i tenesteområda.

Samstundes får kommunen også reduserte skatteinntekter i år. Neste år og fram mot 2028 skal det sparast i drifta på alle frontar.

Dei folkevalde vil bli sett på tøffe val når dei skal bestemma kva og kven kutta skal ramma. I første omgang skal dei godkjenna framlegget til handlings- og økonomiplan for perioden 2025–28 i eit møte 10. desember.

Lokala på Frøyland er heilt ideelle som helsestasjon, meiner trebarnsmor Nikolina Helle, her med minstemann Emil og fem år gamle Emma. I denne saka bør kommunen prioritera småbarnsforeldre sine behov framfor kortsiktige økonomiske innsparingar, meiner ho.
Lokala på Frøyland er heilt ideelle som helsestasjon, meiner trebarnsmor Nikolina Helle, her med minstemann Emil og fem år gamle Emma. I denne saka bør kommunen prioritera småbarnsforeldre sine behov framfor kortsiktige økonomiske innsparingar, meiner ho. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Skjebnen til helsestasjonen på Frøyland kjem ikkje opp i dette møtet, får Jærbladet opplyst av kommunen.

Denne saka handlar i utgangspunktet om bruken av kommunens bygningsmasse og vil bli lagt fram som ei eiga politisk sak når den er klar, ifølge kommunalsjef Anne-Kristin Gangenes.

Det blir truleg i første kvartal av 2025. Konkret handlar den om at det er behov for større kapasitet på omsorgssenteret som helsestasjonen ligg vegg i vegg med.

Det blir flytting

Nett kor helsestasjonen hamnar, er ikkje ennå gitt. Men den må ut av dagens lokale, bekrefter Gangenes, som er kommunalsjef for samfunn.

«Administrasjonen arbeider nå med å finne ny lokasjon til helsestasjonen på Kvernaland. Det blir i dette utredningsarbeidet sett på ulike alternative løsninger både på Kvernaland og på Bryne», skriv ho i ein e-post.

– Stemmer det at det finst alternative lokale på Frøyland, men at det er uaktuelt fordi det må pussast opp?

«Utredningsarbeidet er i en tidlig fase med kartlegging av muligheter. Vi har derfor ikke klare konkrete opplysninger på nåværende tidspunkt», svarer kommunalsjefen.

– Korfor skal ein legga ned noko som fungerer så bra? Korfor kan i så fall ikkje folk på Bryne komma hit, framfor at alle andre skal måtta reisa til Bryne, seier Oddbjørn Fossmark på Frøyland. Helsestasjonen han og tvillingane Lukas og Markus går til i nærområdet, er gull verdt for bygda, meiner han.
– Korfor skal ein legga ned noko som fungerer så bra? Korfor kan i så fall ikkje folk på Bryne komma hit, framfor at alle andre skal måtta reisa til Bryne, seier Oddbjørn Fossmark på Frøyland. Helsestasjonen han og tvillingane Lukas og Markus går til i nærområdet, er gull verdt for bygda, meiner han. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

– Korfor ikkje slusa alle til Frøyland?

Det er meiningslaust å fjerna eit tilbod som fungerer så godt som Frøyland helsestasjon, meiner Oddbjørn Fossmark.

– Viss det skal sentraliserast, korfor kan ein ikkje heller slusa Bryne-folk til den mykje trivelegare helsestasjonen på Frøyland?

Kommunalsjefen svarer: «Fordi lokasjonen som helsestasjonen skal flytte ut fra, er et omsorgssenter som skal utvides til dette formålet».

Det ligg altså an til at dei yngste må vika for dei eldste.

Men på Frøyland helsestasjon har det vore eit stort pluss å ha eldre og babyar under same tak, meiner helsesekretær Veronica Forsberg Bjelland, som jobbar både på helsestasjonen på Bryne og på Frøyland.

– Me ser kva det gir dei gamle å sjå små barn. Før kom dei inn og prata med foreldra og ungane, men i pandemien blei det stengt av, og nå går dei og tappar på ruta og vinkar. Foreldra synest det er koseleg å få vist fram ungane sine, seier Bjelland.

Er dette perspektivet – verdifulle mikro-møte mellom generasjonane – med i planarbeidet til kommunen? spør Jærbladet kommunalsjefen.

«Kommunen ser de positive sidene ved en samlokalisering på tvers av generasjoner, men hovedutfordringen her er det presserende behovet for flere omsorgsplasser», svarer ho.

Frøyland helsestasjon
Frøyland helsestasjon Foto: Foto: Privat

To bussar til dagen

Helsestasjonen på Bryne er den travlaste i kommunen. Der tar helsesjukepleiarane seg av rundt 150 nyfødde kvart år, mot knappe 50 på Frøyland og 20 på kommunens tredje helsestasjon, som ligg på Undheim, men som har vore midlertidig stengt ein periode.

Trenden er at helsestasjonar blir sentralisert, ifølge Marianne Nesbø, som er sjef for helsestasjonane i Time.

– Men Stavanger og Sandnes har gode kollektivsystem med hyppige avgangar. Sånn er det ikkje i Time, her er folk mest nøydde til å ha bil – elles må dei gå. Det er sunt å gå, men mellom Kvernaland og Bryne sentrum er det åtte kilometer, seier ho.

Både Helle og Fossmark har bil og kan komma seg til Bryne om dei må, sjølv om det vil bli meir «stress og oll».

Ved helsestasjonen på Frøyland er det gratis parkering, mens det ved helsestasjonen på Bryne er eit par plassar rett utanfor og elles plassar med parkeringsavgift litt lenger oppi bakken.

Dei få plassane rett utanfor er stort sett opptatt, ifølge Veronica Forsberg Bjelland.

Men bil har ikkje alle, og svært mange har i alle fall ikkje to, seier Fossmark og Helle. Busstilbodet mellom Kverneland og Bryne er ikkje mykje å basera seg på. – Rute 53 har to avgangar til dagen kvar veg, seier Fossmark.

Alternativet er å ta buss til Øksnavadporten – eller spasera dit på ein dryg halvtime – for å komma seg på eit tog til Bryne.

Folketalet skal auka mest på Kverneland

Fram mot 2036 er prognosen at Time vil få om lag dobbelt så mange innbyggarar over 80 år. Det trengst fleire omsorgsbustader og fleire sjukeheimsplassar.

Men i dei same åra vil kommunen også få fleire barn, trur dei som lagar framskrivningane. Og den største relative auken i folketalet vil Kverneland få, med over 22 prosent fleire innbyggarar enn i dag. Rett bak kjem Lye og Bryne.

– Me flytta til Frøyland i 2013, og det har vore ein god plass å ha barn på. Helsestasjonen er heilt avgjerande i den første fasen, meiner Nikolina Helle.

Jærbladet har spurt kommunalsjefen om dette.

«Erfaringsmessig så ser kommunen at det er flere faktorer som påvirker hvor familier velger å etablere seg. Hvilke tjenester eller fasiliteter som er viktigst, vil variere fra familie til familie, eksempel utover helsestasjon kan være nærhet til jobb, familie/nettverk, skole og barnehage», skriv Anne Kristin Gangenes.

Vil ikkje ha kommunedirektørens løysing

Helsestasjonane ligg administrativt under oppvekst-avdelinga, der kommunalsjefen er Pamela Sudmann.

Det er lett å forstå at foreldre på Frøyland er bekymra, seier ho.

– Frøyland helsestasjon er eit godt tilbod, nær der folk bur. Det er alltid vanskeleg å mista noko og få eit dårlegare alternativ. Men me er nøydde til å tenka på kva ressursar me har, og nokre omsyn må kanskje vika. Det er det som er ringt i desse sakene, seier ho.

I framlegget til handlings- og økonomiplan står det at oppvekst skal kutta seks millionar kroner i driftsbudsjettet for 2025, endå meir i dei to neste åra, og ha spart i alt 30 millionar i 2028, mykje ved å kutta i stillingar. Til saman skal kommunen spara 63 millionar kroner på drift til 2028.

Kommunedirektør Trygve Apeland har éit framlegg til løysing som kan gjera den dramatiske omstillinga lettare i denne og andre sektorar i åra framover: Eigedomsskatt på fem promille frå neste år. 323 av Norges 357 kommunar har slik skatt, anten på bustad og fritidsbustad, på næringseigedom – eller på begge.

I Time kan eit slikt grep henta inn 60 millionar kroner i året, som kan bidra til å halda oppe velferdsteneste som elles kan bli kutta.

Verken Fossmark eller Helle er entusiastiske over den ideen.

– Me er i ein god posisjon og kan fint betala eigedomsskatt. Men eg er uroleg for mange andre, seier Nikolina Helle.